Ståle Solbakken er kjent som ein mann med sterke meiningar. Ikkje berre i fotballverda, men også i det politiske landskapet. No går FC København-trenaren hardt ut mot resultatet av det danske valet i førre veke.
– Katastrofe er ikkje ein gong eit dekkande ord. Det er forferdeleg, seier han til Ekstrabladet.
LES SAKA: De blå har vunnet valget
Dansk folkeparti blei den store valvinnaren og blei for fyrste gong landets største parti. Svært bekymrande, meiner Solbakken.
– Det dei står for strider mot alle mine grunnprinsipp. Eg trur det vil skade Danmarks rykte utanfor landets grenser, seier trenaren som skulle ynskje både Danmark og Noreg hadde eit anna syn på integrering.
– Spesielt når eg ser på det mangfaldet me har i troppen vår og korleis det fungerer på og særleg utanfor banen. Eg synest alt handlar om å vere open og diskusjonen bør heller gå på korleis me tilrettelegger. For det er plass til alle, meiner 47-åringen.