– Det er veldig dumt å kaste varer for fire millionar om det skjer ei endring, seier smøresjef Tobias Dahl Fenre.
Tunge kassar med fluor blir løfta ut av skiskyttarlandslagets smøretrailer i Holmenkollen. Alt skal vekk fordi traileren og heile vinteridretten må bli fluorfri.
Inne sprengjobbar smøreteamet med å fjerne fluor på 2000 par ski.
Til vinteren kjem det omstridde fluorforbodet, men i langrenn og skiskyting skal dei lagre smøring for til saman åtte millionar kroner i staden for å kaste alt med ein gang.
– Vi kjem til å behalde produkta til vi er heilt sikre på at dei ikkje skal brukast, seier smøresjef Stein Olav Snesrud.
Dei internasjonale forbunda ber landslaga kvitte seg med fluorprodukt på ein sikker måte.
– Den ansvarlege måten er å kontakte fagpersonell og spør dei om korleis dei skal kaste det, seier styremedlem Max Cobb i Det internasjonale skiskyttarforbundet.
Men dei norske sjefane er svært usikre på om forbodet kjem til å fungere.
Norge skal lure testapparatet
I slutten av september skal smørarar frå heile verda til Tyskland for å teste apparatet som avdekker fluorjuks for aller første gang.
KASSE PÅ KASSE: Store kassar fulle av flourprodukt blir frakta ut av smøretraileren.
Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRKNorge vil prøve å lure systemet.
– Vi kjem til å lage feller, ved å kamuflere fluorprodukt på ski, for å sjå om dei klarer å avsløre det, seier langrennssmørar Snesrud.
– Vi må avdekke om testen er god nok eller ikkje. Klarer vi å finte ut ein test no så har vi eit kjempestort problem med tanke på at testen ikkje er god nok, seier Fenre.
Klarer dei å lure systemet skal dei gå til FIS og IBU med informasjonen.
Kritisk til kort testing i Tyskland
Norge sender tre mann som får teste i ein time - både for langrenn, skiskyting, hopp og alpint. Så skal dei heim igjen i ti dagars koronakarantene.
Fenre er kritisk til at dei ikkje får meir tid, og får støtte i landslagsmiljøet.
– En time med testing? Det høyrdes utruleg lite ut. Det burde vore fleire titals timar med testing, seier Erlend Bjøntegaard.
Smøresjef Fenre forklarer grunnen til frustrasjonen.
– Vi må få svar på veldig mange spørsmål på veldig kort tid. Dette er ikkje bare viktig i toppidrett, men også for å få ut informasjon til aldersbestemte klassar. Korleis skal dei få skia fluorfri? Og klarer landslaget å få 2000 par med ski fluorfi? Eller blir vi diska fordi vi ikkje behandla eitt av para godt nok?
Det internasjonale skiskyttarforbundet meiner det er meir enn god nok tid til å teste.
– Dei får testa mange skipar på ein time, seier styremedlem Max Cobb.
– Ingen føler kontroll
Cobb fortel også at dei seinare vil reise til ulike delar av Europa for at nasjonar skal teste meir, men det trur ikkje Fenre på før han får sjå konkrete datoar.
– Vi som smørarar føler ikkje kontroll, utøvarane føler uro. Eg trur også at FIS og IBU føler uro. Dette forbodet er forhasta, seier Fenre.
Han meiner koronapandemien gjør det verre å få oversikt.
– Hadde det vore opp til meg hadde det ikkje blitt eit forbod i år gitt situasjonen som er no. Hadde alle testapparat vore klare kunne vi hatt forbod. Hadde vi fått utlevert testapparat kunne vi ha klart dette på ein god måte. No kan vi ende opp med mykje frustrasjon og potensielt vanskelege situasjonar i starten.