Morten Djupvik gir seg som skiskyttar-sjef
Morten Djupvik gir seg som generalsekretær i skiskyttarforbundet.
Djupvik sluttar i jobben i forbundet før jul, skriv Noregs Skiskyttarforbund i ei pressemelding.
– Det har vore fem svært givande år i skiskyttarmiljøet, med spennande utviklingsprosjekt, stor sportslege høgdepunkt og ikkje minst mange gode kollegaer og samarbeidspartnarar. Eg er takksam for moglegheita eg har hatt til å leie administrasjonen, og kjem til å følgje skiskyting vidare med stoltheit frå sidelinja, seier Djupvik.
Emilie Nordskar skal fungere som generalsekretær fram til ein erstattar er på plass.
Nordskar har sidan 2019 vore kommunikasjonssjef i skiskyttarforbundet.
Målet er å tilsette ein ny generalsekretær mot slutten av kommande sesong.