Hopp til innhold

FIS bekreftar: Gjer drastiske endringar før sesongavslutninga

Torsdag møtest verdseliten i hopp for første gong etter skandalen i Trondheim. Før konkurransen skjerpar det internasjonale skiforbundet (FIS) reglane.

en person som sitter foran en symaskin

TATT I JUKS: Skjermdump frå videoen som skal bevise at Noreg og trenar Magnus Brevig juksa med hoppdressane før storbakkerennet i VM.

Foto: X / NTB / NTB / NTB

Det vil berre bli lov å bruke éin dress resten av sesongen.

Det kjem det fram i ei melding som landslaga fekk tilsendt tysdag kveld og som NRK siterer frå.

Onsdag bekreftar Det internasjonale skiforbundet (FIS) endringane, før dei seint onsdag kveld publiserte dei nye endringane på sine sider.

Desse vil tre i kraft umiddelbart grunna alvoret i situasjonen i Trondheim helga som var, ifølgje FIS sin kommunikasjonsdirektør Bruno Sassi.

Vidare seier dei nye reglane:

  • Drakta kan veljast blant dei «chippa» draktene som er brukt i løpet av sesongen.
  • Utøvarane kan også ha ein ekstra dress tilgjengeleg – i tilfelle den opphavlege blir skadd og ikkje kan fiksast.
  • FIS sin utstyrskontrollør vil sjekke dressane individuelt før rennet i Holmenkollen torsdag.
  • For resten av sesongen vil FIS ta vare på dressane, og dei kan hentast av utøvarane rundt 30 minutt før trening eller konkurranse.
  • Dressane må deretter leverast inn igjen 30 minutt etter hoppinga.

Det er ukjent korleis regelendringa påverkar Noreg, som har levert inn sine dressar til FIS.

En gruppe menn som holder snowboard

NYE KONKURRANSAR: Andreas Wellinger og Marius Lindvik, her etter å ha tatt sølv og gull i normalbakken, møtest igjen i hoppbakken denne veka.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Manipulasjon frå A til Å

Regelendringa skjer i kjølvatnet av hoppskandalen i VM i Trondheim i helga, der fleire nordmenn vart diskvalifiserte frå storbakkerennet.

Hendinga har ført til at enkelte utanlandske utøvarar er skeptiske til å møte nordmenn i Raw Air i Holmenkollen og Vikersund denne veka.

– Eg har faktisk lite lyst til å møte ein nordmann i hoppbakken. Ikkje fordi det er nokon sin personlege feil, men fordi denne manipulasjonen frå A til Å har gått for langt.

Det seier Andreas Wellinger til ServusTV.

Tyskaren tok sølv i normalbakken i ski-VM i Trondheim – bak Marius Lindvik.

I storbakken hoppa Lindvik eigentleg ned til sølv, men vart etter rennet altså diskvalifisert for juks.

Les også Ny suspensjon etter hoppjukset – har overlevert alle VM-dressene

en gruppe mennesker som sitter på et stadion

Kjøper ikkje forklaringa

Torsdag startar Raw Air i Holmenkollen.

Der skulle altså Wellinger helst sett at han ikkje skulle møte Marius Lindvik, Johann André Forfang og dei andre hopparane.

Søndag bekrefta sportssjef Jan-Erik Aalbu at støtteapparatet hadde sydd inn ein forsterka tråd i dressane til Lindvik og Forfang.

Sebastien Toutant et al. i en racerbil

DISKA I STORBAKKEN: Marius Lindvik.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Håpet var at det ikkje vart oppdaga i utstyrskontrollen. Han presiserte at han sjølv ikkje kjende til jukset.

Etter den spesielle pressekonferansen søndag har saka eksplodert i både norske og internasjonale medium.

Både Lindvik og Forfang har uttala at dei ikkje kjente til juksinga med hoppdressane.

Den forklaringa kjøper ikkje Wellinger, som viser til si eiga erfaring dei 12 siste åra.

– Dersom eg tar på meg hoppdrakta og merkar at noko er annleis, då spør eg kva som er endra, seier Wellinger til ServusTV.

en person som holder en ski

SKEPTISK: Andreas Wellinger kjøper ikkje forklaringa til nordmennene.

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

Wellinger ønsker derimot ikkje å ta stilling til om han eigentleg burde ha fått gull for innsatsen i normalbakken.

– Sjølv om eg skulle ha fått tilsendt gullmedaljen ein dag, så har eg ikkje fått høyre nasjonalsongen. Bileta og kjenslene vil ikkje vere der, seier Wellinger, og legg til at han ikkje trur han får tilkjent gullet.

Hoppskandalen: Dette har skjedd

Mange er tause

Det er ikkje mange aktive utøvarar som har uttala seg om hoppskandalen.

NRK var måndag i kontakt med det japanske teamet i Holmenkollen.

Dei ønsker ikkje å kommentere saka.

USA sin norske landslagstrenar Tore Sneli kallar saka for ein stor skuffelse.

– Det er trist for norsk hoppsport og for hoppsporten generelt. Vi blir veldig lei oss for dei smertene det påfører oss som er glade i hoppsporten, seier Sneli.

en gruppe mennesker som holder flagg

USA-TRENAR: Tore Sneli.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han seier USA ikkje hadde nokon aning om kva som hadde skjedd.

– Folk trur ikkje på dei

Toni Obendorfer, hoppkommentator for den austerrikske allmennkringkastaren ORF, seier at den gjengse oppfattinga i Austerrike er at dei fleste ikkje trur på Johann André Forfang og Marius Lindvik.

– Folk trur ikkje på at dei ikkje visste noko. Det gjeld både folk flest og ekspertar, seier Obendorfer.

Han slit personleg med å sjå kvifor Marius Lindvik berre skulle ha ein ulovleg hoppdress under rennet i storbakken.

– Han vann i normalbakken. Så kvifor endre noko før storbakken? Eg ser ikkje nokon grunn sjølv til å endre noko, seier kommentatoren.

Han er heller ikkje sikker på at hoppskandalen er over.

– Eg kan ikkje sjå vekk frå at fleire nasjonar er involverte. Dette kan vere toppen av isfjellet, meiner Toni Obendorfer.

Les også Brevig legger seg flat etter hoppskandalen: – Vi angrer som hunder

Brevig som snakker inn i en mikrofon foran pressen.

Vil bygge opp igjen tilliten

NRK har lagt fram kritikken frå Andreas Wellinger til sportssjef for det norske hopplandslaget, Jan-Erik Aalbu.

Jan-Erik Aalbu

SPORTSSJEF: Jan-Erik Aalbu.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Han svarer at han ikkje fått gjort noko med kva andre meiner om situasjonen det norske laget har hamna i.

– Det som har skjedd, det har skjedd. Vi har kome med ei forklaring på kva som har skjedd, og vi legg oss paddeflate. No tek vi tida til hjelp for å bygge opp igjen tillit både nasjonalt og internasjonalt, seier Aalbu.

Når det gjeld kritikken frå Toni Obendorfer, svarer sportssjefen slik:

– Eg har prata med dei norske hopparane og stolar på det dei seier. Eg vil ikkje spekulere utover det, seier Aalbu.

En gruppe menn i sportsuniformer

KLARE FOR RAW AIR: Johann André Forfang (til høgre), Marius Lindvik (nummer to frå høgre) og resten av det norske landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Hopparane sitt val

Aalbu legg til at han har fått beskjed om at det med sikkerheit ikkje har skjedd juks før konkurransar tidlegare i sesongen.

Både Marius Lindvik og Johann André Forfang er påmeldt Raw Air, som startar i Holmenkollen torsdag og held fram i Vikersund.

Jan-Erik Aalbu seier at det frå hans side ikkje er gjort noko for å hindre dei i å delta.

– Når dei etter så tøffe dagar ønsker å konkurrere, så er det deira val. Så langt ser det ut som dei skal delta.

Det blir jobba kontinuerleg med å lande på korleis det norske støtteapparatet vil sjå ut under Raw Air.

Hovudtrenar Magnus Brevig, assistent Thomas Lobben og skreddaren Adrian Livelten er suspenderte.

Les også Suspendert skredder beklager etter hoppjuks: – Vil angre resten av livet

Hoppuka 2022 2023

Varslar omfattande gransking

Michel Vion, generalsekretær i FIS, seier til NRK måndag kveld at granskinga av den spesielle saka startar snart.

Det er rett nok ikkje FIS sjølve som vil gjennomføre granskinga, men eit eksternt firma dei leiger inn.

Michel Vion sitter i et rom

FIS-GENERALSEKRETÆR: Michel Vion.

Foto: Mathias Kartveit Mikalsen / NRK

– Etterforskinga vil starte i løpet av dei neste dagane, og den kjem til å ta tid, truleg fleire veker, varslar Vion.

Han bekreftar også at FIS har samla inn hoppdressane til dei norske hopparane og kombinertutøvarane.

Dei som skal gå gjennom saka kjem også til å gå gjennom alle videoar dei har fått. Det er også mange personar som skal intervjuast.

Michel Vion bekreftar også at det berre er dei norske utøvarane som skal granskast.

Sportsnyheter

Martin Ødegaard i sportsuniform

Landslagssjefen om Ødegaard-skade: – Blir forbanna og lei deg

Kampen mot Israel sees på som det siste hinderet før Norge kan rette øynene mot VM. Og den blir spilt uten landslagskaptein Martin Ødegaard.

Hikaru Nakamura med hånden på ansiktet

Stjernens «skamløse» manøver førte til upopulært grep: – Heller bensin på et brennende bål

En ny regel skaper oppstyr blant flere av verdens beste sjakkspillere.

en mann som holder en annen mann

Måper av Haaland-statistikken - roses opp i skyene av manageren

Han knuser rekord etter rekord. Nå hylles Erling Braut Haaland av både eksperter og Pep Guardiola.

Siste nytt

  • Michael Brandsegg-Nygård klar for NHL-debut – med i Detroits 23-mannstropp

    Oslo-gutten Michael Brandsegg-Nygård (20) er trolig med når Detroit Red Wings sesongåpner i NHL mot Montreal Canadiens natt til fredag norsk tid.

    I så fall blir han den tiende nordmannen gjennom tidene som får spille kamp i verdens beste ishockeyliga. Og også den yngste, ifølge TV 2.

    – Jeg er så stolt av ham. Jeg vet ikke hvordan jeg skal forklare det engang. Det er så enormt, sier faren, Kjell Richard Nygård, til kanalen.

    Brandsegg-Nygård har imponert stort i sesongoppkjøringen og bidro blant annet med to scoringer i generalprøven mot Toronto Maple Leafs (6-5-seier) i helgen.

    Detroit-stallen ble slanket med ytterligere to mann mandag og teller nå 23 spillere. Ifølge podkasten Locked On Red Wings innebærer det at 20-åringen er inne i den endelige troppen som skal starte sesongen. Det antydes også i Red Wings' egen artikkel om troppsreduksjonen.

    Brandsegg-Nygård ble valgt av Red Wings i NHL-draftens første runde i fjor, og etter et år på lån i svenske Skellefteå har han satset for fullt i USA inn mot denne sesongen.

    Mandag ble han drillet i lagets annenrekke på trening, og Detroit-trener Todd McLellan fikk spørsmål om Brandsegg-Nygård og to andre juniorer har sikret plassen i laget.

    – Vel, de er her på trening i dag. Det er et veldig godt tegn. (NTB)

    en hockeyspiller i uniform
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • Ishockey: Lillehammer klatret til 4.-plass

    Adrian Ellingsen viste vei med to mål da Lillehammer slo Narvik 5–2 og klatret på eliteserietabellen i ishockey.

    For Narvik ble det nok en tøff bortekamp og tremålstap for annen gang på tre dager. I helgen røk de 1–4 for Vålerenga i Jordal Amfi. Laget fra Nordland ligger nest sist på tabellen med sju poeng fra ni kamper.

    Lillehammer startet solid på egen is og tok føringen allerede etter 43 sekunder ved David Nilsson. Ellingsen la på til 2–0 mot slutten av en periode der vertene vant skuddstatistikken 16–4.

    Etter en målløs midtperiode tente Linus Hedman håpet for Narvik tidlig i den tredje. Men Lillehammer svarte nådeløst og scoret to ganger rundt midtveis i perioden.

    Narvik reduserte igjen til 2-4, men Ellingsen punkterte kampen med sin 5-2-scoring snaue tre minutter før slutt.

    Trepoengeren gjør at Lillehammer etter åtte kamper er oppe på 4.-plass i ligaen. Vålerenga topper foran Frisk Asker og Stavanger. (NTB)

    en hockeyspiller i uniform
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Tom Dent ferdig som Raufoss-trener

    Den nedrykkstruede 1.-divisjonsklubben Raufoss skiller lag med hovedtrener Tom Dent etter flere svake resultater den siste tiden.

    I en pressemelding på eget nettsted skriver Raufoss at klubben og Dent i fellesskap er kommet til enighet om å avslutte samarbeidet med umiddelbar virkning.

    «Bakgrunnen for beslutningen er sammensatt, men klubbens utfordrende tabellposisjon fem kamper før sesongslutt har vært en sentral faktor», heter det i meldingen.

    Raufoss har tapt seks av sine sju siste kamper og ligger på 13.-plass i 1. divisjon. Det skiller tre poeng til Stabæk på kvalifiseringsplassen og sju poeng til Mjøndalen på den øverste nedrykksplassen. De to sistnevnte har begge én kamp mindre spilt enn Raufoss. (NTB)

    en gruppe fotballspillere i en kamp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal