Hopp til innhold

Huddersfields geniale sesongoppkøyring: Campingliv i svensk villmark

For eitt år sidan blei spelarane utplassert på ei svensk øy utan telefon og straum. I dag er dei i Premier League.

Huddersfield på campingtur i Sverige

SVENSK VILLMARK: Huddersfields spelarar lagar mat på primitivt vis

Foto: Privat / The Huddersfield Daily Examiner

I førre sesong var dei nummer 19 i Championship i England. I går blei dei klare for Premier League, og sesongoppkøyringa på ei knøttlita øy utanfor Ed i Dalsland var sterkt medverkande til det.

Tyske David Wagner kom frå Borussia Dortmund og tok over managerjobben i Huddersfield i november 2015. Han redda dei frå nedrykk i fjor.

Straks sesongen var slutt og sommarvindauget opna, kjøpte Wagner inn 13 relativt unge og ukjende spelarar. Deretter tok han med seg heile troppen til Sverige på campingtur.

– Vi kom ut av komfortsonene våre, og det var svært vellukka, sa Wagner. – «The Lads» blei knytta saman til ei samansveisa gruppe.

Ukjent mål

Ved avreise visste ikkje spelarane kvar dei skulle. Det fekk dei vite då dei kom fram: Camping på ei øy ved Ed – ei øy på storleik med ei halv fotballbane.

Straks dei var framme, måtte spelarane levere frå seg telefonane og det meste av det andre dei hadde teke med seg.

I fire dagar levde dei i tomannstelt, fiska og laga maten sjølv på primus og bålpanne. Utan straum, mobil og toalett. Og utan ball.

Dei fekk og oppgåver dei måtte løyse i fellesskap ute i villmarka.

– Godt, men tøft

David Wagner

NYE KOSTAR: David Wagner har tilført optimisme og liv i den tredisjonrike klubben

Foto: GLYN KIRK / AFP

– Det var godt, men tøft. Eg kan ikkje seie eg greidde å nyte det, men det var godt å lære alle å kjenne, sa lagkaptein Mark Hudson til klubbens nettside etterpå.

– Vi levde tett på kvarandre 24 timar i døgnet, og vi samarbeidde og kommuniserte på ein måte som vi elles ikkje hadde gjort, seier Hudson.

Huddersfield på camping i Sverige

PÅ TUR: Kano var einaste måten å kome seg rundt på frå øya i svenske Dalsland

Foto: Privat / The Huddersfield Daily Examiner

Sammensveisa

Etter overlevingsturen i den svenske villmarka var laget uvanleg samansveisa då sesongen tok til.

Etter femteplassen på tabellen og straffesiger over Sheffield Wednesday i semifinalen, kunne 39.000 tilreisande Huddersfield-fans på Wembley juble uhemma då Christopher Schindler sette inn den avgjerande straffa måndag.

Ironisk nok var Schindler den einaste som ikkje var med på villmarkscampen i Sverige. Papirarbeider med hans overgang var ikkje avslutta då resten av laget reiste.

Ikkje overraska

Eirik Aase er redaktør av nettstaden championshipnorge.com og ein av dei som kjenner nest øvste nivå best her i landet.

– Campingturen til Sverige er ein del av bakgrunnen til Huddersfields suksess, men det viktigaste trur eg var Wagners spelarkjøp, seier Aase til NRK.

– Han visste kva han hadde bruk for, og kjøpte dei straks han hadde sjansen, før konkurrentane var komne i gang. Dermed hadde dei ein gjeng der alle kjende kvarandre allereie i treningskampane. Eg forstår ikkje kvifor andre klubbar ikkje gjer det same, seier Aase.

Terminlista skal offentleggjerast 14. juni.

Huddersfield på campingtur til Sverige

FIRE DAGER I TELT: Spelarane fiska og laga maten sjølv på primus og bålpanne. Utan straum, mobil og toalett.

Foto: Privat
Huddersfield på campingtur i Sverige

PÅ TUR: Kano var einaste måten å kome seg rundt på frå øya i svenske Dalsland

Foto: Privat

Siste nytt

  • Krisen fortsetter for Nottingham Forest - knust av Chelsea

    Marerittstarten vil ingen ende ta for Forest-sjef Ange Postecoglu. 0-3-tapet mot Chelsea var det fjerde tapet på fem Premier League-kamper under australierens ledelse.

    Etter en målløs første omgang fikset Josh Acheampong 1-0 for Chelsea like etter pause. Pedro Neto og kaptein Reece James sørget senere for 3-0-seier til gjestene. Flere av hjemmelagets supportere forlot stadion lenge før dommer blåste av.

    Det er bare 39 dager siden Postecoglu tok over Forest-jobben etter at Nuno Espirito Santo fikk sparken. Etter åtte kamper i alle turneringer har det ikke blitt en eneste seier - og uavgjortresultatet mot Burnley 20. september er det eneste poenget Postecoglu har hentet inn for laget som ble nummer syv i ligaen forrige sesong.

    Forest ligger på 17.-plass etter syv serierunder, men kan havne under nedrykksstreken i løpet av helgen. Ifølge BBC er Postecoglus fremtid i klubben høyst usikker.

    Chelsea er oppe på en foreløpig fjerdeplass med 14 poeng.

    en mann som står på et jorde med en folkemengde som ser på
    Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
  • Gjert Ingebrigtsen-elev slo Jakob Ingebrigtsen-rekord

    José Carlos Pinto slo rekorden til Jakob Ingebrigtsen med ett sekund i gateløpet Hytteplanmila lørdag.

    Portugiseren, som trenes av Gjert Ingebrigtsen, vant det ti kilometer lange løpet på Ringerike med tiden 27.53. Jakob Ingebrigtsens rekord fra 2019 var 27.54.

    Treningskamerat Narve Gilje Nordås har vunnet de siste fire utgavene av Hytteplanmila - men måtte se seg slått av Pinto. Nordås ble nummer to, 33 sekunder bak portugiseren.

    en person som løper i et løp
    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Tenniskomet får kjempesjanse – møter stjerner i Wien

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) går rett inn i hovedrunden i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Det får NTB opplyst av Kjærs far Alexander.

    Kjær skulle egentlig spilt i kvalifiseringen til turneringen, men har fått wildcardet som den italienske stjernen Matteo Berrettini i utgangspunktet hadde.

    (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal