Skar vart vraka til verdscupopninga i Ruka i slutten av november. Men i Davos denne helga sesongdebuterte han i verdscupen med ein smell – tredjeplass på sprinten.
Det er eit godt kort å ta med seg når VM-troppen til Lahti skal takast ut. Sprintløypa i Lahti har eit langt og flatt oppløp, noko som passar 24-åringen frå Bærums Verk godt.
Derfor har han gode plasseringar bak seg i løypa der medaljane i VM-sprinten skal delast ut i februar.
Gode plasseringar
Dessutan skal VM-sprinten gå i skøyting.
– Eg likar veldig godt skøytesprint, uansett kva løype den går i. At nokon meiner eg har betre sjanse i Lahti, er nok fordi eg har gode plasseringar der frå før, seier Skar til NRK.
I dei fire siste verdscup-sprintane i Lahti har han plasseringane 10-15-2-5.
Det er framleis over to månader til VM i Lahti, men pallplassen i debuten er likevel ein sterk VM-søknad – i den øvinga der det er tøffast konkurranse om plassane.
NRKs langrennsekspert Carl Henning Gran seier at alle som kjem på det norske sprintlag, er medaljekandidatar.
Norge har fem plassar i VM-sprinten, ettersom Petter Northug er automatisk kvalifisert som tittelforsvarar.
– Men sjølv med fire plassar utanom Northugs blir det tøft å kome med, seier Gran.
– Kvifor passar løypa i Lahti Skar så godt?
– Det kan vere fordi Skar er ekstremt god til å ta med seg fart frå svingen og ut på langstrekket, seier Gran.
– Tøff kamp om plass på laget
– Er du gullkandidat i VM?
– Eg har lyst på medalje og siktar på pallen. Men først må eg få plass på laget, og det kan bli like vanskeleg det som å kjempe om medaljar, seier Skar.
Skar trur likevel det blir knallhardt å gå seg inn på laget.
– Det er sikkert ti mann som er gode nok til å kjempe om dei plassane. Eg blei nest best i dag, og det er viktig, seier Skar, som måtte sjå Finn Hågen Krog på plassen framfor seg i Davos.
Skandinavisk Cup blir «Prøve-VM»
– Det er viktig å prestere når ein får sjansen. I dag fekk eg ut det eg var god for, sa Skar til NRK etter sprinten søndag.
– Det var mitt første skikkelege skirenn i år, og då er det godt å få det til.
På nyåret skal han til Lahti og gå skøytesprint i Skandinavisk Cup. Det går føre seg i VM-løypene, derfor kjem mange av dei beste til å delta der.
– Det blir eit viktig renn. For meg blir det prøve-VM, seier Sindre Bjørnestad Skar.