NRK Meny
Normal

Ronaldo: – Det er det du gjer på slutten av sesongen som gir trofé

Cristiano Ronaldo dominerte finalen og scora to gonger, kvar gong med rekord. Portugisaren har fleire mål i sluttspelet enn i gruppespelet i meisterligaen.

Cristiano Ronaldo

REKORDAR I FLENG: Cristiano Ronaldo scora både sin klubbs mål nummer 500 i meisterligaen og sitt eige mål nummer 600 i offisielle klubb- og landskampar

Foto: Carl Recine / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg førebudde meg godt til dette, og det er det du gjer mot slutten av sesongen som gir trofé, sa Ronaldo etter finalekampen.

– Zidane (trenaren) gav oss ein positiv peptalk i pausen og sa at han verkeleg trudde på oss.

– Det har vore ein heilt eventyrleg sesong for oss. Vi har vunne meisterligaen to år på rad, og eg scora to mål. Det har vi fortent, sa Ronaldo.

– Og det har eg fortent, fordi eg scora to mål og er toppscorar i meisterligaen, la han til.

Ronaldos fjerde triumf

Ronaldo vann meisterligaen for fjerde gong – tre med Real, ein med Manchester United.

– Eg snakkar med beina ute på bana. Folk som kritiserer meg, må bite det i seg. For igjen vann vi og var best, sa Ronaldo.

Ronaldo sette inn 1–0 etter 19 minutt av første omgang. Det var Reals mål nummer 500 i meisterligaen. Og etter 19 minutt i andre omgang sette han inn sitt eige mål nummer 600 for klubb og landslag (529 for klubbane, 71 for Portugal).

Han har scora total 105 mål i meisterligaen – 54 i sluttspelet, 51 i gruppespelet.

Og han er den første som har scora i tre meisterligafinaler.

– Komplett som målscorar

– At han scorar fleire i utslagskampane mot slutten enn i gruppekampane viser at han er best når det gjeld, og at han skil seg ut, seier NRKs ekspert Karl-Petter Løken.

– Ronaldo er komplett som målscorar. Han var heilt utruleg i kveld. Han er nøyaktig i alt han gjer og får stor utteljing, seier Løken om kveldens tomålsscorar.

Løken er forundra over kor mykje Juventus bleikna i andre omgang etter at dei var på høgde med Real før pause.

– Ja, det verka som om dei gjekk tomme utover i kampen, og det har vi ikkje sett av dei i andre kampar tidlegare i turneringa. Men i dag sprakk dei rett og slett, seier Løken.

Reals midtbanespelar Toni Kroos gir også Ronaldo ekstra honnør.

– Vi spela godt som lag både i kvartfinalane, semifinalane og i dag. Men du treng nokon som kan lage mål, og i kveld gjorde han det igjen, sa Kroos.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Terreng
EM feltritt: Terreng
Terreng
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
Eliteserien: Lillestrøm - Vålerenga
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Lillestrøm - Vålerenga
Toppidrettsveka