Hopp til innhold

Forbanna Røthe meiner han øydela for kompisen: – Ein fadese

MERÅKER/OSLO (NRK): Sjur Røthe var heilt knust etter målgang på fellesstarten. Han meiner han hjelpte Aleksandr Bolsjunov og øydela vinnarsjansane i touren for kompis Pål Golberg.

Ski Tour 2020: 15 km intervallstart fri teknikk menn

– Eg føler ikkje berre at eg skuffa meg sjølv, men eg øydelegg touren for hans del også. Det er forbanna surt.

Sjur Røthe og Pål Golberg er ikkje berre vanlege lagkompisar på landslaget. Dei er også nære vener utanfor sporet.

Derfor var vossingen spesielt lei seg da han møtte pressa etter målgang.

Bolsjunov ville at Røthe skulle dra

Røthe var den som rykka først i den 34 kilometer lange fellesstarten i Meråker. Bolsjunov fylgde, medan Pål Golberg vart hengande etter.

Stikk i strid med det som var eigen taktikk på førehand.

Ski Tour 2020: 15 km intervallstart fri teknikk menn

IRRITERT: Sjur Røthe slaktar eigen taktikk i fellesstarten.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi har ein plan, og det er å vinne touren som lag. For det andre skal vi snakke saman undervegs. Pål gir beskjed om at eg kan dra, og han følte seg pigg. Eg spør ikkje to gonger, så då sette eg fart, og då ser eg at Bolsjunov kjem opp.

Russaren ville ha nordmannen til å dra, men det nekta Røthe. Han forstod alt da at plan B måtte vere å ikkje bidra til å sette opp farten framfor Golberg.

– Då sa eg: Beklagar, Golberg leder touren. Då skjønte han det greitt. Han vart skuffa over at eg ikkje drog, men veit ikkje om det var ei ekstra vitamininnsprøyting, og dei andre må sleppe til slutt.

– Det er ein fadese frå mi side. Eg øydelegg ikkje berre for meg, men Pål også.

Nossum synest ikkje Røthe øydela

Allroundtrenar Eirik Myhr Nossum meiner Bolsjunov hadde tenkt å sette inn eit rykk på resten av feltet uansett og at Røthe ikkje må tru at han har øydelagd for lagkompisen.

På spørsmål om Røthe burde hatt meir is i magen og venta med eit rykk, svarar allroundtrenaren at ting gjekk riktig for seg i og med at Røthe bad Golberg om lov til å gå frå.

Når Nossum blir spurd om ikkje sigeren samanlagt i Ski Tour trumfar det meste og er det store målet, svarar han slik:

– Ja, det var målet. Men taktikk er alltid bak fysisk kapasitet. Du kan ta kva slags taktikk du vil. Eg veit ikkje kva slags taktikk du kunne hatt her. Den finst ikkje. For han hadde gått frå oss likevel.

– I dag knuste han alle i heile verda

Pål Golberg som leia touren før rennet kom til slutt inn til ein 12.-plass og måtte dermed gi frå seg samanlagdsigeren.

Han var nedfor da han møtte i pressesona etter rennet.

– Det gjekk bra veldig lenge. Så vart det gått frykteleg fort opp til bonussekundane. Etter det prøvde eg kanskje litt for lenge. Eg var ikkje god nok, seier Golberg og slår fast med ein gong at samanlagdsigeren er det berre å gløyme.

– Touren er avgjort, men det er plassar å kjempe om bak. Laurdag må eg gjere det bra, det håpar eg at eg gjer, konkluderte Golberg.

Han presiserer at han ikkje er sur på Røthe, men er einig i at lagkompisens rykk var utløysande for at Bolsjunov også hang seg på.

Golberg legg raskt til at det var greitt. Dei hadde trass alt gått to mil av løpet.

Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum var svært imponert over det Bolsjunov viste i dag.

– Han tok ikkje rotta på oss, han berre gjekk rett og slett frå oss. I dag knuste han alle i heile verda. Det han gjer i dag er enormt imponerande, seier den norske trenaren Eirik Myhr Nossum.

Johannes Høsflot Klæbo gjekk inn til 2.-plass nesten 52 sekund bak russaren. Emil Iversen tok 3.-plassen.

Også han trur det er vanskeleg for nordmennene å hente tilbake Bolsjunov sitt forsprang.

– Eg trur det ser vanskeleg ut å gjere noko med han. Sånn han går no, så er det vanskeleg. Vi gjere så godt vi kan. Eg såg Sjur prøvde, men fekk det tøft. Det er litt kjipt.

Fekk stav i andletet

Sjur Røthe hang på ryggen til russaren, då staven (sjå video) til Bolsjunov trefte vossingen mitt i andletet.

– Brilleglaset rauk, men det er sånt som skjer. Heldigvis hadde eg brille på. Det må nok bytast eit glas etter kvart, sa Røthe til NRK etter rennet.

31-åringen kan nok prise seg lykkeleg over at han hadde briller på. Det er heller ikkje første gong dette skjer.

Under NM tidlegare i år vart Julie Myhre også redda av brillene, då Maiken Caspersen Falla stakk ho i andletet med staven.

Den første stavdramatikken oppstod tidleg i løpet. Aleksandr Bolsjunov knakk staven. Det mest oppsiktsvekkande var likevel at lagkompis Denis Spitsov gav frå seg sin eigen stav til verdscupleiaren og måtte sjølv gå fleire hundre meter med berre ein stav.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Nesten 4000 norske fans har kapret billett til Italia-kampen – NFF frustrert over systemet

    Norges Fotballforbund har ikke full kontroll over salget av billetter til VM-kvalifiseringskampen mot Italia. Det nærmer seg utsolgt på San Siro.

    – Per nå er det cirka 500 billetter igjen, og vi fikk i overkant 4000 billetter, opplyste kommunikasjonsrådgiver Mari Stanisic Waagaard i en epost til NTB ved lunsjtider fredag.

    I forkant av salget har NFF opplyst at medlemmene, på grunn av høy interesse, er delt opp i tre grupper, avhengig av hvilken status medlemskapet deres i supporterklubben har. Pulje 1 og 2 har allerede fått tilgang til å sikre seg billett til det norske feltet på San Siro via en tilsendt lenke.

    Pulje 3 får ikke samme tilgang før kommende mandag klokken 10.

    Likevel vet NTB at det allerede verserer lenker som gjør det mulig å kjøpe billetter til det norske bortefeltet gjennom Italias billettsystem Vivaticket. Norske fans kan dermed kjøpe billett uten å være innom NFFs nettsider først.

    – Vi skulle gjerne sett at det italienske billettsystemet var mer fleksibelt slik at vi kunne ha gjennomført et normalt salg via vårt billettsystem, som vi har gjort til tidligere bortekamper, opplyser kommunikasjonsrådgiver Waagaard.

    Hun forteller at NFF har fått tildelt en lenke fra Det italienske fotballforbundet som er distribuert til gullmedlemmer i supporterklubben – dem som har vært på flest landskamper.

    – Det er det italienske forbundet som styrer billettsalget til denne kampen, og vi har prøvd å tilrettelegge så godt vi kan for våre supporterklubbmedlemmer, skriver Waagaard.

    (NTB)

    Danny Woodhead, Alexander Sørloth, Willem-Bas Hess et al. poserer for et bilde
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Norge klatrer to plasser på Fifa-rankingen - opp på 29.-plass

    Norge går fra 31.- til 29.-plass på den ferskeste Fifa-rankingen 17. oktober etter 5-0-seieren mot Israel og 1-1 mot New Zealand under den forrige landslagsperioden.

    Man må tilbake til august 2013 for å finne en periode Norge lå høyere på Fifa-rankingen enn nå. Da var fasiten 25.-plass.

    Foran Norge ligger Kanada, mens Russland innehar 30.-plass. Øverst troner fortsatt Spania, mens regjerende verdensmester Argentina overtar annenplassen.

    Færøyene er blant de tre lagene som klatrer flest plasser. Lilleputten er oppe på 127.-plass - ni plasser opp fra forrige rangering.

  • Wærenskjold om gladmelding: – Det er ganske bankers

    De belgiske sykkellagene Lotto og Intermarché slår seg som forventet sammen og frigjør en ledig plass i World Tour-sirkuset. Den går etter alle solemerker til Uno-X.

    – Det er ganske bankers nå, så det skal gå. Det er bare å passe på slik at man er på den sikre siden, så blir det tre stabile år i World Tour, sier Søren Wærenskjold til NRK.

    Han er på vei ned for å sykle temporittet Chrono des Nations søndag. Dersom resultatene går slik det norske profflaget håper, blir det fort en formalitet for mandalitten.

    Fusjonen mellom de to belgiske lagene gjør at laget som ender på 19.-plass på rankingen tar steget opp neste år. Tidligere kunne man videreselge WorldTour-lisensen til de som var villige til å betale mest:

    – Etter hva jeg har skjønt, så har de endret den regelene. Du kan ikke kjøpe seg en lisens lenger, så da tror jeg egentlig det laget som ligger nærmest på rankingen får den, sier Wærenskjold.

    – Det er et system jeg synes er litt mer rettferdig, legger han til.

    Uno-X har 401 poeng mer enn franske Cofidis. Tour of Guanxi (Kina), Chrono des Nations (Frankrike), Japan Cup (Japan) og Veneto Classic (Italia) er rittene som gjenstår. Alle avsluttes søndag.

    en person i rød vest
    Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal