– Det var ikkje heilt planen å gå viralt, men det er tydelegvis eit tema som engasjerer folk. Så det vart bra kok da, ja.
Det fortel kombinertløpar Kasper Moen Flatla til NRK. Han liker som mange andre nordmenn å nytte seg av skiløyper i skogen, og tidlegare denne veka la han ut ei melding på X, tidlegare Twitter, som skapte store reaksjonar.
«Kan nokon forklare meg kva som er så bra med å gå fottur i ny-køyrde skiløyper?».
«Kasper stikk handa inn i vepsebolet», kommenterte landslagskollega Espen Bjørnstad.
Og det vart etter kvart mange stikk tilbake mot Flatla.
«Fekk ein plutseleg trong til å gå fottur i alle skispora i nærleiken», skreiv ein.
«Marka er for alle, ikkje alle går på ski!» kommenterte ein annan.
– Nokre er samde, andre er usamde. Og så er det nokon som meiner at skigåarar er nokre rasshol. Det er mange usaklege folk på internett som kommenterer, fortel han om reaksjonane.
Overfor NRK fortel Flatla at han ikkje tok kontakt eller snakka med dei han såg i skiløypene tidlegare i veka.
– Handlar om folkeskikk
Flatla fortel at turgåarar i skisporet er eit irritasjonsmoment som dukkar opp kvar vinter. Han meiner at det store engasjementsnivået tyder på at noko må gjerast for at både skiløparar og turgåarar skal trivast i marka.
Anleggsrådgivar i Skiforbundet Marit Gjerland fortel at det ikkje finst noko regelverk for kven som kan opphalde seg i skiløypene og korleis dei blir brukte.
– Det handlar om folkeskikk, og om å ikkje gå i ny-køyrde løyper, meiner Gjerstad som uttaler seg på generelt grunnlag – ikkje om biletet teken av Flata.
– Folk tek seg til rette. Ein kan ikkje nekte folk å gå i løypene, men ein kan be om at dei går ved sida av i kanten. Det er ikkje eitt svar her, der ein kan setje to strekar under svaret.
Bør turgåarar få gå i skisporet?
– Kan oppstå farlege situasjonar
Som toppidrettsutøvar reiser Flatla mykje rundt til skistader i Europa. Han meiner Noreg har mykje å lære av korleis ein legg til rette for mosjonistar, både på ski og til fots.
– Vi er ein del på skirenn i mellom-Europa, og i Austerrike og Tyskland er dei flinke til å ha separate skiløyper og gangvegar, side om side, med klar skilting. Så kan ein ha fine stader for begge.
– Er det noko du ønskjer deg i Noreg også?
– Ja, absolutt. Og så er det klart det vil vere eit spørsmål om plass, men det kan leggjast betre til rette.
Han får støtte frå Gjerland, som poengterer at det er mogleg å lykkast med det same i Noreg.
– Til dømes i Tromsø, der har dei kjempebra tilrettelegging. Der er løypene breie, og er delt inn i fire felt. Både til turgåarar, ski og sykkel. Men dette er luksus, og ikkje noko ein kan forvente, seier ho.
For Flatla er det også eit spørsmål om tryggleik. Det går fort når skia blir spende på, og kombinertløparen vil nødig krasje med ein turgåar.
– Til dømes viss ein går midt i løypa og det kjem ein blind sving. Då kan det oppstå farlege situasjonar, meiner han.