Hopp til innhold

Per Bredesen er død – Norges einaste seriemeister i Italia

Milan-helten og ein av dei aller første norske utanlandsproffane, Per Bredesen, er død, 91 år gammal.

historiskebilder

LEGENDE: Per Bredesen var ein av dei første norske utanlandsproffane, med ni sesongar i Italia

Foto: NTB / NTB

Bredesen var fødd og oppvaksen i Horten, og spela for Ørn. Der gjekk han gradene, og der debuterte han som 16-åring. Tidleg utmerka han seg som ein svært teknisk dyktig midtbanespelar – indreløpar, som det heitte på den tid – som også kunne score mål.

fotballmuseet si heimeside blir det fortalt om då han i oppveksten under krigen saman med kameratane låg i buskene bak mål i Lystlunden i Horten og smugkikka på tyske soldatar som trene.

Når ballen spratt ut i småskogen bak mål, knabba gutane ballen og sprang med den så langt og raskt dei kunne, inn i skogen der dei var langt betre kjende enn tyskarane. Ballane brukte dei til å stifte fotballaget TIFF – Tidenes Ivrigste Fotball-Forening, fortalde han til fotballmagasinet Josimar.

Sin A-lags-debut for Ørn fekk han i ein privatkamp mot Fredrikstad, den stort sett beste norske klubben i etterkrigsåra. Det var inspirerande, og han fekk fast plass på Ørn-laget som rykka opp i Hovudserien i 1948.

Scora i landslagsdebuten

DEBUT: Per Bredesen kom inn som reserve og scora i landslagsdebuten

Som 18-åring debuterte han også på A-landslaget, i ein vennskapskamp mot Jugoslavia på Ullevaal i juni 1949. Han var eigentleg ikkje utteken, men var reserve og fekk sjansen då veteranen og stjernespelaren Reidar Kvammen blei skadd. Bredesens først landskamp skulle også bli Kvammens siste.

Og Bredesen sende Norge i leiinga i kampen som dei olympiske sølvmedaljørane frå Jugoslavia til slutt vann 3–1.

Men det var tida i Italia han blei kjend for. Han var ikkje den første norske utanlandsproffen, men han var den første med stor suksess.

Sjølv meiner han at han også hadde ein god dose med flaks då han fekk proffkontrakt.

– Vi spela ein landskamp mot Nederland i Amsterdam i juni 1951. Der sat det talentspeidarar for å sjå på den lovande nederlandsk spelaren Abe Lenstra. Men vi hadde Thorleif Olsen, som passa på at nederlendaren ikkje fekk til noko som helst i den kampen. I staden la dei merke til meg, fortalde Per Bredesen til NRK-programmet Da Capo i 1994.

Han fekk først tilbod frå Fiorentina, men det tilbodet blei trekt tilbake på grunn av nye avgrensingar i talet på utanlandske spelarar klubben kunne ha.

I staden fekk flyteknikar-lærlingen tilbod om prøvespel for Roma-klubben Lazio, som allereie hadde norske Ragnar Larsen i stallen. Der prøvespela han ein intern treningskamp mellom A- og B-laget i klubben. B-laget vann 8-3, og Bredesen scora fem av måla.

Då var kontrakten sikra, og han reiste til Italia året etter.

SISTE KAMP MED GJENGEN: Bredesen i kamp for Ørn mot Fredrikstad

Ni sesongar i Italia

Ni år skulle det bli for Bredesen i Italia. Serie A var ein av dei absolutte toppligaene på den tid, og lønningane låg langt høgare enn til dømes i England. I hans første kontrakt blei lønna fastsett til 150.000 kroner for to år. Litt av ei stigning frå 9000 i året på flyfabrikken i Horten.

Dei tre første åra spela han for Lazio, der han scora 19 mål på sine 93 kampar. Så skifta han klubb til Udinese.

Det starta dårleg, for like etter overgangen blei Udinese – som hadde kjempa i toppen sesongen før – dømd til nedrykk til Serie B på grunn av kampfiksing. Men med Bredesen på laget vann Udinese Serie B suverent.

– Det var truleg min beste sesong, sa Bredesen seinare. Han scora 17 mål.

Ligameister og europacup-semifinale

Per Bredesen

STJERNE: Per Bredesen var stor i Italia, her i aksjon for Lazio i Serie A

Foto: NTB / NTB

Kanskje var det derfor han blei lagt merke til av storklubben Milan, og det var der han hadde størst suksess. Overgangssummen var verdsett til rundt 1,2 millionar norske kroner, noko som i mange år var overgangsrekord for ein norsk spelar.

Årslønna blei oppgitt til ein sum tilsvarande 260.000 norske kroner. Ein ufatteleg sum i ei tid då ei gjennomsnittleg norsk årsløn var på rundt 10.000 kroner.

På Milans storlag spela han også med Sveriges store stjerne Nils Liedholm, som skulle bli sentral på Sveriges finalelag i VM i 1958.

Han spela 27 av klubbens 34 kampar på veg mot seriegullet i Serie A i 1957. I toppkampen mot Juventus scora han målet som gav Milan sigeren 1-0, og blei den første nordmannen som har greidd det. Seks av måla var signert midtbanespelaren frå Horten.

Seriegullet gav også Milan plass i den nye europeiske serievinnarcupen i 1957/58, der laget spela seg heilt fram til finalen.

– Heimlengten var større enn fornufta

Men Bredesen hadde teke til å få heimlengt.

– Eg var fast bestemt på å gi meg som proff. Eg var blitt både rastlaus og nervøs, og ville heim, skreiv han i boka si.

– Heimlengten var sterkare enn fornufta. Eg burde ha blitt i Milan til dei kasta meg ut, skreiv han.

Per Bredesen

BLOMSTER: Bredesen blir takka av Ørn etter siste kamp før avreisa til Italia

Foto: NTB / NTB

Han reiste heim for å byggje hus, eit år før kontrakten gjekk ut. Milan kontakta han heile tida og bad han kome tilbake, skriv han i boka «Ballen er rund».

Utpå vinteren let han seg overtale til å reise tilbake. Han spela ikkje ligakampar, men fekk nokre cupkampar. Og han var med i Milans til då to viktigaste kampar: Semifinalane mot Manchester United i europacupen.

Han var med på laget som tapte første kamp 2–1 på Old Trafford. Og han fekk med seg klubbens aller største triumf, 4–0 over United i returkampen, med så entusiastiske og høglydte fans på tribunane at United blei skremde av bana, ifølgje britiske aviser.

– Mine to tøffaste kampar var semifinalen mot Manchester United og ein bedriftskamp mot Norcontrol, sa han i lokalavisa Gjengangeren.

Men der blei han også skadd i ankelen, og fekk ikkje med seg finalen mot Real Madrid. Det spanske laget blir for sterkt og vann 3–2 etter ekstraomgangar.

«Tocco Magico»

Bredesen flytta likevel ikkje heim etter det, og runda av Italia-karrieren med ein sesong i Bari og to i Messina, sistnemnde i Serie B. Då hadde han 213 kampar og 50 mål bak seg i støvellandet. Der fekk han også tilbod om å bli verande som trenar.

Men i 1961 valde han å reise heim.

Då hadde han sett spor etter seg hos fotballgalne italienarar. «Tocco Magico» – mannen med den magiske berøringa – var tilnamnet den tekniske og dribleglade vestfoldingen hadde fått.

Lenge etter at han hadde reist heim igjen, var han eit stort namn i Italia, der han ferierte kvart år. I «Da Capo» fortel han om ein gong han besøkte Roma og skulle leige bil. Nei, leigebilfirmaet hadde ikkje fleire bilar inne.

– Kan du ringe Lazio og spørje om dei kan hjelpe meg? spurde Bredesen.

Den unge mannen bak disken sperra augo opp.

– Er du Per Bredesen? Det står ein BMW utanfor straks, sa han.

I 1961 reiste han heim til Horten. Spelarar med proffbakgrunn hadde karantenetid for å få spele norsk amatørfotball igjen.

Landskamp-nekt for ein eks-proff

Landslaget mot Sverige 1952

SISTE LANDSKAMP: Kampen mot Sverige i Gøteborg 30. september 1951 skulle bli Per Bredensens 18. og siste. Bredesen (spelar nr 4 frå høgre) scora 3-3-målet i kampen Norge vann 4-3

Foto: NTB

Men Bredesen fekk til slutt lov å spele for sin gamle klubb Ørn, som på den tid spela i den såkalla «maratonserien», ein kvalifiseringsserie om plass i den nye felles 1. divisjon som skulle erstatte den gamle hovudserien.

Bredesens retur heva Ørn, men klubben greidde likevel ikkje å kvalifisere seg.

Heller ikkje landslaget fekk glede av den gamle Italia-proffen. Reglane var nemleg strenge der på den tid: Var du proff eller hadde vore det, var landslagsdøra stengd for alltid.

Den regelen blei ikkje oppheva før i 1969, altfor seint for Per Bredesen. Han blei derfor ståande med dei 18 landskampane og sju scoringane han hadde fått før proffeventyret tok til. Gullklokke for milepælen 25 landskampar fekk han derfor aldri.

Kor mange landskampar han hadde fått utan den regelen, blir berre spekulasjonar. Men mange hadde det blitt.

Nicolai Johansen

- BEST: NFFs mektige og legendariske generalsekretær Nicolai Johansen meinte Per Bredesen var den beste norske spelaren gjennom tidene

Foto: Aage Storløkken / NTB

– Han er den beste norske spelaren nokosinne, sa Fotballforbundets legendariske generalsekretær Nicolai Johansen.

Den aller siste var mot Sverige i Göteborg 30. september 1951. Han scora utlikningsmålet til 3–3 i kampen Norge vann 4–3.

Etter at han hadde avslutta sin aktive karriere, trena han sin tidlegare byrival Falk. Og sjølv spela han oldboysfotball til han var langt oppe i 60-åra.

Italienske klubbar gløymde heller aldri Bredesen. I fleire tiår etter at han flytta heim til Norge, var det Bredesen klubbane kontakta når dei var interesserte i ein norsk spelar. Bredesen gav råd så godt han kunne, men agent blei han likevel aldri.

Sportsnyheter

Ronaldo benk

Ronaldo slaktes av egen trener etter disse bildene

Cristiano Ronaldo har blitt byttet ut i alle tre VM-kampene til Portugal. Bilder fra benken får Portugals trener til å se rødt.

Hvor syk er fotball-legenden Pelé?

Mens Brasil spiller for sin sjette VM-tittel i Qatar, ligger legenden Pelé på sykehus med en alvorlig kreftsykdom. Men familien benekter at han er dødssyk, slik brasilianske medier hevder.

Siste nytt

  • Dyvik mister Beitostølen-helg

    Sverige må klare seg uten både Ebba Andersson og Anna Dyvik på start når langrennsverdenscupen fortsetter på Beitostølen kommende helg.

    Dyvik sliter med det som beskrives som «lettere symptomer» i luftveiene etter rennene på Lillehammer. Hun velger derfor å ikke starte på Beitostølen.

    Mandag opplyste Det svenske skiforbundet i en pressemelding at Ebba Andersson har testet positivt for korona. Hun skal ha lettere symptomer, men reiser hjem.

    Anna Dyvik erstattes av Jenny Solin på fredagens sprint på Beitostølen, mens Lovisa Modig får sjansen i distanserennet lørdag. Ingrid Hallquist kommer inn for Ebba Andersson. (NTB)

    Verdenscup i nordiske grener på Lillehammer
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • «Pensjonert» svensk skøytestjerne fikk gjev pris

    Den svenske skøyteløperen Nils van der Poel er tildelt det prestisjetunge Bragdguldet for sine prestasjoner forrige sesong.

    Van der Poel tok to gull og satte én verdensrekord under Beijing-OL. Prestasjonen i Kina fulgte han opp med gull i allround-VM på Hamar. Det var første gang på 49 år at en svensk skøyteløper vant mesterskapet.

    Suksessen gjorde 26-åringen til en av Sveriges aller heteste idrettsutøvere forrige sesong. Nå hedres han med det tradisjonsrike Bragdguldet, som deles ut av Svenska Dagbladet.

    Etter kjempesesongen valgte van der Poel litt overraskende å avslutte karrieren.

    Han er tildelt Bragdguldet i tøff konkurranse med flere andre svenske idrettshelter. OL-gullvinnerne Walter Wallberg (kulekjøring), Sara Hector (alpint) og Jonna Sundling (langrenn) var også blant de heteste kandidatene.

    Det samme var stavhopperen Armand Duplantis. Han gjorde nærmest rent bord i 2022. Ved siden av VM- og EM-gull ble det tre verdensrekorder. (NTB)

    Skøyte-VM 2022, allround i Hamar Olympiahall
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Flere nye får sjansen i kombinert-renn

    Gyda Westvold Hansen og flere nye fjes får sjansen under kommende helgs kontinentalcuprenn i kombinert på Lillehammer.

    Ved siden av seiersmaskinen Westvold Hansen består den norske troppen Ida Marie Hagen (Haslum IF), Marte Leinan Lund (Tolga IL), Thea Øihaugen (Gausdal Skilag), Mille Marie Hagen (Haslum IF), Ingrid Låte (Strandbygda IL) og Kjersti Græsli (Tydal IL).

    – Rennene på fredag og lørdag gir unge utøvere muligheten til å kapre COC-poeng. Det betyr at døren åpner seg for å gå verdenscup senere i sesongen. Dette er en stor mulighet som både vi og våre utenlandske konkurrenter ønsker å gripe med begge hender, sier landslagstrener Thomas Kjelbotn.

    Gyda Westvold Hansen vant begge verdenscuprennene på Lillehammer sist helg. I lørdagens renn sørget Ida Marie Hagen for norsk dobbeltseier med sin annenplass. (NTB)

    Verdenscup i nordiske grener på Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Er Ola Lunde og fotball den perfekte kombinasjonen? 00:51
Neste