Men dei skværa opp med «ein god middag og god drikke» på byen i romjula – no skal dei jobba saman igjen i Vålerenga - der dei denne veka starter sesongoppkøyringa og eit tilvære som Obos-klubb den kommande sesongen.
Dei hadde vore kompisar i 35 år. Og jobba som trenarar saman i Lillestrøm sidan 2020-sesongen, som enda med opprykk frå 1. divisjon.
Men i juli i fjor sommar small det.
Geir Bakke (54) valde å forlata LSK til fordel for erkerivalen Vålerenga. Også for Bakkes høgre hand kom nyheita som eit sjokk.
– Jeg synest det var uakseptabelt det som skjedde – eg blir sett i offside, for å bruka eit fotballpråk, seier Petter Myhre (51) openhjarta til NRK.
Petter Myhre er glad for å vera tilbake i jobb som trenar i Vålerenga.
Foto: Ingvill Sunnby / NRKHan fortel at forholdet mellom dei vart «veldig anstrengt».
– Det gjekk fleire månader før me fekk sett oss ned og snakka ut om ting. Og det var me gjorde igjen før eg skreiv under for Vålerenga. Når tilbodet kom opp så tok me oss ein ny prat – for å sjå om det var liv laga, seier Petter Myhre.
Siem formidla tilbodet
Rett før jul kom førespurnaden frå Vålerenga – formidla av arbeidande styreleiar i Vålerenga Fotball AS, Kjetil Siem. Etter eit ønske frå Bakke.
Då fann Myhre og Bakke ut at dei måtte snakka saman endå ein gong.
– Så er det sånn med menneske du er nære då – at å snakka om ubehagelege ting, er ikkje så lett. Så me tok oss ein god middag. Med noko godt å drikka til. Då vart det litt lettare, hehe. Og så fekk me skværa opp. Og komme oss vidare. Men det var tøffe samtalar, seier Petter Myhre.
Geir Bakkes overgang til Vålerenga i juli i fjor sjokkerte mange. Og sette også vennskapen til Petter Myhre på prøve.
Foto: Geir Olsen / NTBGeir Bakke på si side formulerer seg slik:
– Eg oppfattar ikkje dei samtalane som veldig tøffe. Men eg opplever det som at begge har fått snakka ut om korleis me har opplevd situasjonen. For min del opplevast ikkje det som tøft, men ærleg. Det er heilt innanfor. Og då veit ein litt kva den andre tenkjer. Det er jo ingen av oss som er tankelesarar. Me har vore kompisar i 35 år. Så er det greitt å vita kva den andre kjenner på, tenkjer og kjenner. Det har me fått gått igjennom, og så køyrer me på vidare.
– Rett tidspunkt
Bakke svarer slik på det Myhre oppfatta som «uakseptabelt»:
– Eg kjende det var rett tidspunkt for meg å dra. Og at me byrja å stanga litt i veggen, og eg opplevde at det var eit rett tidspunkt for meg å forlata Lillestrøm og prøva noko nytt, samtidig som spelargruppa og Lillestrøm kanskje trong eit nytt fjes inn, seier Bakke.
Om middagen på byen seier Bakke:
– Det er klart når ein sit under fire auge og får snakka ut om kva ein tenkjer, kjenner, opplever – så får ein komme i mål på ein del ting. Det var veldig forløysande, synest eg, seier Geir Bakke.
Myhre utan jobb i fleire månader
Petter Myhre vart løyst frå kontrakten med LSK – ein avtale som gjekk ut 2027-sesongen. Og enda opp utan jobb i fleire månader, ved sida av nokre få ekspert-oppdrag for TV 2.
Slik markerte Lillestrøm-fansen Geir Bakke retur til Åråsen.
Foto: NTBDet synest Geir Bakke er vemodig.
– Samtidig så er det ikkje slik at me hadde ein felles kontrakt. Han hadde ein arbeidsavtale. Og eg hadde ein arbeidsavtale. Korleis Lillestrøm valde å løysa det i etterkant, er på ein måte ikkje mitt ansvar, seier Geir Bakke.
Men Myhre fekk god tid til å tenkja, om ikkje anna.
– Eg har brukt tre-fire-fem månader på å grubla på om eg ønskte å jobba som trenar eller velja eit anna yrke. Og så fall eg ned på at den moglegheita eg fekk no i Vålerenga ønskt eg å ta.
Det er Geir Bakke glad for. No skal dei saman prøva å ta Vålerenga rett opp i eliteserien på første forsøk.
– Petter er ein fantastisk god fotballtrenar og ein god fagmann.
Og no også ein god venn igjen.