Hopp til innhold

Rooth hasta til sjukehus – fekk «blackout» etter marerittskade

Nyleg pådrog hekkeløpar Andrea Rooth (21) seg ein stygg skade i foten. OL-oppkøyringa vart plutseleg til eit mareritt.

Andrea Rooth skade

STORT TALENT: Andrea Rooth måtte operera etter å ha pådrege seg ein stygg skade i foten. 21-åringen er aktuell for Noregs EM- og OL-tropp til sommaren.

Foto: Petter Larsson/NRK/Privat

Frå eg vart liggjande der til eg kom på sjukehuset, hugsar eg eigentleg ikkje så mykje. Bortsett frå at det gjorde frykteleg vondt. Det var intenst, ikkje noko hyggjeleg, fortel friidrettsutøvar Andrea Rooth til NRK.

Hekkeløparen drømmar om å delta i EM og OL for Noreg til sommaren, men før jul pådrog ho seg ein stygg skade. Resultatet vart tre små brot i foten og eit avrive leddband.

Skaden oppstod då Rooth landa forkjært under ei lengdeøkt. Smertene var intense og hyla høglydte. I kaoset skjønte pappa og trenar Vegard Rooth alvoret, og her var det berre éin ting som gjaldt: Å få dottera til sjukehus.

Det var berre eit problem.

Paradokset var at dei ikkje hadde ambulansar i Bærum fordi det var så mange vorspiel til julebord. Det enda med at me bar deg ut på ei båre og fekk deg inn i bilen min, minnest han.

Andrea Rooth og Vegard Rooth

FOKUSERT: Andrea Rooth er skadd, men gir ikkje opp. No er ho i gang med opptreninga.

Foto: Petter Larsson / NRK

Etter å ha rådført seg med Olympiatoppen og varsla 113, bar det av stad til Aker sjukehus.

Den køyreturen dit var ikkje noko morosam. Det var fælt å høyra kor vondt ho hadde det, samtidig som eg prøvde å ha fokus på vegen og komma meg fortast mogleg fram. Med nødblink på og alt saman.

Nektar å sjå videoen

Andrea Rooth hadde «blackout» under køyreturen og kom først til seg sjølv etter å ha fått smertestillande på sjukehuset. Der vart det påvist at tre beinfragment i foten hadde losna. Bak dei store hevelsane i foten, skjulte det seg også eit leddband som måtte opererast.

Det finst ein video av augneblinken då skaden oppstod. Den nektar ho å sjå på sjølv og ho ønskjer heller ikkje å dela den med NRK. For Rooth er det viktig å komma seg vidare frå den forferdelege augneblinken.

– Eg tenkjer at det å sjå den videoen igjen og igjen, berre set ein støkk i meg. Det er ikkje ein fin video, for å seia det sånn, seier ho og held fram:

Viss eg ser den forsterkar eg minnet meir. Eg skal heilt sikkert tilbake og gjera den øvinga igjen, då treng eg ikkje å gnaga meir på det.

– Glad for at det skjer no

Det er aldri eit godt tidspunkt for ein skade, og timinga er langt frå ideell for Rooth heller. Før skaden kjende ho seg enormt sterk, og hadde lagt ned ein solid dose trening før ein innhaldsrik sesong.

I haust vart ho teken ut på Noregs EM-lag, ei gruppe friidrettsforbundet har trua på under meisterskapen i Roma i juni. Til OL i Paris er ho per dags dato inne på ranking til 400 meter hekk, øvinga ho dundra inn til ny personleg rekord (55,74) på under NM i august i fjor.

– Eg gidd ikkje å tenkja kor bra det kunne vorte, seier ho.

Andrea Rooth

VANTE ELEMENT: Andrea Rooth slik me er vand til å sjå henne.

Foto: Fredrik Varfjell / NRK

Men Rooth har allereie byrja å sjå framover. Ho er oppteken av å læra av skaden, vita kva som gjekk gale og kvifor det vart sånn. Ho vil komma sterkare tilbake.

Evna du har til å vera positiv, er unik. Det har vore ei glede å følgja sidan du vart fødd. Og det er det også i denne fasen her, rosar Vegard Rooth, før dottera skyt inn eit «herregud» og himlar smått med auga.

Ikkje meir pappaprat no.

Eg er ung, og eg er glad for at det skjer no. Eg er ikkje på mitt siste år, og har journalistar som spør «når skal du leggja opp?». Eg er eigentleg i ein gunstig posisjon, seier ho og stadfestar eigentleg med det pappas tankar om ei positiv, framstormande kvinne.

Andrea Rooth og Vegard Rooth

FAR OG DOTTER: Pappa Vegard Rooth er også trenar for Andrea.

Foto: Petter Larsson / NRK

Legger mangekampen på hylla

Når NRK møter henne går ho med ein enorm støvel på foten. Både far og dotter Rooth rosar hjelpa dei har fått frå Olympiatoppen, og ho er no tilbake i trening.

Øvingane har rett nok endra seg litt, og det trengst eit meir mødesamt, tolmodig arbeid tilbake mot toppforma. Mellom linjene stadfestar stortalentet at planen for sesongen ikkje har endra seg, men ho kan ikkje fokusera på framtida no.

Les også Andrea (21) oppdaga rivalens nye suksess på Instagram: –​​​​​​​ Hæ? Korleis er det mogleg?

Andrea Rooth og Salma Paralluelo

Noko har likevel skaden endra. Ho har drive med mangekamp i mange år, men legg no i praksis dei fleste øvingane på hylla. No er det fullt fokus på 100- og 400 meter hekk.

No satsar eg på det. Eg elskar mangekamp og det er fantastisk god trening, men med den foten kjem det til å ta lang tid før eg kan ta ein høgde- eller lengdesats igjen. Hadde eg vore best i det, hadde det vore annleis. Men det er eg ikkje. Eg gidd ikkje å risikera dette igjen, seier ho bestemd.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Her koker det over for tennisstjernen – nå venter Ruud

    Denis Shapovalov slo hjemmehåpet Elias Ymer i en dramatisk kamp Stockholm, fredag kveld.

    Da Shapovalov leverte et godt poeng, satte han fingeren bak øret for å få mer jubel.

    Publikum svarte med å bue på ham. Senere ville Shapovalov ha bort en person fra tribunen.

    – Han viser fingeren. Kan jeg gjøre det? Hvorfor får han lov? sa canadieren til dommeren.

    Bilder fra nyhetsbyrået TTs fotograf viser at også Shapovalov viste fingeren tilbake mot tribunen.

    – Det var ikke vondt ment, men det virker som dere blir krenket over alt jeg gjør. Selv når jeg får medisinsk hjelp, buer dere, sa han.

    Underveis måtte nemlig Shapovalov få hjelp etter å ha fått smerter i ryggen. Han kom tilbake og vant 6-1 i det avgjørende settet. Kampen varte i over to og en halv time.

    Det er ikke første gang Shapovalov viser følelser på denne måten.

    – Jeg har sett Denis noen ganger, og det kan bli slik når han spiller. Han kan bli sint på publikum. Jeg var forberedt på at det kunne bli hett, sa Ymer, gjengitt av TT.

    Lørdag kveld møter Shapovalov Casper Ruud i semifinalen.

    (NTB)

    Denis Shapovalov
    Foto: Pontus Orre / TT / NTB
  • Uno-X enda nærmere World Tour-plass: – Vil være sensasjonelt

    Dersom Cofidis hadde som mål å ta igjen de 401 poengene opp til Uno-X på rankingen, var de helt avhengige av å hente hjem en topplassering fra Tour of Guangxi.

    Lørdag morgen endte Sylvain Moniquet fra det franske laget på 19.-plass som deres best plasserte rytter. Den plasseringen har han også sammenlagt.

    Moniquet dro ikke inn noen poeng, da han kom inn halvminuttet bak vinner Paul Double.

    – Blir dette resultatet etter i morgen, er vi et World Tour lag i 2026. Det vil være både sensasjonelt og historisk på samme tid. Jeg er stolt av hele laget og hvordan vi klarer å få til dette med å gå en lengre vei enn våre konkurrenter, da vi på herresiden kun har norske og danske ryttere, sier daglig leder i Uno-X Mobility, Thor Hushovd, til NRK.

    Vinneren av Tour of Guangxi mottar 300 WorldTour-poeng. En eventuelt 19.-plass gir ikke mer enn 20 poeng i kassa.

    Foruten søndagens avslutning i Guangxi gjenstår Japan Cup og temporittet Chrono des Nations før rankingen avsluttes. Uno-X har sendt Søren Wærenskjold og Carl-Frederik Bévort til Frankrike for å maksimere poengfangsten.

    Jørgen Nordhagen (Visma | Lease a Bike) ble nummer fire på etappen.

    Thor Hushovd Uno-X Mobility
    Foto: Yann Valerievich Belov / NRK
  • Crystal Palace-treneren bekrefter: Liverpool-aktuelle Marc Guéhi forlater klubben neste sommer

    Crystal Palace-trener Oliver Glasner bekrefter at midtstopper Marc Guéhi, som i sommer var nære på å signere med Liverpool, forlater klubben neste år.

    – Jeg tror Marc allerede har fortalt oss at han ikke vil signere en ny kontrakt, så han forlater klubben neste år, sier Glasner på en pressekonferanse i forkant av oppgjøret mot Bournemouth, ifølge Sky News.

    Liverpool forsøkte i sommer å hente Guéhi fra Crystal Palace, men overgangen strandet i siste liten.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Matthew Childs / Reuters / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal