Silje Norendal (27) har lenge vore ein av verdas beste snøbrettkøyrarar. Berre 21 år gammal vann ho sitt fyrste X-games-gull i Tignes. No står ho med fire. Det er det største ein kan vinne som brettkøyrar ved sida av OL.
Men karrieren har vore fylt med oppturar og nedturar. I februar pådrog ho seg eit alvorleg brot i leggen og fekk spolert resten av sesongen på grunn av det.
Til trass for at ho no er blitt betre, vel ho å leggje skoa på hylla. Norendal og ishockeyspelar Aleksander Bonsaksen ventar barn.
– Eg er gravid og klar for å starte et nytt kapittel utanfor toppidretten, seier Silje Norendal med tårer i auga til NRK.
VENTAR BARN: Silje Norendal og Aleksander Bonsaksen.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBEt vanskeleg val
Ho er både stolt og spent på kva framtida vil bringe.
– Eg er kjempeheldig. Eg hadde et fantastisk liv som toppidrettsutøvar og har oppnådd veldig mykje eg drøymde om som lita jente. Og no startar eit heilt nytt kapittel, seier ho.
Norendal fortel at ho bestemde seg allereie i sommar, men at det har vore mange tankar i ettertid. Snøbrett betyr så mykje at ho følte ho kom til å miste seg sjølv om ho gav seg.
I KJENT STIL: Silje Norendal med hua på hovudet.
Foto: ERWIN SCHERIAU / AFP– Det har vore veldig vanskeleg. Då eg snakka med mine næraste om å legge opp, har eg grine i ein time etterpå. Identiteten min er snøbrett. Viss du les i media, så les ein om snowboard-Silje, og om ein tek vekk snøbrettet, kven er Silje då?
– Det har eg slite med. Snøbrett betyr så mykje for meg. Familie, kjærast og venner har vore andreprioritet dei siste ti åra, seier Norendal.
Les også:
Ho seier at ho har hatt et privilegert liv.
– Eg har alltid sagt at eg er veldig heldig som har fått leve eit toppidrettsliv, men eg har òg sagt at eg gleder meg til det neste kapittelet, og føler at eg får to liv i eitt. Det er sjølvsagt vanskeleg å legge det vekk, men det å stifte familie har eg sett fram mot når det tidspunktet var riktig. Og no var det riktig. Det var et bevisst val frå vår side, seier Norendal.
– Litt rart
Norendal vedgår at ho er ganske nervøs på korleis det vil bli å vere mor.
– Eg gleder meg til å møte den som er inni magen, og gleder meg til framtida med han eller ho, men det er litt rart. Eg går rett frå fullt fokus på toppidrettslivet, til noko heilt anna. Det er mykje tankar om noko heilt nytt og spennande. Ein er ekstra følsam. Det å vere gravid har gjort prosessen enklare, men samstundes er eg full av hormon, seier Norendal.
JUBEL: Silje Norendal på podiet etter gullmedaljen i X-games i Hafjell i 2017. Norendal vann føre Julia Marino og Anna Gasser.
Foto: Geir Olsen / NTB– Syns du det er litt skummelt?
– Det blir ein stor kontrast når eg er vand til å reise verda rundt, til å no bli sittande heime litt meir. Men eg har mange spennande prosjekt på gang sjølv om eg skal bli mamma, avsluttar Norendal.
Nære band
Norendal har vore fast inventar på snøbrettlandslaget i mange år. Lagkameratane syns naturlegvis det er vemodig at Norendal no legg opp – og har difor spelt inn deira eigne, personlege helsingar til lagvenninna.
– Silje har vore ei syster for meg, heilt sida vi var 14 år og reiste til New Zealand. Vi har hatt så mange kule stunder saman, seier Ståle Sandbech.
Sjå helsingane frå Ståle Sandbech, Torgeir Bergrem og Marcus Kleveland her:
MYKJE KJENSLER: Ståle Sandbech, Torgeir Bergrem og Marcus Kleveland ynskjer Silje lykke til vidare.