Hopp til innhold

Legenda sitt utspel vekkjer harme: – Øydelegg heile friidretten

Michael Johnson (55) meiner at friidretten må tenkje nytt. Men det radikale forslaget til OL-meisteren vekkjer kraftige reaksjonar frå mange.

Sprinter Johnson of the U.S. speaks during the Doha GOALS forum in Doha

LEGENDE: Michael Johnson er blant friidrettens mestvinnande og største utøvarar gjennom tidene. Hans nye forslag møter sterk motbør.

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

Michael Johnson har gått i tenkjeboksen og gjennom ei rekkje meldingar på Twitter har han presentert idear om korleis sporten bør forandrast.

Amerikanaren meiner at friidretten er inne i ein kritisk fase, og seier at det er nødvendig å tenkje nytt for å tiltrekkje seg fans og auke populariteten til sporten.

Nokre av forslaga frå 55-åringen er både radikale og kontroversielle:

  • Berre inkludere øvingar som kan sendast på TV frå start til slutt i eitt strekk. Det vil seie sprintøvingar, mellom- og langdistanseløp og stafettar.
  • Tekniske øvingar som stavsprang, lengde, sleggekast m.fl. blir berre inkludert i stemnet om dei blir gjorde i eit nytt format og kan fullførast på maks 15 minutt.
  • Johnson meiner at folk flest ikkje liker variasjonen i friidrett, og at spesielt dei tekniske øvingane er vanskeleg å kringkaste og marknadsføre.
Friidrett, EM i München

EM-BRONSE: Pål Haugen Lillefosse er sterkt usamd med Johnson

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg trur mange i sporten er motvillige til å anerkjenne at tekniske øvingar er eit problem, skriv Johnson, som har fire OL-gull og åtte VM-gull på merittlista.

Nokon støttar tankane hans, medan andre rasar mot forslaga.

Det er noko av det dummaste eg har høyrt, seier stavhoppar Pål Haugen Lillefosse til NRK.

– Det er heilt tullete

Han seier at Johnson vanlegvis er ein mann han ser opp til, men at desse forslaga skakar han.

Då tek du vekk ein halv idrett. Eg har ikkje lese dette her før no, men det er ganske sjukt å seie. Du øydelegg heile friidretten ved å fjerne det, meiner han.

Lillefosse får støtte av lengdehoppar Ingar Bratseth-Kiplesund, som også ville vorte ramma om Johnson fekk viljen sin.

Det er heilt tullete, seier trønderen.

Friidrett, EM i München

FLYR LANGT: Kiplesund sette nyleg norsk rekord i lengde med 8,21 meter.

Foto: Javad Parsa / NTB

Lillefosse trekkjer fram at den høgaste rangerte friidrettsutøvaren i verda, Armand Duplantis, hadde forsvunne om Johnsons endringar hadde vorte innførte.

Viss du hadde kutta Ronaldo frå fotballen, hadde det gjort noko med heile idretten, samanliknar han.

Kiplesund nemner den ikoniske verdsrekorden til Bob Beamon frå OL i Mexico som eit augeblikk som aldri hadde skjedd utan lengde på programmet.

Eg trur det er for mange som tenkjer for komplisert om friidrett som produkt. Dei som er interesserte i friidrett, er interesserte i friidrett slik som idretten er opphavleg, seier han.

1968 Olympics Mexico City

HISTORISK: Beamon hoppa 8.90 meter, 55 centimeter enn den førre verdsrekorden. Den stod i heile 23 år.

Foto: AP

Warholm om Johnson-utspelet

Johnson understrekar at han elskar friidrett, og at han berre ønskjer at fleire hardtsatsande utøvarar skal kunne leve av idretten og få respekten dei fortener.

– Mange utøvarar slit med å tene nok, den mentale helsa deira blir ramma, og sjølv ikkje dei beste tener nok samanlikna med mindre suksessfulle utøvarar frå andre idrettar. Eg peikar ikkje berre på problem, eg prøver å finne løysingar, forsvarer Johnson seg på Twitter.

Sports Pictures of the Year 2021

HISTORISK: Her har Warholm akkurat sett verdsrekord på 400 meter hekk.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Karsten Warholm starta karrieren som mangekjempar og har vore innom dei fleste øvingar som friidretten har å by på. Han har fått med seg at meiningane er sterke om korleis idretten bør formast for framtida, men at han slit å sjå saka frå ståstaden til andre.

Eg er friidrettsfan, eg er glad i friidrett og ser på all friidrett. Eg synest Diamond League-stemna er topp underhaldning, og eg er veldig glad i tekniske øvingar. For meg blir det veldig vanskeleg å seie at ein skal gjere det sånn, for eg set veldig pris på sånn det er no, seier friidrettsstjerna til NRK.

Les også Warholm-grep blei håna – slik svarer stjerna på kritikken

Warholm

Warholm har hatt friidrett på sitt eige stemne i Ulsteinvik og fortel at det nesten er ingenting publikum liker betre. Sunnmøringen er open for at friidretten må følgje med i tida, men det må gjerast på rett måte.

Ein kan ikkje tvinge folk til å like friidrett. Det er ei konkurranseform som har eksistert sidan for alltid nesten. Den er tidlaus i enkelheita si. Så kan ein sjå på formata og tilpasse dei, men ein kan ikkje dra det dit at ein skyt pil og boge på dei som spring 400 meter hekk fordi det skal vere spennande for dei som liker pil og boge. Vi må byggje rundt det som eksisterer, meiner OL-meisteren.

Sportsnyheter

Martin Ødegaard i sportsuniform

Landslagssjefen om Ødegaard-skade: – Blir forbanna og lei deg

Kampen mot Israel sees på som det siste hinderet før Norge kan rette øynene mot VM. Og den blir spilt uten landslagskaptein Martin Ødegaard.

Hikaru Nakamura med hånden på ansiktet

Stjernens «skamløse» manøver førte til upopulært grep: – Heller bensin på et brennende bål

En ny regel skaper oppstyr blant flere av verdens beste sjakkspillere.

en mann som holder en annen mann

Måper av Haaland-statistikken - roses opp i skyene av manageren

Han knuser rekord etter rekord. Nå hylles Erling Braut Haaland av både eksperter og Pep Guardiola.

Siste nytt

  • Michael Brandsegg-Nygård klar for NHL-debut – med i Detroits 23-mannstropp

    Oslo-gutten Michael Brandsegg-Nygård (20) er trolig med når Detroit Red Wings sesongåpner i NHL mot Montreal Canadiens natt til fredag norsk tid.

    I så fall blir han den tiende nordmannen gjennom tidene som får spille kamp i verdens beste ishockeyliga. Og også den yngste, ifølge TV 2.

    – Jeg er så stolt av ham. Jeg vet ikke hvordan jeg skal forklare det engang. Det er så enormt, sier faren, Kjell Richard Nygård, til kanalen.

    Brandsegg-Nygård har imponert stort i sesongoppkjøringen og bidro blant annet med to scoringer i generalprøven mot Toronto Maple Leafs (6-5-seier) i helgen.

    Detroit-stallen ble slanket med ytterligere to mann mandag og teller nå 23 spillere. Ifølge podkasten Locked On Red Wings innebærer det at 20-åringen er inne i den endelige troppen som skal starte sesongen. Det antydes også i Red Wings' egen artikkel om troppsreduksjonen.

    Brandsegg-Nygård ble valgt av Red Wings i NHL-draftens første runde i fjor, og etter et år på lån i svenske Skellefteå har han satset for fullt i USA inn mot denne sesongen.

    Mandag ble han drillet i lagets annenrekke på trening, og Detroit-trener Todd McLellan fikk spørsmål om Brandsegg-Nygård og to andre juniorer har sikret plassen i laget.

    – Vel, de er her på trening i dag. Det er et veldig godt tegn. (NTB)

    en hockeyspiller i uniform
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • Ishockey: Lillehammer klatret til 4.-plass

    Adrian Ellingsen viste vei med to mål da Lillehammer slo Narvik 5–2 og klatret på eliteserietabellen i ishockey.

    For Narvik ble det nok en tøff bortekamp og tremålstap for annen gang på tre dager. I helgen røk de 1–4 for Vålerenga i Jordal Amfi. Laget fra Nordland ligger nest sist på tabellen med sju poeng fra ni kamper.

    Lillehammer startet solid på egen is og tok føringen allerede etter 43 sekunder ved David Nilsson. Ellingsen la på til 2–0 mot slutten av en periode der vertene vant skuddstatistikken 16–4.

    Etter en målløs midtperiode tente Linus Hedman håpet for Narvik tidlig i den tredje. Men Lillehammer svarte nådeløst og scoret to ganger rundt midtveis i perioden.

    Narvik reduserte igjen til 2-4, men Ellingsen punkterte kampen med sin 5-2-scoring snaue tre minutter før slutt.

    Trepoengeren gjør at Lillehammer etter åtte kamper er oppe på 4.-plass i ligaen. Vålerenga topper foran Frisk Asker og Stavanger. (NTB)

    en hockeyspiller i uniform
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Tom Dent ferdig som Raufoss-trener

    Den nedrykkstruede 1.-divisjonsklubben Raufoss skiller lag med hovedtrener Tom Dent etter flere svake resultater den siste tiden.

    I en pressemelding på eget nettsted skriver Raufoss at klubben og Dent i fellesskap er kommet til enighet om å avslutte samarbeidet med umiddelbar virkning.

    «Bakgrunnen for beslutningen er sammensatt, men klubbens utfordrende tabellposisjon fem kamper før sesongslutt har vært en sentral faktor», heter det i meldingen.

    Raufoss har tapt seks av sine sju siste kamper og ligger på 13.-plass i 1. divisjon. Det skiller tre poeng til Stabæk på kvalifiseringsplassen og sju poeng til Mjøndalen på den øverste nedrykksplassen. De to sistnevnte har begge én kamp mindre spilt enn Raufoss. (NTB)

    en gruppe fotballspillere i en kamp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal