Hopp til innhold

Stortalentet tok spesielle grep – då måtte foreldra dra i bremsen

Signe Gaupset var så vidt fylt ti år då ho byrja å systematisere treningskvardagen. Det set ho pris på i dag.

Hjemme hos Signe Gaupset

UVANLEG DEDIKERT: Signe Gaupset brukte nesten all fritid i barndommen på å spele fotball, og ho var tidleg ute med å systematisere treninga.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Ada Hegerberg sine gamle fotballsko, «Banens beste»-utmerkinga frå cupfinalen og eit A4-ark med vaskeinstruksjonar er blant tinga på soverommet til Signe Gaupset.

– Hehe, det laga mamma og eg då eg flytta hit, for eg måtte jo lære meg å vaske klede, forklarer 18-åringen litt flau, før ho viser oss vidare rundt i hybelen sin.

Her, eit steinkast frå Brann Stadion, har ho budd sidan ho flytta frå foreldra i Molde for to år sidan. Det var då ho verkeleg starta fotballsatsinga, sjølv om ho visste at ho skulle bli proff lenge før det.

Vaskelista til Signe Gaupset

VASKELISTA: Det er ikkje berre berre å flytte for seg sjølv når du akkurat har fylt 16 år. Då kjem vaskelista frå mamma godt med.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

«Ekstremt ivrig»

For Signe Gaupset er ikkje heilt som alle andre fotballspelarar i Toppserien.

Ifølgje trenaren hennar i Brann har ho «eit målmedvit som ikkje er heilt normalt». Og det er nettopp det målmedvitet, frå veldig tidleg alder, som gjorde at ho herja i cupfinalen og fleire Toppseriekampar i ein alder av 17.

– Eg er ikkje superoverraska heller, over at ho har teke dei stega ho har gjort, fordi ho vore veldig dedikert i veldig mange år, seier pappa Ketil Gaupset.

Facetime med Ketil Gaupset

DAGLEG KONTAKT: Signe Gaupset videochattar med foreldra kvar dag. Her pratar ho med pappa Ketil Gaupset.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Vi snakkar med han på FaceTime, slik han og dottera gjer så å seie kvar einaste dag. Han er naturlegvis frykteleg stolt, og forklarer at Signe var «ekstremt ivrig» i barndommen, kanskje litt i overkant.

– Vi var nok der at vi heller måtte bremse henne enn å pushe henne. For ho drog jo på fotballbanen når ho hadde fri. Ho drog på morgonen og kom heim på ettermiddagen og åt middag, og så drog ho på trening på kvelden.

Treningsmengda var éin ting, men ho var så systematisk òg. Allereie som tiåring byrja ho å skrive ned alt ho gjorde av trening, med og utan ball.

– Det var ganske tidleg, men det viste seg jo allereie då at eg synest det var gøy og spennande å følgje med, og at eg var oppteken av trening, forklarer ho.

Hjemme hos Signe Gaupset

MERITTERT: Sjølv om ho nettopp har bikka 18 år er det få på hennar alder som kan vise til alle titlane og prisane Signe Gaupset har vunne.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Mista mange kampar

Treningsdagbøkene har følgt henne sidan då, og har vore viktige for å finne ut kva som fungerer og ikkje.

Ekstra viktige har dei vore dei siste månadene.

For like før sesongstarten vart ho skadd. Eit trøyttleiksbrot i foten viste seg å vere meir alvorleg enn anteke, og den utolmodige Brann-spelaren vart sitjande på sidelinja dei 14 første serierundane.

– Det er jo tungt og irriterande, for du har jo lyst til å spele og bidra, seier ho.

Men ho har trena godt, med sykkelintervall, springing i basseng og styrketrening, og alt er sjølvsagt notert i treningsdagboka.

– Det er veldig greitt å loggføre så eg ser undervegs, men etterpå òg, kor mykje innsats eg har lagt ned. For viss eg får ein skade igjen så kan eg sjå på korleis eg trena no og om det fungerte. Om eg kjem tilbake i god form, eller om eg må gjere endringar til neste skadeperiode. Så eg tenkjer det er ganske smart eigentleg.

Treningsdagboken til Signe Gaupset

TRENINGSDAGBOKA: Gaupset har ikkje tal på kor mange treningsdagbøker ho har skrive ut opp gjennom åra.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Lovprisar spelaren

Trenar Knut Slatleim er letta over at Gaupset endeleg er skadefri og kan spele kampar igjen. Han beskriv henne som «ein av dei meir spennande spelarane ein har sett i Noreg på ei stund» og forklarer at ho er veldig vaksen i spelestilen trass hennar unge alder.

Derfor er han heller ikkje overraska over å høyre at ho har jobba målretta og skrive treningsdagbøker sidan 10-årsalderen.

– Er det nokon som skulle gjort det, så overraskar det meg ikkje at det er Signe, nei. Det viser eit målmedvit som ikkje er heilt normal, som ein òg kan sjå når ein jobbar med henne i ein rehab-periode. Så er det jo òg ein grunn til at ho er der ho er, seier Slatleim.

NM-finale i fotball 2022 mellom Brann og Stabæk.

BANENS BESTE: Gaupset storspelte i cupfinalen i fjor og sørgde for to skåringar for Brann.

Foto: Annika Byrde / NTB

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal