Hopp til innhold

Hoppstjerna «forska» på eigen kropp – funna kan forandre karrieren

I to år har Silje Opseth (24) logga menstruasjonssyklusen sin. No vil skihopparen bruke funna til å bli best i verda igjen.

Hopplandslagene 2022/23

HOBBYFORSKAR: Silje Opseth har studert eigen menstruasjonssyklus. Funna gir ein klar indikasjon på kvifor førre sesong vart ein fiasko.

Foto: Terje Pedersen / NTB

I februar stod ei tårevåt Silje Opseth framfor NRK sitt kamera. Etter ein sesong med store sportslege svingingar, hadde også VM vorte ein fiasko for landslagsutøvaren.

Silje Opseth

TÅREVÅT: Silje Opseth var langt nede då NRK intervjua henne i februar.

Foto: Pia Rivelsrud / NRK

Openhjarta fortalde ho om bekmørke tankar. Kjenslene sat utanpå kroppen. Ho kjende ikkje at ho var verd noko som helst.

Opseth hadde lyst til å avslutte sesongen, men samtidig trigga tungsinnet ei nysgjerrigheit i henne:

Kvifor var dei negative kjenslene så sterke hos ho?

Hobbyforskingsprosjektet «Silje Opseth» vart sett i verk. Gjennom to år har ho logga menstruasjonssyklusen, og no har ho også studert han opp mot eigne resultat i hoppbakken.

Det var interessant, for det var ein ganske tydeleg trend på kvar eg var i syklusen og kvar resultata duppa, fortel ho til NRK.

– Frustrert, irritert og lei meg

Det tek oss tilbake til VM. Opseth fann ikkje fram til sitt vande nivå og vart vraka til alle konkurransar.

Truleg ikkje tilfeldig, viser utøvaren sine eigne undersøkingar.

Då var eg på ein dårleg stad i syklusen. Eg trur hormona speler meg dårleg i enkelte delar av syklusen. Eg blir veldig sjølvkritisk, klarer ikkje å tenkje så veldig rasjonelt. Det er noko eg vil øve på og bruke til min fordel i tida framover, fortel 24-åringen.

Silje Opseth

HOPPSTJERNE: Opseth er blant dei beste hopparane i verda når alt stemmer.

Foto: Geir Olsen / NTB

Syklusen kan ho ikkje gjere noko med. Men ei auka forståing for korleis ho sjølv fungerer frå naturen si side, håpar ho kan bli eit vendepunkt i eigen karriere.

Når eg er i ein dårleg periode, er det mykje lettare å kunne fortelje seg sjølv at det er heilt naturleg. Det er berre hormona som tullar til ting for meg. Då er det lettare å komme seg gjennom det. Tidlegare har eg berre stått og stanga, og ikkje skjønt nokon ting. Berre vore frustrert, irritert og lei meg, fortel Opseth.

Forskar: – Smart av Silje

Eg trur det er veldig smart av Silje, og eigentleg noko alle idrettsjenter burde gjere. Å få ei forståing av korleis menstruasjonssyklusen påverkar korleis du har det og korleis det fungerer på trening.

Det seier tidlegare orienteringsløpar Hanne Staff. Ho er ein del av forskingsprosjektet FENDURA, som skal finne ut korleis hormonelle og kvinnespesifikke aspekt påverkar trening og prestasjon blant kvinner.

Hanne Staff

FORSKAR: Hanne Staff har tidlegare delteke på Mesternes meister på NRK. No forskar ho på kvinner i idretten.

Foto: Heidi Marie Gøperød / Nordisk Banijay/NRK

Ifølgje Staff har idrettsforskinga tidlegare dreidd seg om menn og såg vorte overført til kvinner. Derfor finst det hol i forskinga rundt korleis menstruasjon påverkar idrettsprestasjonar.

Forskinga har ikkje eit eintydig svar enno, men tilrådinga frå mange forskarar går nettopp på det – at ein kartlegg eigen syklus og korleis han påverkar seg sjølv, seier ho.

Blir hylla for openheita

Opseth har hatt tett dialog med fagpersonar frå Olympiatoppen og støtteapparatet til landslaget gjennom prosjektet.

Opseth meiner det er viktig at trenarane forstår korleis ho fungerer, slik at dei har ei felles forståing for når kroppen og hovudet hennar ikkje speler heilt på lag.

Ho blir hylla for openheita – både i media og internt i laget.

Eg blir stolt. Silje har vorte ein tryggare og tryggare person, og trivst betre i sitt eige liv. Det at ho tør å gå ut og vere open om sånne ting, tyder på at ho kjenner seg trygg i si eiga verd. Vi veit at utøvarar som presterer over tid, er dei som også har dei fint utanfor hoppbakken, seier landslagstrenar Christian Meyer.

Verdenscup i nordiske grener på Lillehammer

TRENAR OG ELEV: Opseth og Meyer.

Foto: Geir Olsen / NTB

Staff fortel at det er mykje meir openheit rundt menstruasjon i idretten no enn før, men at ein framleis har ein veg å gå.

Eg trur at det framleis i dag er mange som ikkje snakkar med trenaren sin om menstruasjon og desse kvinnespesifikke sidene, seier ho.

Merksemda gjer at terskelen for å snakke om det blir lågare. Det er viktig at ein tek jentene på alvor, og er nysgjerrig på korleis ein kan leggje til rette for dei, legg forskaren til.

Meyer meiner at Opseth tek periodisering til eit nytt nivå, og har trua på at prosjektet kan gi resultat i hoppbakken. Meyer har merka at humøret hennar kan svinge, og er stor tilhengjar av korleis ho går systematisk til verks for å finne ut kvifor.

Det er kjempeinteressant – og det er kreativt. Eg diggar at utøvarane er så ivrige og nysgjerrige, seier Meyer.

Slik kan prosjektet hjelpe

Sjølv om Opseth har vorte klokare på korleis kroppen og hovudet fungerer, er hobbyprosjektet langt frå over. No skal hopparen bruke kunnskapen inn i treningane og konkurransane som kjem.

Vi kvinner har ein syklus som gjer at vi i enkelte periodar bør ta det litt meir med ro, og så kan vi køyre litt meir på i andre periodar. Eg trur det er lønnsamt å leggje opp livet og treninga etter det. Eg har merka det sjølv, at viss eg trykkjer på for hardt for lenge, blir eg sjuk. Det er ikkje uvanleg at eg er sjuk når eg er på mitt dårlegaste, for då er immunforsvaret svekt, seier Opseth.

Eg kan trykkje til meir på styrke og uthald i enkelte periodar, og så treng eg meir kvile i andre, legg ho til.

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal