Hopp til innhold

Santos: «Nei, eg meiner han skulle aldri ha hatt det raude kortet»

(SOGNDAL - SARPSBORG 08 0-0): Den kontroversielle utvisninga av Tom Erik Breive prega kampen mellom Sogndal og Sarpsborg. Sjølv meiner Ricardo Santos at det aldri skulle ha vore raudt kort.

Ricardo Santos i duell med Sarpsborg-keeper Duwayne Kerr

IKKJE RAUDT: Ricardo Santos meinte det raude kortet var feilaktig. Biletet syner spissen i duell med keeper Duwayne Kerr.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var ein duell der eg prøvde å beskytte ballen. Eg merka at han var sterk, og så sparka han meg då eg prøvde å gå vidare, fortel Ricardo Santos.

Episoden han siktar til vart den mest omdiskuterte hendinga etter kampen mellom Sogndal og Sarpsborg 08: Berre nokre minutt før pause vart det litt klammeri mellom Santos og Breive under ein duell på midtbana.

Knuffing som enda med raudt

Santos hadde tydeleg armane sine oppi fjeset på Breive, og det heile enda med at Breive sprang Sogndal-spissen over ende. Det kunne sjå ut som ein hamnaksjon - noko dommar Ola Hobber Nilsen tydelegvis meinte.

Men korkje Santos eller Breive er samde...

– Det er slikt som skjer i ein kamp, seier Santos.

– Du synest ikkje han burde ha hatt raudt?

– Nei, nei.

Og her er Breive sitt synspunkt:

– Det er Santos som spring inn i løpebana mi. Eg feller han ikkje med vilje - dette var toppen gult kort, seier han.

Nøgd med det eine poenget

Då NRK.no konfronterer Sogndal-trenar Jonas Olsson med episoden, trekkjer han først lett på skuldrane.

– Eg kan ikkje uttale meg om den situasjonen, ettersom eg ikkje såg kva som skjedde. Eg registrerte at Santos hadde armane høgt, men elles ikkje meir, seier han.

Det er umogleg å seie kva utvisninga fekk å seie for resultatet, men Sarpsborg-stoppar Christian Brink er klar i si sak:

– Det er klart det pregar kampen for oss. Likevel synest eg vi prøver å spele oss til poeng, og vi klarer å få med oss det eine. I dag må vi nok vere nøgde med det, seier han til NRK.no.

Stemninga var naturleg nok ikkje like god i Sogndal-garderoben.

– No er eg veldig skuffa. Det er frustrerande å vere éin mann meir og ikkje klare å avgjere kampen, seier kaptein Per Egil Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo i angrep mot Sarpsborg 08

NULL MÅL: Ulrik Flo og dei andre Sogndal-spelarane greidde ikkje å bryte gjennom forsvarmuren til Sarpsborg 08.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogndal nærast før pause

Sarpsborg opna kampen best, men allereie etter ti minutt byrja heimelaget å komme betre med i oppgjeret på Fosshaugane - og Ricardo hadde to store sjansar til å gje Sogndal leiinga.

Først vart han lekkert spelt gjennom, men brende sjansen åleine med keeper. Deretter bles han eit skot frå spiss vinkel langt over mål..

Utover i omgangen var Sogndal mest aggressive, medan Sarpsborg 08 stod fram som eit ballsikkert lag. Heimelaget låg bakpå og kom på raske overgangar, og fleire kunne med litt meir presisjon ha enda i store sjansar.

Etter ein halvtimes spel var Santos ikkje langt unna å få nettkjenning med eit forsøk på brassespark inne i feltet.

Fem minutt før pause småknuffa Ricardo Santos og Tom Eirik Breive i ein duell på midtbana. Då førstnemnde spelte ballen frå seg, sprang Breive Santos over enda - og dommar Ola Hobber Nilsen delte resolutt ut det raude kortet til midtbanegeneralen til Sarpsborg.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-0, etter at Sogndal hadde vore nærast scoring dei første 45 minutta.

Ingen klarte å score

Utvisningar pregar kampar, og det var eit langt meir defensivt Sarpsborg som kom på bana etter pause. Heimelaget stod på si side høgare i bana.

Men det var Sarpsborg som kom til den første sjansen etter fem minutts spel: Ei flott opprulling enda ute hos Claes Jørgensen, som sette ballen rett på keeper Erik Dahlin.

Eit kvarter ut i omgangen rulla Sogndal opp framfor Sarpsborg sitt mål. Ballen enda hos Ulrik Flo, men begge skota frå spissen vart blokkerte.

Fem minutt seinare var Sarpsborg igjen nær scoring. Mohammed Elyounoussi flikka ballen vidare inne i 16-meteren, og der kom Gudmundur Thorarinsson i fullt firsprang. Skotet gjekk over mål.

Nokre minutt før full tid fekk heimelagets Magnus Stamnestrø ein gedigen sjanse frå litt skrått, men skotet gjekk utanfor - til stor fortviling for dei 2200 frammøtte på Fosshaugane. Dermed vart det 0-0 og poengdeling mellom Sogndal og Sarpsborg 08.

Siste nytt

  • Ronny Deila ferdig som trener i Atlanta United

    Ronny Deila (49) får ikke fortsette i Atlanta United. Han har slitt med å få resultater etter MLS-comebacket.

    Klubben bekrefter avgjørelsen på sine nettsider. Deila avsluttet grunnserien i MLS med å spille 1–1 mot DC United natt til søndag.

    Deila hadde kontrakt til og med 2027-sesongen, men nå er samarbeidet over etter én sesong. Under telemarkingen hadde Atlanta United sin verste seriestart siden Georgia-klubben begynte å spille MLS-fotball i 2017.

    Motgangen kom selv om profiler som Emmanuel Latte Lath og Miguel Almirón ble hentet før sesongen.

    Deila mistet jobben etter sesongavslutningen søndag. (NTB)

    en mann med hånden på ansiktet
    Foto: LEONARDO FERNANDEZ / AFP / NTB
  • Nordmann med sølv i 24-timers VM i Frankrike

    Jo Inge Norum (48) løp 285 kilometer i løpet av de 24 timene i VM i Frankrike, noe som holdt til VM-sølv og ny nordisk rekord.

    – Det føles veldig, veldig bra. Det var bedre enn forventet. Jeg forventet kanskje topp 10 opprinnelig, men så spiste jeg meg stadig innpå underveis, sier en litt sliten men fornøyd Norum til NRK.

    – Det er kjempestort. Han setter jo ny norsk rekord og i tillegg ny nordisk rekord, sier lagleder Lars Erik Gylland.

    Ukrainske Andrii Tkachuk løp 294 kilometer og sikret seg gullet. Finske Jonka Matti tok bronsen med to kilometere kortere distanse enn Norum.

    I kvinneklassen ble Ida Slorafoss beste norske kvinne med 240 kilometer og en 9.-plass.

    Jo Inge Norum jubler for VM-sølv.
    Foto: Aina Nygård / Aina Nygård
  • Hovland avsluttet med et brak i India: – Du er jo ikke sann

    Viktor Hovland spilte seg opp til 6.-plass på siste dag av europatourturneringen i New Delhi i India.

    På det 18. og siste hullet klinket nordmannen til med en eagle og bykset opp på resultatlistene.

    – Du er jo ikke sann! utbrøt Viaplay-kommentator Joakim Mikkelsen etter at Hovland chippet ballen i koppen fra omkring 22 meter.

    Hovland endte turneringen med 17 slag under par på delt 6.-plass. Tommy Fleetwood vant turneringen med 22 slag under par. Keita Nakajima fra Japan ble nummer to.

    Turneringen var Hovlands første siden han fikk nakketrøbbel i Ryder Cup, der han måtte stå over siste dag og som tilskuer se Europa sikre tittelen.

    – Nå håper vi at nakke og alt samarbeider de neste ukene, sa Mikkelsen.

    (NTB)

    Viktor Hovland
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal