Hopp til innhold

Snakkar ikkje med svenskane: – Har ikkje tru på å bli vennar med fienden

Kristine Stavås Skistad har fått bank av svenskane i to av to sprintar denne sesongen. Når ho får spørsmål om ho snakkar med rivalane, er svaret kontant.

Ruka Nordic Opening 2023

SVENSK DOMINANS: Jonna Sundling og Emma Ribom (frå venstre) var framfor Kristine Stavås Skistad det første rennet i år. Sundling stod over sist helg, men Ribom sørgde for svensk triumf igjen.

Foto: Heikki Saukkomaa / NTB

– Nei.

– Kvifor ikkje det?

– Eg har ikkje tru på å bli vennar med fienden.

– Har nokon av dei snakka med deg nokon gong?

– Ikkje så mykje.

– Kor mykje dyrkar du det fiendebiletet?

– Nei ... Eg trur det er viktig. Det er viktig for meg i alle fall. Det triggar meg, seier Skistad til NRK.

Kristine Stavås Skistad

POPULÆR: Kristine Stavås Skistad i intervju med Dagbladet i eit kjølig Trondheim.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Skistad vann dei fem siste verdscupsprintane sist sesong – og påførte svenskane eit audmjukande nederlag i Falun. Denne sesongen er rollene snudde.

Rivalen: – Kjedeleg

Konnerud-sprintaren skal prøve å slå tilbake etter å ha vorte sett på plass av Emma Ribom i Ruka og Östersund.

Torsdag morgon trente dei side om side i neste sesong sine VM-løyper i Trondheim. Då økta var over møtte ein sedvanleg kortfatta Skistad med NRK.

– Å bli slått av svenskar ... Det er det som blir merka, seier Skistad, som hevdar ho ikkje har nokon som helst oppfatning om korleis dei snakkar om henne.

Nettopp Ribom vart trekt fram som den største trusselen fredag. Svensken synest det var kjedeleg å høyre utspelet til den norske rivalen sin.

Emma Ribom

SPRINT-ESs: Emma Ribom har briljert på dei to sprintane hittil i sesongen. Ho ha rikka noko imot å bli betre kjent med den norske rivalen sin.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Eg synest ikkje vi er fiendar på den måten. Eg ville synest det var kult å bli betre kjent med Kristine. Det var litt kjedeleg at ho synest, seier 26-åringen frå Kalix til NRK.

Inviterer på løpetur og kaffi

Linn Svahn vart nummer tre i Östersund, like bak Skistad. Ho inviterer Skistad med på løpetur.

– Vi snakka om det i går at vi synest det er kjedeleg ... Det har kanskje vorte litt slik etter covid, men det er trist at det ikkje er så mykje kontakt på tvers av grensene, seier Svahn til NRK.

– Eg trur ikkje vi har så mykje kontakt på tvers av laga, men om ho hadde ville bli med og prata eller å ta ein løpetur, så hadde ikkje eg sagt blankt nei, flirer Svahn.

Les også Karlsson-trenar åtvarar – fryktar at sjuke utøvarar kjenner seg tvinga til å konkurrere

Frida Karlssomn og trener Per Nilsson

Frida Karlsson meiner det er greitt å vere litt fiendar i sporet, men at det er viktig å leggje det til sidan etter konkurransane.

– Eg tenkjer ein kan vere litt av og på.

– Er du open for å snakke med henne?

– Ja, det er berre å komme og ta ein kaffi, smiler Karlsson til NRK.

  • Sprintduellane mellom Skistad og svenskane kan du sjå på NRK 1 og NRK TV fredag 15. desember frå klokka 09.50.
Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Ruud suveren da han sikret årets andre tittel

    Casper Ruud vant finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt i søndagens finale mot franske Ugo Humbert.

    Nordmannen vant i strake sett (6-2, 6-3).

    Det er Ruuds 14. tittel i karrieren, men hans første på innendørs hardcourt.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Nils Petter Nilsson / TT / TT / NTB
  • Ronny Deila ferdig som trener i Atlanta United

    Ronny Deila (49) får ikke fortsette i Atlanta United. Han har slitt med å få resultater etter MLS-comebacket.

    Klubben bekrefter avgjørelsen på sine nettsider. Deila avsluttet grunnserien i MLS med å spille 1–1 mot DC United natt til søndag.

    Deila hadde kontrakt til og med 2027-sesongen, men nå er samarbeidet over etter én sesong. Under telemarkingen hadde Atlanta United sin verste seriestart siden Georgia-klubben begynte å spille MLS-fotball i 2017.

    Motgangen kom selv om profiler som Emmanuel Latte Lath og Miguel Almirón ble hentet før sesongen.

    Deila mistet jobben etter sesongavslutningen søndag. (NTB)

    en mann med hånden på ansiktet
    Foto: LEONARDO FERNANDEZ / AFP / NTB
  • Nordmann med sølv i 24-timers VM i Frankrike

    Jo Inge Norum (48) løp 285 kilometer i løpet av de 24 timene i VM i Frankrike, noe som holdt til VM-sølv og ny nordisk rekord.

    – Det føles veldig, veldig bra. Det var bedre enn forventet. Jeg forventet kanskje topp 10 opprinnelig, men så spiste jeg meg stadig innpå underveis, sier en litt sliten men fornøyd Norum til NRK.

    – Det er kjempestort. Han setter jo ny norsk rekord og i tillegg ny nordisk rekord, sier lagleder Lars Erik Gylland.

    Ukrainske Andrii Tkachuk løp 294 kilometer og sikret seg gullet. Finske Jonka Matti tok bronsen med to kilometere kortere distanse enn Norum.

    I kvinneklassen ble Ida Slorafoss beste norske kvinne med 240 kilometer og en 9.-plass.

    Jo Inge Norum jubler for VM-sølv.
    Foto: Aina Nygård / Aina Nygård

Sendeplan

Kl. Program Kanal