– Han sprang eit smartare løp enn eg gjorde. Eg fekk det skikkeleg på oppløpet. I dag var eg rett og slett ikkje god nok, seier Henrik.
– Det blåste meir på oppløpet enn eg trudde, eg gjekk nok kanskje for hardt til når eg gjekk, forklarar Henrik Ingebrigtsen til pappa Gjert etter løpet.
Gjert svarte med å sjå på sonen, før han gjekk vekk, utan å seie eitt ord.
– Det er første gong eg har slått Henrik, det er herleg, seier vinnaren, Snorre Holtan Løken.
Henrik Ingebrigtsen skal springa 1500-meter under OL i Rio neste månad saman med broren Filip, som ikkje sprang 1500-meteren under NM.
- Les også:
- Les også:
Yngstebror går for gull
Jakob Ingebrigtsen (15) imponerte, og vart til slutt nummer tre på distansen, og sørga for to blad Ingebrigtsen på pallen.
– Eg er veldig nøgd med ein tredjeplass i NM, det betyr veldig mykje, seier Jakob etter løpet.
Lista er lagt for 2017 sesongen.
– Neste år vert det gull, når eg er så nær dei beste her så trur eg det kan gå, legg han til.