Hopp til innhold

Madelen (21) seier ho vart straffa med matnekt – storlag svarer på alvorlege skuldingar

Påstått vektpress, straffetreningar og eit brutalt regime gjorde at Madelen Holme (21) til slutt fekk nok.

Madelen Holme

TUNG PERIODE: Madelen Holme sitt proffopphald i Spania vart ikkje som ho først trudde.

Foto: Javier Minguez

Sommaren 2022 signerte Holme for den spanske storklubben Levante. Bergensaren hadde imponert for Toppserie-klubben Arna Bjørnar, og ønskte å prøve noko nytt. Sjølv om fleire europeiske klubbar var interesserte, ville ho til Spania.

– Det var veldig bra i starten, seier Holme til NRK.

21-åringen imponerer innleiingsvis etter overgangen. I forsesongen skårar ho to mål på dei to første kampane sine, mellom anna mot topplaget Real Sociedad i ein cup før sesongen.

Men raskt skulle eit brutalt regime snu inntrykket på opphaldet.

– Alt skjedde ganske fort. Eg har aldri vore borti det før. Det var ikkje noko gøy i det heile teke. Det kjendest som dei tok heilt kontroll over deg. At du ikkje fekk gjort det som var rett for kroppen din, seier Holme.

Bergensavisa har tidlegare omtalt saka.

Madelen Holme

FEKK DET TØFT: Holme meiner ho tilpassa seg kulturen i Spania raskt, men tilværet skulle etter seiande etter kvart bli brutal.

Foto: FOTO: JAVIER MINGUEZ

– Hengde opp vekta til spelarane

21-åringen seier treningsmengda i den spanske klubben var stor, og fokus på vekt og kropp: Nesten endå større.

Det kosta.

– Dei vog oss ofte kvar dag og hengde opp lister med vekta til spelarar i garderoben, synleg for alle. Dei tok frå meg mat òg, seier Holme og har ei historie frå ein frukost friskt i minne.

Holme fekk seg eit sjokk då dei tok maten frå henne.

– Det var ikkje greitt og dei tok maten frå meg. Det var ein fryktkultur når det gjaldt mat. Så vart ein straffa deretter viss dei ikkje var fornøgd med korleis du var. Det gjaldt ikkje for alle, held bergensaren fram.

– Kva vart ein straffa med?

– Det var ekstratrening. Veldig tung ekstratrening. Eg vart overtrena, svarer ho.

Madelen Holme

KANTSPELAR: Holme beskriv seg sjølv som teknisk og god éin mot éin. Ho trudde spansk fotball ville passe henne bra.

Foto: FOTO: JAVIER MINGUEZ

Mista menstruasjonen

Holme seier ho kjende seg veldig bra i starten og bygde meir musklar. 21-åringen vart ifølgje henne sjølv beskrive som ein av dei best trena i klubben.

Men regimet tærte på over tid.

Dei to siste månadene i klubben rasa ho ned i vekt, seier ho sjølv. Ekstremvarme opp mot 50 grader i Spania og eit rom utan aircondition, som klubben etter seiande ikkje ville hjelpe med, bidrog òg til å gjere vondt til verre.

– Det kjendest ikkje så bra. Eg var mykje meir slapp. Overraskande nok klarte eg å halde treningsnivået oppe, men du kjende at det tærte på kroppen.

Éin dag skjønte ho at noko var alvorleg feil.

– Du skjønner at det er noko gale når du mistar menstruasjonen, og har eit vekttap på 14 kilo på to månader, den siste tida av opphaldet. Det er ein indikasjon på at kroppen ikkje er i balanse.

Holme meiner at det var fleire ting som var uprofesjonelt i klubben. Summen av alt gjorde at ho rett før nyttår terminerte kontrakten og flytta heim til Noreg. Ho hadde fått nok.

– Det var kroppsfokuset som var det verste – avstraffinga.

NRK har førespegla kritikken overfor Levante. I eit svar skriv dei at tilnærminga deira til vekt og feittprosent er lik alle idrettar.

– Det handlar om å halde utøvaren i gode muskelmasse- og feittverdiar både for utvikling av optimale idrettsprestasjonar og for å unngå skadar og halde oppe ein optimal helsesituasjon.

Vidare grunngir dei vektkontrollen med mellom anna førebygging av overtrening og skadar. Dei skriv òg følgjande om trenarane sin interesse av vekta til spelarane.

– Målet til trenarane er ikkje at fotballspelarane skal ha lågast mogleg vekt, men heller at dei skal ha idealvekta si for utøving av sporten, både på nivået med best mogleg yting og minst sannsyn for å lide av ein skade eller helseproblem. Helsekontrollen blir utøvd av legetenesta.

Til slutt nektar dei for fryktkultur rundt ernæringa til idrettsutøvarane sine.

Les også Mener flere norske klubber stilte henne «ulovlig spørsmål»: – Føler at man ikke blir tatt seriøst

Fotball VM-kvinner 2019.

– Fryktkultur

– Sa du nokon gong frå om desse problema du nemner?

– Eg tok det opp med laget, men dei frykta posisjonane sine så ingen sa ifrå. Det var ikkje lett å formidle noko for ingen kunne engelsk. Ingen snakka til deg. Eg prøvde så godt eg kunne med nybyrjar-spansken min. Dei snakka berre spansk på feltet òg.

Holme meiner ho tok nivået i klubben lett og beskriv kjensla som «herleg». Det var godt å få stadfestinga på at ho tok nivået i ein av dei beste ligaene i verda, tenkte ho. Situasjonen var likevel ikkje levbar.

Eg ville ikkje vere ein del av eit sånt regime. Det eit var ikkje bra. Det er derfor eg har valt å fortelje om dette. Eg ville ikkje at andre skal komme i same situasjon og ønskjer å vere open om kva ein kan møte. Det er viktig at vi kvinner tør å seie frå når vi står midt oppi noko vi ikkje meiner er rett. Det er for mange alvorlege tilfelle av eteforstyrring i toppidretten og eg ønsket ikkje å bli ein av dei. Eg har optimal ekspertise på område, i nær relasjon og veit kva det kostar i livet.

No står 21-åringen utan klubb og er heime i Noreg for å trene. Ho beskriv forma som god, og kjenner at ho er tilbake på det nivået ho var før den tunge tida i Spania.

– No er det berre prøve å finne det som er best. Eg ønskjer å komme til ein klubb som ser ferdigheitene mine, x-faktor som venstrefoten, dribleferdigheitene og farta. Ho er open for klubbar i både Noreg og Europa, seier ho om det kommande klubbvalet.

Sportsnyheter

Stale Solbakken med hånden på ansiktet

Solbakken reagerte på bussen før landskampen: – Ekkelt

Da det norske landslaget ankom stadion og så sikkerhetsoppbudet før kampen mot Israel, var det flere som mislikte det de så.

Haaland om Norges enorme VM-steg: – Vi nærmer oss

Norge leverte en maktdemonstrasjon mot Israel. Gjestenes landslagssjef mener Norge er topp to i Europa.

Fryktet det verste etter Haalands straffebom: «Det er ikke mulig»

Erling Braut Haaland og Norge fikk alle tiders mulighet til å ta en tidlig ledelse mot Israel. I stedet ble den israelske keeperen helt.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal