Ho er kanskje verdas største kvinnlege friidrettsstjerne, men til NRK fortel ho at det ikkje var stjernetakter over det ho opplevde på Bislett i går.
Nett-TV:
Mista konsentrasjonen
Klokka 22 blei mange born sleppt inn på stadion. Det var etter planen, men stevnet var forseinka, og difor var verken høgde eller stav avslutta. Dette irriterte verdsrekordhaldaren
- Eg mista konsentrasjonen med ein gong. Eg såg meg rundt og prøvde å forstå kva som skjedde. Det var umogleg å vere konsentrert, seier ho.
Irriterte fleire
Forseinkinga irriterte fleire enn Isinbajeva. Den mektige friidrettsmanageren Daniel Wessfeldt hevdar publikumsinntoget kunne spolert eit verdsrekordforsøk.
- Det er lett å miste konsentrasjonen. Hadde dette vore eit verdsrekordforsøk, kunne det ha blitt øydelagt, seier han.
Isinbajeva forlot barneflokken etter tre riv på 4.95. Seks centimeter bak verdsrekorden.