Hopp til innhold

Carlsen-klippet går viralt igjen og igjen – gav opp å stoppe delinga

Magnus Carlsen er eit internasjonalt fenomen, også utanfor sjakkverda. Spesielt eitt klipp går støtt og stadig som ei farsott i sosiale medium.

Magnus Carlsen og Gary Kasparov

SJÅ KLIPPET: Det er dette klipt som støtt og stadig blir spreidd i sosiale medium.

13 år gamle Magnus Carlsen forlèt bordet, medan dåverande verdseinar Garri Kasparov blir sitjande åleine igjen og tenkje så det knakar.

Det norske supertalentet tek seg tid til å kikke på dei andre partia i hurtigsjakkturneringa og går roleg tilbake til brettet når han høyrer at Kasparov endeleg gjer eit trekk.

Klippet av den historiske hendinga har blitt ståande igjen som eit av mange bevis på Carlsens briljans og talent, og går stadig vekk viralt på internett.

Seinast førre veke då Elon Musk oppdaga videoen på kontoen Historic Vids på X. Musk, som er sjef for X og ein av dei rikaste mennene i verda, nøgde seg med å kommentere med ein flamme-emoji.

Klippet har i skrivande stund 15,5 millionar visningar og fleire enn 115.000 likarklikk.

Sjå dokumentaren her:

Magnus Carlsen og Gary Kasparov

SJÅ DOKUMENTAREN: Magnus Carlsen: Prinsen av Sjakk.

– Gøy at Musk kommenterer

Dette er ikkje første gong at Øyvind Von Doren Asbjørnsen opplever at andre brukar klipp frå dokumentaren hans «Prinsen av sjakk» utan løyve. I byrjinga prøvde han å halde kontroll på det, men oppgåva viste seg umogleg.

– Å stoppe spreiinga av filmen vart som å hogge hovudet av eit troll, – hogga du av eitt hovud, så dukka det berre opp tre nye. Klippet har jo no blitt delt og vist millionar av gongar på sosiale medium. Det er greitt, for det er jo unike historiske bilete. Eg synest det berre er gøy at Elon Musk og mange andre berømte personlegdommar likar og kommenterer klippa, fortel han til NRK.

Øystein Von Doren Asbjørnsen

LYKKETREFF: Dokumentaren «Prinsen av sjakk» vart ein stor suksess for regissør, Øyvind Von Doren Asbjørnsen. I seinare tid har klipp frå dokumentaren fått eit nytt liv på internett.

Foto: PRIVAT

– Kvifor trur du at klippet har blitt så populært?

– Det er noko med den vesle guten mot den store meisteren. Kasparov hadde jo ein skremmande personlegdom og psyka ned motstandarane. Så når Magnus på 13 år spelar mot den rutinerte verdsmeisteren, får du den klassiske underdog-historia.

Dette imponerte mest med unge Carlsen

Russiske Kasparov er ingen kven som helst i sjakken. Når folk diskuterer kven som er den beste sjakkspelaren i historia, er det ofte Kasparov og Carlsen det står om.

Situasjonen var ein heilt annan i 2004, då dei møttest for første gong. Kasparov hadde vore verdsmeister mellom 1985–2000 og var den høgast rangerte spelaren i historia (2851 ratingpoeng) på det tidspunktet.

aWrrwbBS8fY

LEGENDEMØTE: Magnus Carlsen, her 13 år, har sidan passert Kasparov som den høgast rangerte sjakkspelaren i historia.

Foto: NTB

Difor lét Von Doren Asbjørnsen seg forbløffe over kor samla og fokusert vedunderbarnet var i møte med legenda.

– Han ville veldig gjerne spele mot Kasparov som var den største sjakkspelaren i historia. Så eg vart veldig imponert over at Magnus greidde å halde hovudet kaldt og spele like bra som Kasparov. Det var ei stor oppleving å vere vitne til noko så historisk og ikkje minst få fanga det på film, seier ålesundaren.

Gamletrenar, Simen Agdestein, fortalde den gongen til VG at 13-åringen hadde giganten heilt i kne, men måtte konstatere at sigeren glapp på tidsnød. I det neste partiet vart det tap.

Sjakkommentator, Torstein Bae, framhevar den sigershungrige viljeskallen som det mest oppsiktsvekkjande ved Carlsen.

– Det er svært sjeldan Kasparov møter barn i ein reell tvikamp i ei seriøs turnering. Dei fleste ville sitte som eit ospelauv og riste av nervøsitet når ein får sjansen mot einaren til sjakken. Magnus derimot har sjølvtillit til å klare å klare remis og vere tydeleg irritert når han tapar til slutt, seier Bae.

yngre Kasparov

ROLLEBYTE: Kasparov (til venstre) var sjølv van til å vere vedunderbarnet som utfordra den etablerte eliten. I oppgjeret mot Carlsen var rollene reverserte, og han vart sitjande ein smule nervøs over å kunne bli den vaksne taparen.

Foto: Rob Taggart / AP

Etter partiet sa Carlsen ergerleg til seg sjølv at han spelte som eit barn. Å ikkje vere fornøgd med godt nok, men stadig jakte på siger trur Bae kan vere nøkkelen til Carlsens suksess.

– Andre er tilfreds med bra resultat og spele remis mot dei beste, men det er ikkje nok til å bli den aller beste.

Les også Carlsen-tal forbløffar: – Det er ganske ekstremt

Carlsen

Audmjuka av Carlsen

Rettane til dokumentarane vart selde til TV-kanalar verda rundt, dermed har det vore nokre kroner å tene for filmskaparen.

Kva var det som fascinerte deg mest i møtet med Carlsen?

– Det var at han var så dedikert, og ikkje minst minnet og kreativiteten. Det kom så enkelt og naturleg for han, seier han.

Og fortel om då han var så heldig å få eit parti mot den kommande verdsmeisteren under filminnspelinga.

– Han syntest det var kjedeleg å sitje og vente, så han spurde meg om vi kunne ta eit parti. Eg sa at det ikkje var noko vits, du kjem jo til å slå meg uansett.

– Så seier han at han kan spele utan springarane. Då tenkte eg at no skal eg setje guten på plass. Men han gjorde det til terrengfordel å ikkje ha springarar, og slo meg til slutt rimeleg enkelt, fortel Von Doren Asbjørnsen, som beskriv seg sjølv som ein hobbyspelar.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. To lagkamerater gjorde at den totale poengsummen ble 180 poeng.

    Under den siste etappen av Tour de Guanxi ble spurteren Stanisław Aniołkowski nummer to. Det betyr 25 nye poeng til det franske laget. I tillegg fikk Sylvain Moniquet 20 poeng for 19.-plassen sammenlagt.

    Avstanden er dermed nede i 176 poeng i favør Uno-X.

    Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. Svaret får vi etter klokka 17 i dag.

    På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto, vil 19.-plassen på årets ranking holde til World Tour-lisens for de kommende tre årene.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal