Hopp til innhold

Oppfordra av trenaren til å delta i reality: – Ikkje sikkert det var det smartaste

Først tenkte trenaren det var ein god idé. Like sikker var han ikkje da han såg rullegardina gå ned for ei skadd Mimmi Löfwenius Veum i «24-stjerners julekalender».

Mimmi Löfwenius Veum

FLAUTT: Löfwenius vrir seg i stolen og ler når ho ser klipp frå julekalenderen.

Foto: Haakon Laastad / NRK

Snart har det gått eitt år sidan Mimmi Löfwenius Veum rauk både korsbandet og menisken i cupfinalen. Heile det siste året har det meste handla om å komme tilbake på fotballbanen.

– Det har vore eit heilt ekstremt år, eit krevjande år, der ein heile tida er på grensa. Av og til kjem ein over grensa og da blir det brått veldig mørkt, seier Löfwenius til NRK.

Mimmi Löfwenius Veum, korsbåndskade

KONTRAST: Slik såg kneet til Veum ut etter skaden i cupfinalen i fjor.

For av og til har det vore vanskeleg å halde tilbake og ta ting i tempoet sitt. Noko som har vore vanskeleg å unngå for ein som har tolmod som sin verste fiende – så mykje at ho kallar det «pesa».

Og med eit skadd kne, trong ho ein annan stad å få ut konkurransemennesket i seg.

  • Sjå cupfinalen mellom Vålerenga og Rosenborg på NRK1 frå klokka 14.50 søndag.

– Oppfordra henne til det

Derfor greip ho moglegheita da realityjulekalenderen «24-stjerners julekalender» trong 24 nye kjente fjes. Der fekk ho ein pause frå mykje av det vonde rundt skaden som kunne prege kvardagen.

Og deltakinga skjedde med velsigninga til trenaren.

– Kva synest du om at ho er med på sånne konsept som det der?

– Vi oppfordra henne eigentleg til det, når ho blei skadd igjen. Finn noko anna å fylle livet med ved sida av, seier Lexerød.

Toppserien 2024 Vålerenga - Rosenborg

GJENKJENNELEG: Lexerød er vand til å måtte halde Veum tilbake når ho vil litt for mykje.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Dermed tok Löfwenius Veum og knea sjansen.

– Det var ekstremt spennande og gøy, og eg er veldig, veldig takksam for moglegheita. Vanvitig digg å få konkurrere litt sånn, seier Veum, som måtte prøve å dempe konkurranseinstinktet:

– Det verste er at eg kjente litt sånn til tider at eg måtte legge litt skjul på det. Så eg håpar at eg kjem fram meir sympatisk enn eg kanskje normalt sett er i konkurransesamanheng, seier ho og ler.

Les også VIF-assistenten forsvann: Meiner Klopp har «skulda»

Jürgen Klopp fra tiden som Liverpool-manager

Så spring vi rundt om ein einebærbusk

Men i eitt av klippa frå den kommande julekalenderen, kan ein sjå Löfwenius som ikkje held noko tilbake når ho spurtar rundt ein einebærbusk – med skadd kne.

– Da var den der rullegardina igjen, veit du. Det var konkurranse, seier ho etter å ha sett klippet frå ei lagkonkurranse frå serien:

Når NRK viser trenar Nils Lexerød klippet frå julekalenderen, er han ikkje overraska over det han ser.

– Det er sånn som eg kjenner henne. Ho har jo ingen hemningar. Så det er jo akkurat sånn som ho verkar her, som ho er i garderoben hos oss òg. Og så er det jo kor smart det her var på det tidspunktet. Det er jo ein annan diskusjon. Men det er jo derfor vi må halde henne litt igjen, da, seier Lexerød.

– Kanskje ikkje heilt ideelt med tanke på kneet?

– Det er ikkje sikkert det var det smartaste, men det gjekk bra. Men i eit lengre perspektiv så kan det hende at dette var lurt.

– Ho er 30 år. Ho har vore gjennom det ein gong før. Eg trur at det kan bidra til at ho forlengar karrieren sin og speler litt fleire sesongar for oss. At ho fekk lov til å bruke det året her til å gjere litt andre ting. Eg trur at viss vi hadde vore veldig strikte med henne det året her, så hadde ho lagt opp.

Mimmi Löfwenius

ENGASJERT: Veum er som regel full av engasjement på banen og konkurranseinstinktet kjem ofte til syne.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Vanskeleg å dra i handbrekket

Usikkerheita har gjort at Veum har tenkt at comebacket kanskje aldri skulle komme. Men slutten er ikkje nær for Vålerenga-spelaren.

Nyleg blei det klart at ho får vere ein del av troppen til cupfinalen mot Rosenborg – eitt år etter at ho skadde seg i nettopp cupfinalen.

– Det er heilt magisk. Endeleg. Eg har jo sett på jentene frå sidelinja i mange, mange månader. Det einaste ein har hatt lyst til er å vere saman med dei og nyte alle dei augeblinkane saman med dei. eg gledar meg heilt vilt, seier ho.

Mimmi Löfwenius

BLID: Veum håpar å kunne bidra mykje frå sidelinja under cupfinalen.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Sjølv om planen er at ho hovudsakleg skal vere med som støtte for laget frå benken, gir ho likevel ikkje heilt slepp på håpet om eit innhopp på Ullevaal. Men trenar Lexerød er redd ho skal gå inn i situasjonar ho ikkje skal inn i, om ho blir sloppen til.

– Det er jo vanskeleg å dra i handbrekket når ein først begynner å gire opp. Men gevinsten av å få vere med i troppen og få vere med jentene, det einaste ein har sikta mot nå i eitt års tid, han er allereie så stor. Så klart, eg skal ikkje legge skjul på at eg har sinnssjukt lyst til å få eit par sekund utpå der. Men gevinsten for meg av å berre få vere med i troppen, han er god nok han, seier Veum.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Ruud fikk revansj mot Shapovalov – klar for finalen i Stockholm

    Casper Ruud er klar for finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt. Han slo kanadiske Denis Shapovalov i strake sett (6-3, 6-4).

    Dermed fikk Ruud revansj fra finaletapet i Dallas tilbake i februar, der det var Shapovalov som stakk av med tittelen etter å ha slått nordmannen i strake sett.

    I finalen møter Ruud franske Ugo Humbert. Han gikk videre fra semifinalen mot Holger Rune etter at dansken røk en akillessenen underveis i kampen.

    Finalen spilles søndag.

    en person som slår en ball med en tennisracket
    Foto: MAGNUS LEJHALL / AFP / NTB
  • Uheldig Diggins pådro seg brudd: – Jeg sparket borti sofaen

    Den amerikanske langrennsstjernen har pådratt seg et brudd i lilletåa. Nyheten deler hun selv på Instagram.

    – Jeg sparket borti et sofahjørne og så brakk den, forteller Diggins.

    34-åringen virker å vært ved godt mot tross skaden, og hun virker ikke nevneverdig bekymret med tanke på den kommende sesongen.

    – Jeg har aldri brukket en tå før, men det er ikke en svær greie. Det er bare en hump i veien og en interessant historie på veien til OL, fortsatte Diggins.

    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Ny Rosenborg-nedtur – mistet seieren på overtid

    Rosenborg har slitt den siste tiden, men borte mot Bryne så de lenge ut til å få med seg en svært etterlengtet opptur.

    Slovakiske David Duris sendte bortelaget i ledelsen etter halvtimen spilt, men etter hvilen var landsmann Tomas Nemcik uheldig da han satte ballen i eget mål.

    Fem minutter før slutt dukket Rosenborgs høyrekant opp igjen. Duris hamret inn ledermålet, men gleden ble kortvarig.

    På overtid smalt det i andre enden. Duarte Moreira sørget for at det endte 2-2 på Jæren.

    Rosenborg har nå gått fire eliteseriekamper på rad uten å vinne. Den forrige seieren i serien kom mot Haugesund tilbake i september.

    Det har gjort at Rosenborg har havnet i ingenmannsland på tabellen. De ligger på en 5.-plass, men har nå sju poeng opp til Tromsø på plassen over.

    For Bryne kan poenget vise seg å bli gull verdt. De er fortsatt i nedrykksstriden.

    Etter 25 kamper ligger Bryne på 14.-plass, fire poeng foran Strømsgodset som ligger på direkte nedrykk.

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal