Siste nytt

  • Grand Slam blir trolig utsatt

    Tennisturneringen Australian Open blir trolig utsatt med en uke eller to. Casper Ruud og de andre tennisstjernene vet foreløpig ikke hvordan året vil se ut.

    Turneringen var planlagt å starte 18. januar, men idrettsminister i delstaten Victoria, Martin Pakula, uttalte onsdag at det «mest sannsynlig» blir en forsinkelse. (NTB).

    Casper Ruud.
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Sørloth framleis mållaus

    Alexander Sørloth spela det siste kvarterte for Leipzig, men det hjelpte ikkje. Leipzig tapte 0-1 for Paris St. Germain. Neymar scora målet etter 11 minutt, og Sørloth har framleis ikkje scora for sin tyske klubb.

    Leipzig har seks poeng, like mange som PSG, og møter botnlaget Istanbul Basaksehir i neste veke.

    Paris Saint-Germain
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Gullballen til Zlatan for 12. gong

    Zlatan Ibrahimovic (39) har fått den svenske Gullballen for 12. gong. Chelsea-spelaren Magdalena Eriksson fekk Diamantballen for aller første gong under ein seremoni i kveld.

    Zlatan, som no spelar for AC Milan, har ikkje fått denne utmerkinga sidan 2016, året då han gav seg på landslaget.

    Eriksson (27) er kaptein på Chelsea, som tok ligagull i England i år. Ho har også 60 landskampar bak seg.

    Prisane er det Aftonbladet og det svenske fotballforbundet som står bak.

    Zlatan Ibrahimovic
    Foto: Ciro De Luca / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal