Sveitsiske Silvan Dillier vann avslutningsetappen i Narvik, men det var Taaramäe som kunne juble høgast til slutt.
Dillier vann den fjerde etappen føre Katusjas Ilnur Zakarin frå Russland med Taaramäe inn på ein tredjeplass.
– Det er det første løpet eg vinn i år, og det føles fantastisk, seier Silvan Dillier i eit intervju vist på TV 2.
Boasson Hagen utanfor pallen
Nordmannen Sven Erik Bystrøm rulla inn til ein sterk fjerde-plass etter at han rykka frå resten av hovudfeltet fem kilomter før mål. 23-åringen kom inn 40 sekund bak teten.
– Dette var ei positiv oppleving for meg, formen er på veg før VM, seier Bystrøm til TV 2 like etter løpet.
Bystrøm blei lyspunktet då både Alexander Kristoff og Edvald Boasssom Hagen ikkje klarte å bli med heilt inn på den siste etappen.
En gruppe med Odd Christian Eiking (7.-plass) og Edvald Boasson Hagen (10.) hamna 42 sekunder bak vinnaren i mål
– Det var et bra taktisk løp, litt synd at Zakarin ikkje vant. Mi oppgåve var å halde gruppa bak i sjakk. Eg gjekk dessverre litt seint på sisterunden og eg hadde ein del krefter igjen, sa Bystrøm til TV 2.
Kristoff tok den grønne poengtrøya
Boasson Hagen blei beste norske sammenlagt på fjerdeplass. Han frykta den tøffe avslutninga på førehand og fekk rett.
– Vi visste på førehand at avslutninga var hard. Det blei for tøft, men eg prøvde det eg kunne, sa Boasson Hagen.
Belgiske Ben Hermans var favoritt til å vinne samanlagt før den siste etappen, men fekk mekanisk trøbbel med sykkelen, og dermed opna vegen seg for Rein Taaramäe.
Alexander Kristoff vant den grønne poengtrøya under Arctic Race of Norway.