Fotball-lengenden Beckenbauer er ikkje berre interessert i fotball. Han brenn også for skiskyting, og er på plass i VM-byen Ruhpolding der han følgjer konkurransane tett.
– Eg er ein stor fan av skiskyting. Det er ein idrett som blir meir og meir populær her i Tyskland, seier mannen som vart verdsmeister i fotball med Tyskland både som spelar (1974) og landslagssjef (1990), og som er kjend under kallenamnet "Der Kaizer".
– Du ser det på publikum her i dag. Det regner som berre rakker'n, men tribunane er fullsette og publikum jublar og kosar seg likevel medan dei ventar på konkurransane, seier Beckenbauer til NRK like før starten på fellesstarten for menn.
– Dei dansar og har det skikkeleg moro. Det er som i VM her i Tyskland i 2006, seier Beckenbauer.
– Bjørndalen er ein legende
– Kva veit du om dei norske skiskyttarane?
– Eg kjenner sjølvsagt til Bjørndalen. Han er ein legende. Han er framleis aktiv, og konkurrerer framleis, men ein legende likevel. Han er ein fantastisk mann, seier Beckenbauer, sjølv ein legende innan sin idrett fotball.
– Kven er din favoritt i dag?
– Eg trur og håpar på ein tyskar, sjølvsagt, seier Beckenbauer, og legg til at skiskyting er ein vanskeleg idrett.
– Først skal du gå det du maktar ute i langrennsløypa, så skal du treffe desse ørsmå sirklane. Om du bommar, er du ute av konkurransen. Det er ein svært vanskeleg og svært delikat konkurranse, seier Franz Beckenbauer.
– Omtrent som ein straffe i fotball-VM?
– Det er heilt klart lettare å skyte straffe i eit fotball-VM, seier Franz Beckenbauer.
PS: Beckenbauer fekk ikkje sitt ønskje oppfylt. Beste tyskar i fellesstarten vart Andreas Birnbacher på fjerdeplass.