Ifølgje milannews.it skal han til legesjekk onsdag. Etter det kan han bli presentert som Milan-spelar og lagkamerat med Zlatan Ibrahimovich.
Då Milan forstod at Premier League-klubbane Manchester United og Brighton, saman med tyske Leipzig var på bana for å sikre seg 20-åringen frå Bodø/Glimt, slo dei til.
United uttrykte interesse for Hauge i august, ifølgje Manchester Evening News. Corriere.it skriv at konkurransen om Hauge har auka dei siste dagane, og nemner også Manchester United.
Han er på veg til den norditalienske byen for å gjennomgå den obligatoriske legesjekken. Agenten hans var i byen i går og ferdigforhandla den personlege avtalen.
– Det er klart det er stort. Det er mogeleg å spele seg inn på Milan-laget, sa han til TV 2 på flyplassen i Bodø tysdag morgon.
Gler seg til å møte Zlatan
Ti lokalavisa seier han at han gler seg til å spille med Zlatan.
– Han har vore med i «gamet» lenge, og eg skal prøve å lære, seier Hauge til Avisa Nordland.
Sjølv veit han ikkje om alle avtaler er i boks, eller kor lang kontrakt han får.
– Men det reknar eg med å få vite i løpet av dagen.
Nettstadane milannews24.com og tuttomercatoweb.com skriv at Milan baud fire millionar euro, og auka seinare bodet til fem millionar. Glimts krav var på seks millionar. Ifølgje milannews.it blei klubbane samde seint måndag kveld.
Fem millionar euro tilsvarer rundt 56 millionar kroner etter dagens kurs.
Hauge har også forhandla ferdig kontrakt med Milan, ein kontrakt som ifølgje milannews24.com går fram til 2025 og gir Hauge ein million euro i året.
– Eg skal ut på tur, sa Hauge til VG måndag kveld.
Milan skal ha vore interessert i 20-åringen sidan i sommar. Interessa skaut fart etter europaliga-kampen mellom Milan og Glimt på San Siro sist torsdag, der Hauge scora på eit praktfullt langskot.
Han kan vere speleklar for Milan allereie til Serie A-kampen mot Spezia søndag.
I juli takka han nei til eit tilbod frå belgiske Cercle Brugge. Det angrar han neppe på i dag.