Shaun White har vunne OL-gull to ganger. Her under Vancouver i 2010.
Foto: Gerry Broome / APVM-arrangør Henning Andersen meiner half pipe-konkurransen i VM ikkje blir det samme utan Shaun White.
Foto: NRKOm drøye to månader kjem snowboardsportens absolutte verdselite til Oslo for å konkurrere om edelt metall under VM, som blir arrangert for første gang sidan 1999.
Det største usikkerheitsmomentet er om OL- og X-games vinnar Shaun White vil delta.
– Shaun White må komme. Vi kjem til å få stor merksemd rundt heile meisterskapen, men ein half pipe-konkurranse har ikkje like stor verdi om han ikkje er med, seier dagleg leiar for VM-arrangementet, Henning Andersen på VM-lansering i Oslo torsdag.
Håkonsen: – Han er den beste
Også tidenes største norske snowboardprofil ser helst at White deltek i VM.
Terje Håkonsen meiner at den amerikanske storstjerna bør bidra meir for å utvikle snowboardsporten, som ved å vere med under VM.
– Skal han halde fram med å køyre snowboard er det veldig bra for snowboardsporten å ha den beste med. Han er jo ein utruleg god half-pipe-køyrar, seier Håkonsen og legg til:
– Eg seier ikkje at han har eit spesielt ansvar. Men han kan godt stille meir opp for snowboarding når sporten har gjort han til den han er i dag.
- LES OGSÅ:
– White bør hjelpe sporten vidare
VM-arrangøren fører dialog med White som ikkje har køyrt konkurranse sidan han vann X-games-gull i half pipe i januar. Han er enno ikkje kvalifisert, men vil få wildcard (fripass) til meisterskapen om han melder interesse.
Håkonsen vil sjølv ta kontakt med utøvaren, som han meiner er for lite engasjert.
– Han er veldig distansert frå alt. I fjor køyrte han bare ein half pipe-konkurranse. White er hakket kvassare enn alle andre i half pipe. Då er spørsmålet: Går han vidare eller skal han bare halde på med skateboarding?, spør Håkonsen.
Brettguruen meiner snowboardsportens hollywood-stjerne kan bidra med meir enn å delta i VM.
– Han hadde vore bra å ha med til å utvikle nye kreative løysingar i sporten. Ein treng toppkøyrarane til å bestemme korleis sporten blir i framtida. Der kunne han stilt opp med veldig mykje, men han distanserer seg som sagt mykje når det kjem til sånne ting, seier Håkonsen.
– Viktig å ha best mogleg startliste
Heile 240 deltakarar kjem til VM for å bidra med sensasjonelle triks i mellom anna slopestyle og halfpipe.
23. januar vil det vere klart kven som har kjempa seg til ein plass i meisterskapen.
Då vil arrangøren forhåpentlegvis også kunne juble for å ha med eit half pipe-unikum frå USA på friplass.
– White er på mange måtar arvtakaren til Terje. Han har ei stor tilhengarskare, og er absolutt største actionsportstjerna i verda. Merksemda rundt White er stor, og om han deltek betyr det at vi får ei endå betre startliste som sjølvsagt er viktig for oss, seier arrangør Andersen.
Eit positivt teikn for VM-arrangøren er at White skal vere påmeldt til årets Dew Tour Nike Open, ifølgje arrangørens heimeside.
Utøvaren vil difor ikkje vere heilt vekke frå konkurransar før VM.