– Eg har ikkje følt noko liknande sidan jaktstarten i Holmenkollen i fjor. Det var vel det siste eg hadde gjort som gav meg ein «attack über alles»-følelse, seier Tarjei Bø framfor VM-fellesstarten.
Følelsen han snakkar om kom på VM-stafetten i Ruhpolding. For Bø hadde nærast vore totalt fråverande tidlegare i meisterskapen, heilt til han plutseleg gjekk som eit udyr på tredje etappe då herrelandslaget sikra gull fredag.
– Eg følte meg som ein million ute i løypa, sa Bø etter stafetten.
– Har funne roen
At superrykket er tilbake lovar svært godt. For i dag skal den offensive stryningen for alvor kjempe om sitt første individuelle gull i årets VM.
– Det er sjeldan ein har slike dagar der ein kan angripe alt, utan å bli sliten. No har eg i tillegg ein veldig god ro. Det er ikkje noko jag mot vidare suksess. Den følelsen kjem jo som regel når ein lukkast, seier Bø, som har senka skuldrane i vissheit om at edelt metall allereie er sikra.
– Eg vil vere OK fornøgd om det ikkje blir gull på fellesstarten. Men det kriblar jo i kroppen når eg snakkar om det, legg stryningen til.
Siste sjanse
Og kriblinga er kanskje eit teikn på at 22-åringen har uante krefter han må få ut i sporet.
Sett vekk frå stafettgullet har Bø hatt eit elendig VM samanlikna med prestasjonane i fjorårets meisterskap. I dag kjem siste sjanse til å vise kva han kan på sitt beste, framfor tilskodarhavet på skiskyttarstadion i Tyskland.
– At du er i form i sporet må jo love godt....
– Det gjør jo det. Men fellesstart er kanskje den absolutte skytekonkurransen. Ein kan hente inn litt av det tapte i sporet, men det er den som skyt full på siste som vinn uansett. Det hjelper jo sjølvsagt å ha ein sterk sisterunde, gliser Bø.
Svendsen: – Tarjei har gode kort på handa
Stryningens skyteform har stort sett vore fråverande under VM. Spenninga ligg i om han for ein gongs skuld klarar å levere gode og feilfrie seriar på standplass.
På stafetten blei det bare med to bom, men det vil kanskje vere ein for mykje på ein fellesstart. For favorittane står i kø om å ta det siste gullet i herreklassen.
– Eg trur at eg og Tarjei er to av fire-fem stykk som kan ta gull. Men vi to er ikkje utprega gullfavorittar. Vi har ikkje gjort det så bra her, seier ein gulltørst Emil Hegle Svendsen.
Han har også lagt merke til Bøs gryande langrennsform.
– Eg trur Tarjei har gode kort på handa om han er med til slutt, seier Svendsen.
– Skal spare krefter til sisterunden
Men trass det heftige tempoet i sporet, vil ikkje Bø rangere seg over lagkameraten når han får spørsmålet kven om som er den største favoritten av nordmennene til fellesstarten.
– Eg må vel beskjedent seie at det er Emil, sett ut frå det han har prestert i år. Han har vore jamt betre enn meg. I VM har han vore kvassare på skytinga. Han er favoritt av oss, så får vi sjå kven som er favoritt i feltet. Den fysiske formen min er på veg tilbake der den skal vere, seier Bø.
Bøs håp er å kunne vere med til siste runde. Då trur han sjølv at han har det vesle ekstra som skal til for å til slutt kunne stå øvst på pallen.
– Målet er å spare nok krefter til sisterunden, seier nordmannen.