Skiskytarane har fått med seg at dei norske langrennsløparane dankar ut konkurrentane, og sørgjer for norsk gulljubel dag etter dag.
– Ja, dette er kjempeinspirerande. Eg er spesielt imponert over Marit som vinn så masse. Rett nok er ho favoritt, men som sjølv seier, så er det ikkje så lett å vinne som folk skal ha det til. Eg skjønar kva ho meiner, seier skiskytaren Tarjei Bø.
– Eg hadde grine eg og
Både Marit Bjørgen og Petter Northug imponerer Tarjei Bø. Han seier at konkurransen er kanskje tettare i herreklassen. Og han har fått med seg at Petter Northug måtte heilt i kjellaren for å hente opp dei siste kreftene under 30-kilometeren søndag.
– Dette viser dei ekstreme eigenskapane Petter Northug har. Klarer eg å gå så djupt i kjellaren, så skal eg meir enn gjerne grine eg også, seier Tarjei Bø.
– Satsar på VM-gull
Før sesongen hadde Tarjei Bø som mål å vinne eit verdscup-løp. Sesongen har til no gått over all forventning, og målsetjinga er oppjustert. No satsar han på å ta gull på den sibirske taigaen.
– Eg må jo oppjustere målet etter kva eg har sjans til. Eg har klart å få til gode løp tidlegare i år. Her har eg seks løp, og eg vonar eg skal få til eitpar verkeleg gode, seier ein offensiv Tarjei Bø til NRK.