For tvillingane har valt same karriereveg: fotballen. Og no spelar dei begge to på det øvste nivået i Noreg.
– Vi har pusha kvarandre heile vegen, og vi har alltid hatt ein treningspartnar, seier Camilla om korleis dei begge har teke seg til toppen av norsk fotball.
Etter ein snartur til svensk fotball er Camilla nemleg tilbake i Toppserien. Dermed ventar det ei ny oppleving på kvinnene, som for første gong skal spele mot kvarandre i ein teljande kamp når Stabæk møter Vålerenga.
KAMP: Søstrene Linn og Camilla Huseby yppar med kvarandre før onsdagens kamp.
– Det blir veldig rart, seier Vålerenga-spelar Camilla.
– Og gøy, veldig gøy, legg Stabæk-spelar Linn til.
Tvillingane spelte mot kvarandre i ein treningskamp før sesongen, ein kamp Camilla og Vålerenga gjekk sigrande ut av 3–2. Men møtet i Toppserien blir noko heilt anna.
– No er det alvor. Vi spelar om poeng, så det blir jo litt annleis, seier Camilla.
Byrja i hagen
Eventyret byrja då tvillingane var rundt seks år gamle. Då spelte dei fotball i hagen med storesøster og venane hennar heime i Ås.
– Men etter kvart ville dei ikkje spele med oss meir. Vi var for gode og dei synest vi var veldig irriterande, forklarar Linn og ler.
PÅ LAG: Camilla og Linn spelte på lag for Ås, Kolbotn og Lyn. Her frå tida i Ås.
Foto: PrivatTvillingane har alltid vore så like at andre har slitt med å sjå kven som er kven, faktisk i den grad at dei greide å lure læraren sin då dei gjekk på skulen.
– Vi hadde lyst å gjere det for gøy, og for å sjekke om læreren kom til å merke det om vi bytta klasse. Han hadde nemleg sagt ei god stund at han kom til å merke det dersom vi prøvde. Men det gjorde han altså ikkje, he-he, seier Camilla.
Dei har så langt ikkje forsøkt å gjere det same på fotballbana.
– Men vi trur at trenarane hadde tatt feil av oss, sidan dei berre kjenner ein av oss. Dei hadde merka det på posisjon og spelestil, men om dei berre hadde sett på utsjånaden, trur vi at dei kunne slitt i starten, seier Camilla.
Som små spelte tvillingane med gutelaget til Ås, då det ikkje var eit jentelag der. Og då jentelaget kom, haldt dei fram med å spele på begge laga.
– Vi skulle vere med på alle turneringar og alle kampar for begge laga. Alt byrja i Ås, seier Camilla.
Sidan har dei spela saman i Kolbotn og Lyn, før tvillingane gjekk kvar sin veg. Camilla gjekk til svenske Djurgården, medan Linn drog til Røa.
– Vi har gått litt ulike vegar dei siste åra, men vi prøvar heile tida å gjere val som er riktige for kvar av oss uavhengig av kva den andre gjer, seier Linn.
Denne sesongen er dei begge tilbake i Toppserien, men for kvar sin klubb. Camilla i Vålerenga, Linn i nyopprykte Stabæk.
– Alt er ein konkurranse
Så langt denne sesongen har Vålerenga vore nær ustoppelege, og står med fem av fem sigrar. Medan Stabæk står med fire poeng på like mange kampar. No håpar Linn at ho kan vere med på å stoppe sigersrekkja til søstera.
– Eg skal gjere det eg kan for at vi skal vinne. Vi skal spele vårt spel og rett og slett banke dei, seier ho.
Men det er nok ikkje berre Linn som skal gjere alt ho kan for å vinne. For er det ein ting tvillingane har mykje av, så er det konkurranseinstinkt.
– Alt er ein konkurranse. Det er heilt forferdeleg når vi spelar Ligretto, seier Linn medan ho ler.
– Mot kvarandre er vi dårlege taparar, legg ho til.
Og skal Linn, som er den offensive av dei to spelarane, overliste tvillingsøstera si på vegen mot poeng, så må ho nok tenkje nytt.
– Vi har trena med kvarandre i mange år, så eg veit kva finte ho gjer, ler Camilla.
– Du veit det? Ja, men då får eg finne på noko nytt, svarar Linn.
Uansett kven som eventuelt skulle gå ut av kampen som vinnar, kan det bli ein stille biltur heim frå Nadderud. Dei to bur saman, men ved eit tap fryktar dei at det kan bli ein del surmuling, og elles lite snakk.
– Men det har aldri skjedd før, så vi får berre sjå korleis det blir, seier Camilla.
- NRK sender Sandviken - LSK frå klokka 17.45 onsdag. Den kan du sjå her eller på NRK2.