– Det er noko av det verste eg har vore med på. Det tok nesten fire timar før eg fekk den på plass igjen.
Hans Christer Holund fortel om episoden i italienske Stelvio som kan ha øydelagd draumen om VM-medalje.
– Det var klink is
Langrennsgutta skulle opp på breen for den fyrste turen på ski på fleire månader. Alle hekta seg på t-krok heisen den siste biten, men måtte gå litt ned før dei kunne ta på skia.
– Det var klink is. Eg sklei, landa på skuldra og den gjekk rett ut av ledd.
Det er ikkje fyrste gongen landslagsløparen som hadde sitt store gjennombrot i fjor, har vore uheldig i dei italienske alpar.
I fjor trudde 27-åringen at hans siste time var komen da han fekk pusteproblem under ei treningsøkt på breen i Val Senales.
I sommar måtte han også operere akillesen.
– Ja, det har vore mykje uflaks. Det på breen i fjor var dramatisk der og da, men det gjekk fint etterpå. Nå har det vore ein lei oppkøyring med dette på toppen av akillesen frå i sommar. Eg bør ha lov til å håpe på litt flaks nå, smiler han lett.
Vil ikkje operere ennå
I sin fyrste sesong som landslagsløpar fekk han sitt verkelege gjennombrot på verdscupnivå i fjor. Både på Lillehammer og i Lathi viste Holund seg som ein sterk løpar på skiatlon-distansen med tredjeplass.
Men akkurat nå har han ingen peiling på om det kan vere mogleg å kjempe om ein ny pallplass i Lahti under VM i slutten av februar.
– VM har vore draumen heile tida, men eg fryktar for sesongen. Skaden går utover treninga, og eg veit kva som må til på verdscupnivå.
Ein drøy månad etter fallet på isen veit han framleis ikkje kva slags konsekvensar skaden får. Plan-A er operasjon, men legane vil ikkje operere Holund som han er nå.
– Eg har ein liten lammelse i armen, og dei vil ikkje operere meg før eg har fått tilbake kjensla der. Nå trenar eg så vanleg som eg kan gjere, og viss eg blir betre så er det mogleg at eg utsett operasjonen så eg får med meg sesongen.
Om operasjonen drøyer, blir plan-B å gløyme sesongen og tenkje OL i Pyeongchang alt i vinter.
– Det er bittert, men sjølv med kortare stavar så ser eg for meg at det kan bli staking i OL, da er det viktig å ha ei frisk skulder.