– Det var ingen god kamp. Men det var kjempeviktig for norsk ishockey at vi vann, seier ein letta Mathis Olimb til NRK etter 3-0-sigeren over Sør-Korea.
– Vi startar nervøst, og kampen vippar. Men eg synest at vi til slutt viser at vi er det beste laget, seier kapteim Jonas Holøs.
– Vi har også Lars (Haugen) bak. Han er knallgod og gir oss den tryggleiken vi treng.
Spelet var ikkje overtydande. Norge spela nervøst og usikkert i to periodar.
– Vi må passe oss så vi ikkje går oss bort i den siste delen av kampen, sa Anders Bastiansen til Viasat i siste pause.
Føresetnadene var klare: Poeng til Norge – det vil seie uavgjort eller siger etter 60 minutt – ville gi norsk VM-deltaking også neste år. Tap ville gi nedrykk og spel på nivå 2 for første gong sidan 2005.
– Det er ein enorm skilnad på nivå 1 og 2 i VM, og det er vanskeleg å rykke opp igjen, sa ein letta Petter Thoresen til NRK.
– Om norsk hockey skal går framover, er det veldig lærerikt å halde seg i A-pulja.
Slapp med skrekken
Norge kunne gå til første pause med 1-0, men det kunne fort sett annleis ut.
For Norge fekk ei utvising like etter kampstart, og etter berre 50 sekunds spel sette Shin Sang-hoon pucken i nettet bak Lars Haugen, og dommaren dømde mål.
Thoresen brukte sin rett til å krevje «goal challenge» – at dommarane skulle studere situasjonen grundigare.
Det gjorde dommarane, og kom fram til at målet ikkje skulle godkjennast. Norge slapp med andre ord med skrekken i skjebnekampen.
– Det var mange folk framfor meg, og eg mista kontrollen på pucken fordi nok trefte meg. Det var bra gjort av trenarane og videoteamet som plukka det opp, seier Haugen til NRK.
– Petter Salsten, som var på tribuna og såg video, sa at det var noko som skjedde. Eg var nesten sikker, saeier Thoresen.
Lars Haugen fekk også prisen som kampens bestemann.
I staden var det Norge som scora. Tobias Lindström sette pucken i mål då det var 6.25 igjen av perioden.
– Vår dårlegaste periode i VM
Koreanarane tok tak i kampen i andre periode, og skapte klart flest sjansar. Berre dei par siste minutta skapte Norge noko.
– Vi skaper nesten ingenting. Dette er vår dårlegaste periode i VM, sa Espen Knutsen i Viasat-studio.
Det gjekk nesten sju minutt, så var kampen i realiteten avgjort. Anders Bastiansen gjekk rundt heile kassa, og pasninga til Thomas Valkvæ-Olsen var perfekt. Olsen kunne ikkje bomme, og 2-0.
Norge hadde gjort jobben. Jonas Holøs scora det tredje på berre farten midt i perioden, og i sluttsekunda gjekk pucken i Koreas stolpe.
Det enda godt for norsk hockey.