Det var då regelendringa for kva som er tillate utstyr på seglbåten kom i 2021, at problema starta for Helene Næss og Marie Rønningen.
Fram til då hadde utstyret på seglbåten til duoen, ei tomannsjolle 49-er FX, tillate dei å ha ei lettare vekt. Men så vart det innført segl i karbonfiber – eit mykje stivare segl som genererte meir kraft, og dermed kravde meir tyngde for å kunne akselerere.
– Vi hadde ikkje så mykje å stå imot med, forklarer Marie Rønningen.
Løysinga var openberr: Dei måtte gå opp i vekt.
SKIFF: Helene styrer jolla og har ansvaret for strategi og taktikk på banen. Marie har ansvaret for segltrim og farten og ytinga til båten.
Foto: Thomas Guttormsen– Nesten litt for mykje mat
For å leggje på seg har Næss og Rønningen trena mykje med vekter. Og ete. Mykje.
– Vi er vel 13 kilo tyngre no, forklarer Næss og understrekar at det hovudsakleg er musklar dei har lagt på seg.
– Det er litt feitt òg, legg Rønningen til og ler.
Dei tidlegare europameistrane fekk hjelp av ein ernæringsfysiolog på Olympiatoppen for å kunne leggje på seg på ein sunn og forsvarleg måte. Fokuset låg på å ete det same som før, berre meir.
– Vi ville ikkje byrje å telje kaloriar, eller vege maten vår, seier Næss. Dei er heilt samde om det ikkje ville vore ei sunn tilnærming.
Duoen forklarer at det vart gjort enkle ting som å leggje på eit par ekstra osteskiver på brødskiva, ete nøtter mellom måltida, og byte lettprodukt med heil-versjonane som er meir feittrike.
– Og så kunne vi jo ete is eller godteri kvar dag, sidan det gav ekstra kaloriar. Så det har vorte ein del godteri på kveldane, seier Næss.
MYKJE MUSKLAR: Duoen har hatt tallause timar med styrketrening for å få båten til å gå fortare.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRKSkal kjempe om medaljane
Resultatet lét ikkje vente på seg. Motstandarane har vorte forbløffa.
– Dei er heilt sånn «kva har skjedd med dykk?»
Rønningen fortel om ei ekstrem endring. No skyt båten fart.
– Det er utruleg herleg å få igjen for arbeidet vi har lagt inn, og vi har fått masse skryt.
– Har det vore nokon negative sider ved å gå opp i vekt?
– Det er jo ikkje så kult å ta på seg dei buksene du vanlegvis pleier å gå i, og så er dei trongare og sit annleis, seier Rønning.
Ho er likevel klar på at det var ein vektoppgang med eit mål, og at han derfor er verd det.
– Det hadde vore mykje kjipare å sitje igjen etter OL og vore sånn: «Herregud hadde vi berre gått opp dei kiloa så hadde vi vore med å kjempe om medaljane».
Dei er ferdige med å gå opp i vekt. Men om vekta held seg, skal justerast eller droppast etter OL, er dei usikre på.
– No er målet å halde oss der vi er, det er jo litt prøving og feiling framleis. Det kan jo hende at forholda tilseier at vi til dømes må ned eit par kilo igjen inn mot OL, viss ein ser at det lønner seg, forklarer Næss.
– Men vektoppgangen er meint å vere permanent, legg ho til.
– Nødvendig
Duoen sin trenar Thomas Guttormsen, er òg svært fornøgd med resultata vektoppgangen har gitt.
– I fjor var dei blant laga som vog minst. Det gjorde at dei kjempa om medaljar når det var lite vind, men var blant dei dårlegaste når det var mykje vind. I år matchar dei feltet og dei beste, på alle forhold.
– Var vektoppgangen din forslag?
– Etter VM forstod vi alle at det var nødvendig, for å kunne prestere betre, seier Guttormsen og legg til:
– Vekta i båten skal jo vere kilo dei klarer å meistre, og det er mykje styrke og rørsletrening som skal til for at teknikken skal stemme overeins med auken av vekta. Det har dei klart, og no kan dei verkeleg sikte seg inn mot OL i 2024.