Det seier han når NRK spør om han kan utdjupe det han sa til Aftenposten den gongen.
Eirik Verås Larsen er dobbel OL-gullvinnar, med siger i K1 både i Aten i 2004 og i London i 2012. No er han tilsett som fagkonsulent i Olympiatoppen.
– Eg kan dessverre ikkje seie så mykje om det. I vår organisasjon må vi ta den diskusjonen internt, og eg får ikkje lov til å uttale meg om det.
– Tidlegare har du sagt at Idrettsforbundet og Olympiatoppen burde vore skilt. Kan du utdjupe det?
– Det kan eg dessverre ikkje. Eg kan ikkje seie noko om det lenger.
– Påmint om spelereglane
– Har du fått munnkorg?
– Eg har blitt påminna om dei spelereglane som vi har i Olympiatoppen, så derfor vert det dumt av meg å seie meir, seier Larsen til NRK.
Idrettspresident Tom Tvedt vil ikkje ta ansvar for munnkorga.
– Eirik Verås Larsen er tilsett i Olympiatoppen, og får ikkje snakke med NRK om denne debatten, kvifor ikkje?
– Det må du spørje Tore Øvrebø om, det er ikkje kjent for meg.
– Kva syns du om det?
– Eg er sikker på at Erik og dei på Olympiatoppen har gode diskusjonar internt, akkurat som du har med din arbeidsgjevar, så dette går nok bra, seier idrettspresidenten.
– Kan uttale seg berre om faget
Toppidrettssjef Tore Øvrebø forklare kvifor Verås Larsen ikkje får uttale seg om organiseringa av toppidretten.
– Eirik kan uttale seg om det som har med faget hans å gjere, men idrettspolitikk ligg andre stadar i organisasjonen. Han har mange høve til å uttale seg om kvar han meiner skoen trykkjer fagleg i dei idrettane han har kunnskap om, seier Øvrebø til NRK.
– Disponering av ressursar er ikkje hans bord?
– Det ligg ikkje til hans rolle i organisasjonen å ha meiningar om offentleg. Internt står han fritt til å komme med innspel, men vi har ei rollefordeling, og den må vi halde fast ved, seier Øvrebø.
– Open debatt internt
Han har ikkje noko imot ein open debatt om satsinga i idretten.
– Vi vil ha ein open debatt internt om korleis vi skal finne vegen vidare, men vi må stå saman som ein organisasjon og halde orden på kven som uttaler seg om kva i ein krevjande situasjon.
– Dette er heilt parallelt med ein kvar annan organisasjon, anten det er ein bank, rikskringkastinga, TV 2, VG, Aftenposten, eit sjukehus eller kva som helst, så er det rutinar på kven som uttaler seg om kva offentleg. Det er ikkje noko unikt i idretten, det er heilt parallelt med ein kvar annan organisasjon. Eirik har ein stor kunnskap om toppidrett, seier Tore Øvrebø.