Hopp til innhold

Bogeskyttar-protest mot at alkohol er ute av dopinglista

Frå nyttår står ikkje lenger alkohol på den internasjonale lista over dopingmiddel.

Bueskyting

INGEN ALKOHOL: - Vi vil framleis bannlyse alkohol frå våre konkurransar, og det er litt lettare å få det til om vi har WADA-lista i ryggen, seier Eva Thesen

Foto: Harry How / AFP

Den reviderte dopinglista blei offentleggjort fredag. Der er alkohol tatt bort. Men det er det ikkje alle som set pris på.

– Vi vil at alkohol framleis skal stå på dopinglista. Vi vil ikkje tillate alkohol brukt i konkurranse i samband med vår idrett, og det gjer det lettare å implementere reglar dersom vi har WADAs dopingliste i ryggen, seier Eva Thesen til NRK.

Ho er styremedlem i det internasjonale bogeskyttarforbundet World Archery.

– Det gjer det nok også for dei nasjonale forbunda å følgje opp det på sine stemne ved å vise at det når som helst kan bli testa for alkohol saman med andre dopingtestar. Det er lettare dersom vi kan vise til WADA-reglementet.

– Ein kombinasjon vi ikkje vil ha

Bueskyting

EPISODAR: World Archery har hatt eksempel på stemne der det har blitt kombinert alkohol og idrett. Derfor vil dei framleis ha alkohol på dopinglista

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Thesen meiner også at bogeskyttarforbundet gjerne går i bresjen for å vise at alkohol ikkje har noko med idrett å gjere.

– Det har vore ein del stemne i vår idrett opp gjennom åra der det har blitt kombinert alkohol og idrett. Det er ein kombinasjon vi ikkje vil ha, seier Thesen.

Derfor har alle dopingtestar innan bogeskyting hittil også omfatta testing for alkohol.

Dopinglista er endeleg vedteken. Men styret i World Archery skal diskutere vegen vidare på sitt møte 12. oktober.

I dag er alkohol rekna som doping i fire idrettar: Luftsport, motorsport og powerboating, i tillegg til bogeskyting.

– Oppfyller kriteria for dop

World Archery er skuffa over forbodet.

– Vi beklagar avgjerda, fordi vi meiner alkohol oppfyller alle kriteria som skal til for å vere på dopinglista, skriv generalsekretær Tom Dielen.

For at eit stoff eller ein metode skal stå på dopinglista, må det oppfylle to av tre kriterium:

  • Ha potensial til prestasjonsforbetring
  • Utgjere ein helserisiko for utøvaren
  • Skade idrettens omdømme

Dielen slår også fast at forbundet vil halde fram med å bannlyse alkohol.

– Vi håpar å auke talet på alkoholtestar på nasjonale nivå, seier han.

Prestasjonsfremjande i små dosar

Den medisinske komiteen i World Archery gjennomførte på 80-talet ein studie som viste at små mengder alkohol kan ha prestasjonsfremjande effekt i bogeskyting.

– Ein kan vel tenke seg at litt alkohol kan vere prestasjonsfremjande, og litt meir alkohol er ikkje lenger det, slår Thesen fast.

No vil World Archery gjennomføre nye testar.

Mindre mengder alkohol kan verke avslappande og redusere hjartefrekvensen.

– Vi skal framleis ha ein rein sport, og det inkluderer eit forbod mot bruk av alkohol under konkurransar, skriv Dielen.

WADA grunngir sitt vedtak med at det gir dei enkelte forbunda større spelerom med å lage tilpassa reglar for å forhindre alkoholbruk. Nasjonale antidopingorganisasjonar skal ikkje lenger styre reglane og handhevinga, men kan hjelpe til der dei nasjonale særforbunda ber om det.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal