Hopp til innhold

Mowinckel braut 26 år gammal forbanning: – Dette har kosta

Ragnhild Mowinckel slo samanlagtvinnar Mikaela Shiffrin i det siste super-G-rennet for sesongen, og sikra sin andre verdscup-siger i karrieren. Det blei emosjonelt.

FIS Alpine Ski World Cup - Men's Downhill

BLID: Ragnhild Mowinckel då ho skjønte at ho skulle ta over leiarstolen, og fekk bli der.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Mowinckel klarte ikkje å halde att tårene då sigeren var eit faktum.

– Fy søren, dette har kosta. Det er så mykje kjensler no, seier ho til NRK.

Ho tenkjer på den lange skadehistorikken ho har vore gjennom.

– Denne tida her har vore vanskeleg. Det har vore drit, men eg har tatt steg for steg, og skunda meg langsamt. Det er utruleg deileg når ein får betaling for det. Eg er vanvitig glad og stolt, seier Mowinckel vidare.

Det er 26 år sidan sist ei norsk kvinne vann eit verdscuprenn i super-G, og Mowinckel blei den tredje kvinna til å klare det.

– Det seier litt om kva Ragnhild har gjort her i dag, seier Kjetil André Aamodt.

– Det er gåsehud over heile linja, seier Viaplay sin ekspert Marius Arnesen.

Mowinckel

LEVERTE: Ragnhild Mowinckel.

Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP

Ekstrem motivasjon

Mowinckel har hatt to korsbandskadar på rappen, men kjempa seg tilbake.

Ho gjekk ut med startnummer tre, og med både ei sterk tid og endeleg litt marginar på si side – stod resultatet heile vegen inn.

– Korleis klarte du det?

– Det har vore ein kamp. Eg har gått gjennom ting som eg forhåpentleg ikkje treng å oppleve igjen. Men mykje av dei skadane har gjort at eg har blitt sterkare på den ande sida. Spesielt i hovudet. No håpar eg at eg har kome for å bli igjen, seier Mowinckel vidare.

Sigeren gir ho ein ekstrem motivasjon vidare.

– Er det ein sjanse for fire år til, spør Viaplay sin ekspert.

– Ein skal ikkje ta dårlege eller gode avgjerder når ein er veldig emosjonelt påverka, men eg skal halde fram. Uansett kva som kjem no, så er det freistande å halde fram i dette drivet. Eg har ikkje verdas største merittliste med sigrar, så eg håpar at dette kan bli starten på det, seier ho.

Mowinckel

PALLEN: Shiffrin, Mowinckel og Gisin.

Foto: NICOLAS TUCAT / AFP

Kjetil André Aamodt kan ikkje gjere anna enn å hylle prestasjonen.

– Det har berre vore elleve sigrar for dei norske kvinnene gjennom historia. Og etter to korsbandskadar som kom på rappen etter kvarandre, og så hamne på toppen igjen – det er ein veldig sterk prestasjon. Det er mykje jobb som ligg bak, seier han.

Han er ikkje i tvil om at sigeren gir ei ekstra gulrot i arbeidet vidare.

– For Ragnhild sin del, å få ein siger her gir ein veldig motivasjon inn mot neste sesong, seier han.

Takkar for tidleg startnummer

Mowinckel starta allereie som nummer tre ut av løypa, og akkurat det startnummeret var den norske kvinna særs glad for å få.

– For hovudet mitt var eg veldig glad for at eg var tidleg ute, og kunne sleppe å måtte sjå på alle andre og tenkje at det er vanskelegare enn det er. Eg skjønte at eg kunne tene på å vere tidleg ute, seier ho.

Favoritt etter favoritt hamna bak.

Då Mikaela Shiffrin sette utfor med startnummer elleve, var spenninga ekstremt stor. Berre fem hundredelar skilde dei to, og denne gongen var marginane på Mowinckel si side.

– Korleis var det å vente på Shiffrin?

– Det var nervepirrande, men ekstremt deileg å sjå at denne gongen var det endeleg min tur.

Vanskeleg sesong

Shiffrin vann verdscupen samanlagt, til trass for ein berg-og-dalbane-sesong. I OL skuffa ho stort.

4oYYcqtlC5k

KLEM: Kjærast Aleksander Aamodt Kilde gir Mikaela Shiffrin ein klem etter at totalcupen var sikra.

Foto: SEBASTIEN BOZON / AFP

– Det har vore nokre høgdepunkt denne sesongen, men òg nokre skikkeleg vanskelege augeblikk. Dette er den mest forvirrande sesongen eg har hatt, seier Shiffrin og held fram:

Eg klarer å prestere greitt i fartsdisiplinane, men eg vil ikkje seie at eg hadde rett mentalitet eller energi for å klare å vinne. Eg kan ikkje forstå at det enda på denne måten, seier Shiffrin.

Mowinckel har ikkje anna enn respekt for den meritterte utøvaren.

– Det er så vanvitig det ho får til. Ho fortener det, som har vore under eit umenneskeleg press, seier ho.

Laurdag er det finale i storslalåm, og det blir siste renn for Mowinckel denne sesongen.

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

    en person som ligger på bakken med en person midt i seg
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal