Hopp til innhold

Hardtslåande argument om proffboksing

Bør proffboksing tillatast i Noreg? Vi let ein motstandar og ein tilhengar gjere opp om det – med hardtslåande argument i bokseringen. Sjå kampen i videovindauget!

NRK P1s Ukeslutt har kanskje funnet god måte hvor debattantene må argumentere med både munnen og nevene. Sveinung Rotevatn (blått) og Arild Stokkan-Grande (rødt).

For eller mot proffboksing

I kveld skal Cecilia Brækhus bokse i Danmark. Det får ho ikkje lov å gjere her heime. Her er det ulovleg, på same måte som i Nord-Korea og på Cuba.

Samstundes kjem Venstre på sitt landsmøte til å vedta å gå inn for å gjere proffboksing lovleg i Noreg. Dermed går alle partia på borgarleg side inn for dette. Og meiningsmålingane har i lang tid varsla eit solid borgarleg fleirtal ved valet i haust.

Kva er då meir naturleg enn å invitere ein tilhengjar og ein motstandar av å oppheve lova om proffboksing til ein match i den firkanta bokseringen? NRK-programmet Ukeslutt tok utfordringa. Heøyr kampen og debatten i Ukeslutt

Sjå heile kampen i videovindauget øvst i artikkelen!

  • I blått i høgre hjørne: Sveinung "Tyson" Rotevatn, Venstre. Standpunkt: For proffboksing.
  • I raudt i venstre hjørne: Arild "Rocky" Stokkan-Grande, Arbeidarpartiet. Standpunkt: Mot proffboksing.
  • Dommar: Max Mankovic, dagleg leiar av Oslo Bokseklubb.

Reglar: Den som får inn eit slag, får legge fram eit argument for sitt syn. Men det må vere kort og konsist, for dommaren gir ikkje lang tid før han set i gang kampen igjen.

Ingen får altså ordet i debatten før han har slått motstandaren. Litt uvanleg, kanskje, for to politikarar som ikkje er kjende for å vere valdelege, men som er desto meir hardslåande verbalt.

Ukeslutts reporter Sara Victoria Rygg oppmoda begge boksarane til fair play, inkludert ingen slag under beltestaden.

(Les om kampen under biletet)

Sveinung Rotevatn og Arild Stokkan-Grande

Sveinung Rotevatn og Arild Stokkan-Grande iført hjelmen som er påbode etter dagens reglar. Det blir det slutt på dersom proffboksing blir lobleg her i landet

Foto: Axel Wilhelm Due / NRK

Første runde

Første treff Rotevatn:

– Det må vere opp til ein sjølv om ein ønskjer å drive med ein risikosport. Så lenge det er frivillig, må det vere greitt, men med strenge reglar.

Neste treff Grande:

– Boksing er ein flott idrett, og vi vil at alt skal gå føre seg i trygge former. Eg kjenner iallfall sjølv at eg er glad at ein har på seg hjelm, og ønskjer at det framleis skal vere slik.

Neste treff Rotevatn:

– Nord-Korea, Cuba og Noreg er dei som framleis har forbod mot proffboksing. Det er ein dårleg klubb å vere i. Proffboksing bør bli lovleg også i Noreg.

Neste treff Rotevatn igjen:

– I kveld skal årets idrettsnamn Cecilia Brækhus bokse i Danmark. Ho er eit norsk førebilete, og burde få lov til å bokse her. Det fortener ho, og det fortener Noreg.

Dei to boksarane begynner å bli andpustne no, og dommaren gir ein pause. Første runde er ferdig.

– Det er tøft, sjølv om han ikkje slår spesielt hardt. Ein kan berre tenkje seg korleis det er når det er profesjonelle folk som slår mot eit hovud utan hjelm. Det er synd at Venstre samstundes vil kutte i sjukelønnsordninga, seier Grande.

Andre runde

Første treff Grande:

– Boksing har alltid vore ein arbeiderklassesport, og vi i arbeidarklassen er opptekne av å verne om kvarandre. Vi ønskjer ein boksesport med godt utstyr, og som er prega av tryggleik.

Neste treff Grande igjen:

– Eg føler at det går framover i kampen på same måten som på meiningsmålingane. Vi går for å ta vare på kvarandre.

Neste treff Rotevatn:

– Venstres kamp har alltid vore den vesle sin kamp mot det store systemet. No møter eg det store systemet i form av Arbeiderpartiet. Dei er i ferd med å gå ned for telling, og det er eg veldig glad for.

No er det pause før tredje og siste runde. Begge boksarane hiv etter pusten, og Venstres Rotevatn må kjølast ned med vatn i ansiktet.

Siste runde

Første treff Grande:

– Det er lett å vere for boksing når ein har ein god boksar og populær utøvar som Cecilia Brækhus. Men Andreas Evensen fekk juling og vart hardt skadd i sin kamp. Dette er ikkje ein sport der ein kan skifte standpunkt for å score på meiningsmålingane. Boksing er ein idrett vi skal sikre går føre seg i trygge rammer. Det har vi oppnådd gjennom bokseforbundets reglar for amatørar der det er trygge rammer for alle utøvarane.

Neste treff Rotevatn:

– Eg er nok verdas dårlegaste idrettsutøvar. Men her går det bra, og når eg får det til, kan alle få det til. Og å gje ein sosialdemokrat juling, bør bli ein ny folkesport.

Neste treff Rotevatn igjen:

– No er kampen snart slutt, og eg er sliten – sliten av å kjempe for det openberre: At boksing bør vere lov, og at Cecilia Brækhus bør få bokse i Noreg.

Knapp siger

Sveinung Rotevatn og Arild Grande

Kampen er slutt og hjelmen er av

Foto: Axel Wilhelm Due / NRK

Så bles dommaren kampen av. Grande og Rotevatn takkar kvarandre for matchen. Men kven har vunne?

– Med knapp margin er det Sveinung Rotevatn frå Venstre som har vunne denne kampen, seiedommar Max mankovic og løfter Unge Venstre-leiaren sin arm i vêret.

– Det kjennest alltid godt å vinne. Vi får håpe det blir ein vane som vi gjentek også 9. september, seier Sveinung Rotevatn.

– Han slår ikkje så veldig hardt, men er ein god sparringpartner. Vi er rause, vi i dei store partia. Vi må la dei små få sleppe til. Men den verkelege kampen den skal stå no framover, seier Arild Stokkan Grande.

– Det er her som elles i livet: Det er betre å vere liten og kjapp enn stor og slapp, repliserer Rotevatn.

Siste nytt

  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Fire «debutanter» til sesongåpning

    Norges Skiforbund har offentliggjort uttaket for kommende helgs åpningsrenn i alpint i Sölden.

    Kvinnene sesongåpner verdenscupen med storslalåm lørdag, mens herrenes renn går søndag.

    Kvinner:

    Thea Stjernesund, Hakadal IL
    Mina Fürst Holtmann, Bærums Skiklub
    Kajsa Vickhoff Lie, Bærums Skiklub
    Madeleine Sylvester-Davik, Tertnes Alpin

    Menn:

    Henrik Kristoffersen, Rælingen Skiklubb
    Atle Lie McGrath, Bærums Skiklub
    Timon Haugan, Oppdal Alpin
    Eirik Hystad Solberg, Skiforeningen Stavanger
    Oscar Andreas Sandvik, Ready Alpin
    Rasmus Bakkevig, IL Heming
    Fredrik Møller, Oppdal Alpin

    Eirik Hystad Solberg, Oscar Andreas Sandvik, Rasmus Bakkevig og Madeleiene Sylvester-Davik får alle oppleve åpningsrennet for første gang.

    Eirik Hystad Solberg etter verdenscupdebuten i Kitzbühel
    Foto: Reuters
  • Vant i fjor – trekker seg fra sesongåpningen

    Alexander Steen Olsen trekker seg fra alpinistenes sesongåpning i Sölden kommende helg.

    Det bekrefter Norges Skiforbund. TV 2 omtalte saken først.

    Årsaken er at det unge stjerneskuddet fortsatt sliter med «Jumpers knee». Steen Olsen testet kneet i Sölden i helga, men reiser hjem til Oslo i dag.

    – Kneet fungerer ikke, og jeg reiser hjem for videre sjekk og behandling i samråd med det medisinske helseteamet til forbundet, sier Steen Olsen i en pressemelding fra Norges Skiforbund.

    Alpinisten sto også over flere renn sist vinter med kneproblemer. Til TV 2 forteller han at han nesten ikke har stått på ski i sesongoppkjøringen.

    Sist sesong vant han åpningsrennet, og ble til slutt nummer fire i storslalåm-cupen sammenlagt.

    Han vet foreløpig ikke når det kan bli aktuelt å konkurrere igjen.

    Alexander Steen Olsen
    Foto: Giovanni Auletta / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal