– Det er jo ganske ekstreme tal, eigentleg.
Det seier Tarjei J. Svensen, sjakkekspert og journalist for Chess.com.
Fredag er det klart for finale i Speed Chess Championship, der Magnus Carlsen skal møte Hikaru Nakamura.
På vegen dit har han slått Santosh Gujrathi Vidit 17,5-8,5, Jan Nepomnjasjtsjij 20,5-9,5 og Wesley So 22–7.
EKSPERT: Tarjei Svensen.
Foto: Mads Nyborg Støstad / NRKDet som verkeleg har imponert Svensen er kor nøyaktig nordmann har spelt. Før semifinalen mot So tysdag var han ute på X (tidlegare Twitter).
Der framheva han at Carlsen hadde høvesvis 92,7 prosent og 91,1 prosent mot Vidit og Nepomnjasjtsjij målt i kor nøyaktig han spelte. Det vil seie kor ofte Carlsen gjer det trekket som sjakkcomputeren meiner er det beste trekket.
I kampen mot So enda Carlsen rett over 93 prosent. Til no i turneringa har dermed Carlsen dei tre høgaste nøyaktigheitskårane av alle spelarar.
– Nivået er ganske skyhøgt
I tillegg til dei tre kampane Carlsen har spelt, har det også vore elleve andre kampar i turneringa med 16 av dei fremste spelarane i verda.
– Ein skal ikkje sjå seg heilt blind på at det nødvendigvis betyr at Carlsen er den beste spelaren. Ein skal ikkje overforklare dei tala, men det er ein indikator på kor høgt nivå han held. Han er ganske klart best i snitt dei tre kampane han har spelt, seier Svensen.
– Han har spelt 85 parti og har ein nøyaktigheit på 92–93 prosent. Det er ganske ekstremt, samanlikna med ein computer, seier han vidare.
Den norske sjakkjournalisten har følgt turneringa tett for arrangør chess.com og har også jobba med statistikk rundt turneringa.
Sjølve turneringa blir arrangert slik at det blir spelt med tre ulike tenketider. Først blir det spelt parti i 90 minutt med fem minutt i tenketid, med eitt sekund i tillegg for kvart trekk.
Deretter er det 60 minutt med tre minutt tenketid, med eitt sekund i tillegg for kvart trekk, før det blir avslutta med 30 minutt med eitt minutt tenketid og eitt sekund i tillegg for kvart trekk.
– Han held omtrent like høgt nivå i 1+1 som i 5+1. Det er litt fleire feil, men nivået er ganske skyhøgt. Nøyaktigheiten tek jo ikkje omsyn til tenketida, ho vurderer berre kvalitetane på trekka, seier han og held fram:
– Det er ganske ekstreme tal og veldig mykje høgare enn alle andre.
RIVAL: Hikaru Nakamura er ein av verdas beste sjakkspelarar.
Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFPKan revansjere finaletap
Svensen tek eit lite atterhald med jo dårlegare motstand ein spelar møte, jo enklare er det for ein spelar å få ein høg nøyaktigheitsskår.
Han er samtidig klar på at det ikkje er noko mistenkjeleg rundt Carlsens tal.
Då saka mellom Magnus Carlsen og Hans Niemann storma i fjor, vart mellom anna fleire langsjakkparti der Niemann hadde 100 prosent i nøyaktigheitsskår trekt fram mot Niemann.
– Det er ingen mistanke mot Magnus i det heile. Det er absolutt ingen som gjer det, for ein veit at Magnus er på det nivået, meiner Svensen.
I finalen i Speed Chess Championship fredag får Carlsen høvet til å revansjere finaletapet i fjor. Då vann Nakamura 14,5-13,5.
Carlsen vann turneringa då ho først heitte GM Blitz Battle Championship i 2016 og på ny året etter, då under namnet Speed Chess Championship. Nakamura har vunne dei fem siste utgåvene.
– Viss du ser på nøyaktigheitsskåren, så er Nakamuras ganske mykje lågare enn Carlsen. Eg er litt usikker på korleis det speler inn. Objektivt sett kan du seie at Magnus har den høgaste skåren og har spelt mest perfekt sjakk, seier Svensen.
Han avsluttar:
– No er det ein heilt ny kamp og det er ikkje alltid ein vinnar av å spele på den måten. Det er jo menneske det her. Det er heilt ope.