Hopp til innhold

Buskerud har ikkje tillit til skistyret – Akershus droppar mistillit

Medan Akershus skikrets har tillit til Erik Røste og det sittande skistyret, ønskjer Buskerud skikrets umiddelbare endringar i organisasjonen.

Røste og Bråthen

TILLIT: Buskerud skikrets har ikkje tillit til det sitjande styret i Norges Skiforbund.

– Uavhengig av utfallet av pågåande personalkonflikt, har ikkje Buskerud skikrets tillit til at sittande skistyre vil vere i stand til å gjenopprette nødvendig tillit og omdøme ovanfor sponsorar, frivillige, aktive og alle andre som er opptatt av skisporten, seier Steinar Berthelsen som er leiar i Buskerud skikrets til NRK.

Han og styret krev difor at det blir eit ekstraordinært skiting i Norges Skiforbund. Det kjem fram i eit brev dei i dag har sendt til forbundet sentralt.

Kretsen i Buskerud har tidlegare teke opp tema med forbundet, utan at dei meiner at dei har sett nokon betring i situasjonen.

Røste etter møte

SKITING: Skipresident Erik Røste og resten av styret i Skiforbundet kan bli kasta om Buskerud skikrets får gjennomslag for eit ekstraordinært skiting.

– Vi kan ikkje sjå at skistyret har forstått og tatt konsekvensen av den omdømekrisa vi har hamna i. Etter vårt skriv opplever vi at saka dessverre har utvikla seg ytterlegare i negativ retning, står det vidare i brevet.

Skiforbundet har uttrykt ovanfor kretsen i Buskerud at dei vil igangsette tiltak for å løyse den pågåande konflikten med Clas Brede Bråthen.

– Vi kan ikkje sjå at skistyret har vore i stand til å sette i verk tiltak for å løyse personalsaka eller gjennomført tiltak som kan betre vår organisasjon omdøme som vi oppfattar å vere i fritt fall, står det i brevet som er signert eit samla styre.

Kommunikasjonssjef Espen Graff i Norges Skiforbund stadfestar i ei tekstmelding til NRK at dei har teke imot brevet frå Buskerud.

– Det er planlagt møte med både kretsleiarar og skistyret seinare denne veka og dette blir tema då, skriv Graff.

Akershus har tillit

Akershus skikrets har også hatt et møte onsdag kveld. Styremedlem Dag Helland-Hansen i Akershus skikrets bekreftar overfor NRK at dei ikkje vil komme med eit mistillitsforslag mot det sittande skistyret.

Dei vil heller presentere eitt forslag til løysing, som vil bli diskutert på kretsleiarmøte førstkommande helg.

– Vi meiner at denne løysinga vil vere betre enn eitt mistillitsforslag, skriv Akershus skikrets i ein utsegn.

Krev opprydding

Også Oslo skikrets har sendt eit brev der dei ber om at Skiforbundet ryddar opp i saka som går føre seg med Clas Brede Bråthen.

– Heile prosessen er dessverre blitt negativ for oss som organisasjon. Inntrykket er at saka har blitt handsama på ein svært uheldig måte, står det i brevet som er signert kretsleiar Gudbrand Bakke og Atle Rolstadaas og som NRK har fått tilgang til.

Atle Rolstaddaas

BEKYMRA: Atle Rolstadaas er nestleiar i Oslo skikrets og har signert brevet til Skiforbundet.

Foto: Thomas Brun / NTB

Skikretsen i Oslo presiserer at dei ikkje vil meine noko om innhaldet i den pågåande konflikten, men stiller likevel tre konkrete krav til styret i Skiforbundet.

  • Sjå eit meir synleg skistyre framover – både intern i organisasjonen og i det offentlege rom.
  • At det blir tatt aktive grep knytt dei interne forhold som står fram som kritikkverdige, og at vi blir orientert om desse på kommande kretsleiarmøtet.
  • At skistyret legg fram forslag til tiltaksplan på kretsleiarmøtet for korleis vi som organisasjon saman skal endre bilete av skiidretten slik det no står fram.

Bryt ned omdøme

– Vi er svært bekymra for situasjonen. Gjennom media er det teikna eit bilde av norsk skiidrett som i stor grad bryt ned vårt omdøme, vår tillit og vår truverdigheit, heiter det vidare i brevet.

Det blir også peika på at det er kome fram i media at det er eit dårleg arbeidsmiljø prega av mobbing, ein ukultur i organisasjonen og interne konfliktar.

Visepresident Eva Tine Riis-Johannessen

FORSTÅR: Visepresident Eva Tine Riis-Johannessen stadfestar at ho har teke imot eit brev frå Oslo skikrets.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Bakke har ikkje ville la seg intervjuet av NRK om innhaldet i brevet i dag. Men Visepresident i Skiforbundet Eva Tine Riis-Johannessen, som var til stades på møte i går, stadfestar at dei har teke imot brevet.

– Vi har stor forståing for den bekymringa som blir uttrykt frå Oslo skikrets og vi kjem til å ta dette med oss til møtet med alle kretsleiarar på fredag, der dette vil bli diskutert, seier Riis-Johannessen til NRK.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal