– Det er ingen som veit kva vi går til. Vi er jo vande med å ha gode ski. Spørsmålet er om vi får sjokk til vinteren, seier Tiril Eckhoff.
Jobben med å finne gullski har blitt totalforandra etter fluorforbodet blei bestemt. Skiskyttarlandslagets smøreteam jobbar på spreng for å knekke suksesskoden på ny.
I den nye skihallen i Lørenskog foregår det intens skitesting for første gang sidan koronapandemien stoppa vintersesongen i mars.
Samtidig som Tiril Eckhoff trener med ski utan fluor, går smøresjef Tobias Dahl Fenre opp og ned den same bakken for å forhindre norske fiaskodagar til vinteren.
Det nye, internasjonale gli-kappløpet har forandra alt.
– Alle har grunn til å frykte alle. Det vil bli vil bli «vill vest», seier Dahl Fenre.
– I starten kan vi kan få sjå store variasjonar frå dag til dag og føre til føre. Det vil bli utslag i form av at nye løparar når toppen. Og plutseleg kan det vere at Spania har ei løysing i skisporten som slår Norge rett i bakken, legg han til.
Må kaste avansert oversikt
For rundt 30 år sidan starta Norge eit omfattande arbeid med å takle alle typar snø. Då Eckhoff og Johannes Thingnes Bø herja med konkurrentane på vått og skittent underlag i Annecy i vinter, fekk vi sjå resultatet av det ambisiøse gliprosjektet.
– Sidan fluoren kom har vi jobba med å lage eit kartotek. Eit system for alle plassane vi reiser til i verdscupen. Vi veit at når vi kjem til Ruhpolding så skal vi ta fram konkrete produkt, seier Fenre.
– All den kunnskapen og alle dei produkta er no ute. Vi må starte på ny, konstaterer han.
Spår tøffare vinter for Eckhoff-rival
Spådommen er at løpstidene blir lengre. Det reiser også spørsmål om kva type utøvar som vil slite når forholda er tøffe.
Fenre trur Eckhoff-rival Denise Herrmann kan få det tyngre enn før.
– Eckhoff har høg frekvens og god motor. Ho er lett. Ho vil kunne ha ein fordel kontra Denise Herrmann som har meir kraft, går med lengre skyv og er tyngre, seier smøresjefen.
Denise Herrmann er ikkje einig.
– Du må ha kraft når du går langrenn, spesielt i skøyting. Av og til kan det bli tøffare fordi eg er tyngre enn andre, men løparar med kraft i armar og bein er som regel raske i kvar konkurranse. Til og med der det er bratt, seier Herrmann.
Eckhoff er spent på å sjå rivalen i aksjon.
– Ho går veldig tungt, men det blir spennande å sjå. Kanskje er Tyskland tidlegare ute med bedre produkt som glir raskt, seier Eckhoff.
Tar treningsgrep
Eckhoff og andre på landslaget har i sommar trena med rulleskihjul som gir meir motstand og mindre fart.
Alt for å gjøre seg klare for tunge rennforhold.
Men kva nasjon som gjør mest riktig i det nye kappløpet er det ingen som veit.
– Norge har uansett eit veldig godt system for å få ski til å gli. Skismøringa er glasuren på kaka. Den store kaka er systemet vårt, sliping av ski og samarbeidet med leverandørar. Eg er ganske sikker på at vi skal klare å finne gode måtar å smøre ski på, men plutseleg har andre funne noko lurt som dei kan halde hemmeleg. Sånn som då fluoren kom, seier Fenre.