- Det er ikkje tvil om at denne vinteren har vore fantastisk bra. Det har rulla inn mykje medaljar på kort tid, seier toppidrettssjef Jarle Aambø til NRK.no.
Noreg fekk ein enorm medaljefangst VM-året 2011. Ein gjennomgang NRK.no har gjort, viser at norske vintersportsutøvarar har tatt 14 VM-gull i OL-greiner denne vinteren (då er for eksempel ikkje sigeren i mixed-stafetten talt med sidan denne ikkje er på OL-programmet).
Langrennsfolket sopa med seg åtte gull frå VM i Holmenkollen. Skiskyttarane fekk med seg tre frå sitt VM, medan det også vart gull både i alpint, skøyter og snøbrett.
(artikkelen held fram under biletet)
Dårlegare i OL
Dei 14 gullmedaljane er det same som Noreg plukka med seg i 2005. Den gongen hadde skøyteløparane eit ekstraordinært godt VM, i tillegg til at Ole Einar Bjørndalen hadde sitt store VM.
Sjå heile statistikken over VM-gull i "OL-øvelsane" nederst i saken
I statistikken kjem det tydeleg fram at Noreg ofte gjer det betre i VM-åra enn i OL. Etter leikane i Salt Lake City i 2002, der Noreg fekk full klaff og kom heim med tolv gull, har alle "VM-år" vore betre enn OL-sesongeae.
- Det kan vere litt tilfeldig. Noreg har også hatt veldig god uttelling i OL, med unntak av Torino der det mangla litt gull. Eg vil heller seie at denne vinteren ser ut til å bli ekstraordinær, seier Aambø.
(artikkelen held fram under avstemninga)
Ventar høgare forventningar
Norske langrennsleiarar måtte svare for dårlege resultat bak Petter Northug tidleg i sesongen. Men VM ende med ein braksuksess for norsk langrennssport.
- Les også: - Media har prøvd å bryte oss ned
Saman med andre norske topplasseringar trur Aambø det kan bidra til at det i åra som kjem, blir stilt høgare krav til norsk vinteridrett.
- Folk løfter lista enda høgare, og då blir forventningane enda høgare. Men først og fremst er dette ein inspirasjon, og det viser eit potensiale for vidare utvikling, seier han.