Det er drygt ti dagar igjen til snøbrettsportens aller største namn inntar Oslo for å konkurrere om edelt VM-metall.
Utøvarane er allereie klare, og saman med dei mest profilerte utlendingane finn ein norske køyrarar som kan sørgje for ellevill medaljejubel i finalane.
Framfor denne sesongen valde Andreas Ygre Wiig å droppe konkurransar for å spele inn film.
Men nordmannen er klar på kven han trur vil stikke av med medaljane under brettfesten i Wyllerløypa i Oslo.
Set pengane på Horgmo
Gjermund Braaten triumferte i Dew Tour tidlegare denne sesongen. I februar er han ein av Ygre Wiigs store favorittar i kampen om ein plass på VM-pallen.
Også Ulrik Badertscher er ein solid utfordrar til VM-gullet, trur Andreas Ygre Wiig.
Foto: SnowboardforbundetSøndag 19. februar er det slopestylefinale for verdas beste slopestylekøyrarar.
Der har Ygre Wiig mest tru på desse:
– Torstein Horgmo er stor favoritt. Han har køyrt veldig bra hittil i år, men har ikkje fått heilt fullklaff. Eg trur han er ganske svolten på å gjøre det bra her, seier Ygre Wiig.
– Eg set pengane på han. Han har forma inne, legg han til.
Men Horgmo er ingen suveren vinnarkandidat, ifølgje Ygre Wiig. I toppen av slopestylesirkuset er det tett med utøvarar som kan triumfere.
– Kanadiske Mark McMorris er også ein favoritt. Han har sjølvtilliten som skal til for å vinne, seier Ygre Wiig.
Nordmannen spår ein utruleg jamn finale, der ein rett og slett må ha den perfekte dagen for å nå heilt til topps.
Også fjorårets vinnar av The Arctic Challenge står på Ygre Wiigs liste. Han kan moglegvis dra nytte av å ha vore best i Wyllerbakken før, sjølv om løypa er noko annleis til VM.
Her er resten av namna som kan kuppe konkurransen, ifølgje Ygre Wiig.
- Sebastien Toutant (Canada)
- Ulrik Badertscher (Norge)
- Gjermund Braaten (Norge)
VIDEO: Torstein Horgmo er brettgud i USA (artikkelen held fram!)
Horgmos legendestatus i X Games.
Klar favoritt hos kvinnene
I kvinnenes slopestylekonkurranse trur Ygre Wiig at gullmedaljen allereie er så godt som sikra.
– Jamie Anderson er heilt klart favoritten. Ho køyrer i ein klasse for seg sjølv. Eg såg ho under årets X Games, og merka at ho var hundre prosent komfortabel med det ho gjorde.
– Ho treng ikkje gjøre meir enn det ho leverte under X Games for å vinne. Ho kan kjøre relativt sikkert i forhold til det ho har potensial til, legg han til.
Også VM-vinnar i snøbrettcross, Helene Olafsen, er også sikker når ho tippar sin favoritt.
– Jamie har ein beundringsverdig stil, og spesielt i store løyper er ho overlegen, seier Olafsen.
Men dei vil heller ikkje avskrive namn som kanadiske Spencer O'Brien og norske Kjersti Østgaard Buaas.
– Kjersti er nok garantert sugen på å ta gull på heimebane. Ho kjem frå X Games med bronsemedalje, så ho er heilt klart med, seier Ygre Wiig.
– Alt kan skje! Skulle gjerne sett Silje Norendal på pallen også, legg Olafsen til.
Artikkelen held fram!
– Jamie Anderson (midten) er heilt klart favoritten, seier Ygre Wiig. Her saman med Silje Norendal (tv) og Enni Rukajarvi (th).
Foto: JEAN-PIERRE CLATOT / Afp– Endå meir teknisk enn Shaun White
– Iouri Podladtchikov har ein ekstrem vinnarmentalitet, seier Ygre Wiig.
Foto: DOUG PENSINGER / AfpPå herresida i half pipe rår eitt stort namn over alle. Amerikanske Shaun White sette poengrekord då han vann gull i årets X Games, men ingen veit om storstjerna vil delta i VM.
Av utøvarane som definitivt kjem er ein av dei fullt på høgde med White, meiner Ygre Wiig.
– Iouri Podladtchikov frå Sveits. Han er den einaste som køyrer like teknisk som White.
– Han har alt som skal til, og noko av konkurransekøyringa hans kan faktisk vere endå meir teknisk enn Shauns. Han har ein ekstrem vinnarmentalitet, og har vunne mange konkurransar. Eg set pengane på at han vinn gull, smiler Ygre Wiig.
Dette er Podladtchikovs største utfordrarar, ifølgje Ygre Wiig:
- Petu Piiroinen (Finland)
- Luie Vito (USA)
Norge har ikkje like sterke pallkandidatar i pipe som i slopestyle, men likevel kan enkelte overraske.
– Om Tore Holvik har dagen er det mogleg at han stikk av med sigeren, trur Ygre Wiig.
– Også japanske Kazuhiro Kokubo kan hevde seg. Han drar på mest av alle, men er kanskje ikkje like teknisk som dei andre. Det er uansett veldig moro å sjå han køyre, legg han til.
Duell mellom OL-gigantane
Pipefavoritt: Kelly Clark.
Foto: DOUG PENSINGER / Afp– Kjersti er nok garantert sugen på å ta gull på heimebane, seier Ygre Wiig.
Foto: DOUG PENSINGER / AFPOL-vinnarane står i kø for å kapre toppen av pallen i kvinnenes half pipekonkurranse.
Torah Bright, som vann OL i Vancouver i 2010, står på deltakarlista.
Det same gjør gullmedaljøren frå OL i 2002, Kelly Clark.
Ygre Wiig og Olafsen har mest tru på sistnemnde.
– Dette er heilt klart den store favoritten. Ho flyr mykje høgare enn alle dei andre jentene. Slik får ho mykje poeng frå domarane. Clark er for eksempel også den einaste som tar ein Frontside 1080 i pipe, seier Ygre Wiig.
– Ja, ho har blitt veldig sikker på dei store triksa, seier Olafsen.
Men samstundes vil ikkje Ygre Wiig avskrive utfordraren frå New Zealand.
– Bright har tidlegare vist at ho er best teknisk av alle jentene. Om ho klarar å fly høgt nok kan det gå til gull.
– Desse kan utfordre
Gullkandidatane i halfpipe vil truleg få sterk konkurranse av desse utfordrarane:
- Kjersti Østgaard Buaas (Norge)
- Gretchen Bleiler (USA)
Og difor trur Ygre Wiig at Buaas kan klare det heilt store, også i half pipe.
– Kjersti kjem også veldig høgt i pipen. Ho kan nå bra opp her også, men litt teknisk ligg ho bak dei to førstnemnde. Men ho drar på like mykje i pipen som både Clark og Bright, seier Ygre Wiig.
På lik linje med Buaas får amerikanske Bleiler eit «dark horse»-stempel.
– Gretchen Bleiler køyrer veldig stabilt, men totalt sett eg har mest trua på Kelly Clarke, avsluttar Ygre Wiig.