– Det er utruleg, heilt galskap, eg kan ikkje ein gong begynne å beskrive korleis det her kjennest, seier Fosser.
For tjueåringen grusa all motstand i torsdagens mellomdistanse på tida 25.03. Det var over eitt minutt (!) betre enn franskmannen Guilhem Elias på andreplass.
Meisterskapet blei arrangert i Danmark, og dei danske kommentatorane var mektig imponert.
– Han har hatt ein knusande fart i dag. Han er i ein klasse for seg sjølv. Han er eit fantom, han er ein maskin. For eit løp, for ein verdsmeister, sa Jonas Munthe.
Dette var det andre VM-gullet til stortalentet, ettersom han også vann langdistansen på måndag.
– Det største talentet gjennom tidene
Olav Lundanes, som har vunne senior-VM åtte gonger, er begeistra over det junioren presterer.
– Har han dagen, er han uslåeleg. Han er nok det største talentet Norge nokon gong har sett, seier han til NRK.
Olav Lundanes har vore norges beste orienteringsløpar i mange år. No trur han at Kasper Fosser kan utfordre han til det kommande VM i Norge.
Foto: Erik BorgFosser har gjort det så godt at han no er teken ut til langdistanse i senior-VM, som blir arrangert i Østfold. Han er med det den fyrste norske junioren som er teken ut i disiplinen sidan Jan Fjærestad i 1974. Han tok eit sensasjonelt sylv den gongen.
– Det er veldig sjeldan at juniorane klarer å stå ein langdistanse på seniornivå, men Kasper kan klare det. Er han på sitt beste kan han klare medalje, men eg håpar eg slår han, seier Lundanes, og ler.
Dei ser opp til Kasper
Det er ikkje berre Fosser som gjer det godt. Elias Jonsson (20) sprang inn til sylv på måndagens langdistanse, og Lukas Liland (20) enda på ein sterk tredjeplass i dag.
– Løpet er nesten heilt perfekt. Eg var berre litt unøyaktig inn i sistepost. Eg er veldig fornøgd, seier Liland.
Orienterings-ekspert Kjetil Bjørlo trur Fosser er med på heve nivået til alle på laget.
– Det gror veldig godt i orienterings-Norge, spesielt blant gutane. Viss ein har ein leiestjerne som Kasper på laget så er han med på å dra dei andre på laget opp. Eg trur det er veldig viktig å ha den beste junioren i verda på det norske laget. Når ein veit at ein har den beste på trening, så veit dei at om dei er oppe på hans nivå, så er det verdsklasse, seier han.
I dameklassen blei Hanne Vassend beste norske på 17.-plass, 4,25 bak den svenske vinnaren Isa Envall. Fredag blir junior-VM avslutta med stafettar.