Granskar om kampfiksing kan ligge bak fotball-angrepet

Svensk fotball jobber nå på spreng for å finne ut kva som er årsak til overfallet på Östersunds målvakt mandag. Samstundes er det nå klart at målvakta er uskadd.

Angrep på keeper

ARRESTERT: 17-åringen som overfall Östersunds keeper, blir ført bort av politiet

Foto: MIKAEL FRITZON / AFP

Rett etter overfallet i går kveld tok det til å gå hardnakka rykte på sosiale media om at det var satsa ekstraordinært store summar på kampen mellom Jönköping Södra og Östersund i Allsvenskan.

Det har fått Svenska Spel – Sveriges motstykke til Norsk Tipping – til å bestille ein rapport om spelet på denne kampen, slik dei gjer når det er mistanke om kampfiksing.

Å få kampen avbroten i siste minutt, slik at spelarane skulle få innsatsen tilbake, kan ha vore ein backup-plan, skriv Expressen.

Kampfiksing er eit aukande problem også i Sverige, og så seint som i juni blei seks personar dømde til fengselsstraffer for kampfiksing.

– Men ved fleire av kampane som har blitt mistenkte for fiksing, er dei største innsatsane ikkje gjort i Svenska Spel, seier pressesjef Andreas Jerat til Göteborgs-Posten.

Uskadd

– Vi har bestilt rapporten for å finne detaljar om spelet på kampen. Vi vil vite kva som har hendt, sier Jerat.

Angrep på keeper

ANGREP PÅ KEEPER: Her blir Aly Keita angripen og skadd av den hettekledde 17-åringen

Foto: MIKAEL FRITZON / AFP

Det var på overtid i kampen, på stillinga 1-1, at overfallet skjedde. Medan spelet gjekk føre seg på andre enden av bana, sprang ein 17 år gammal tilskodar ut og gjekk til angrep på Östersunds målvakt Aly Keita.

Keita vart såpass skadd at han vart liggande ute på bana i åtte til ti minutt medan førstehjelpsfolka tok seg av han. Etterpå vart han send til sjukehus. Keita skal være fortumla, men fysisk uskadd, ifølgje rapportane tirsdag formiddag.

Etter 20 minutt mandag kveld vart det bestemt at kampen skulle avbrytast.

17-åringen vart overmanna, og sit no i arresten.

Laster Twitter-innhold

Magekjensle: Ingen kampfiksing

– Magekjensla seier at det ikkje er nokon kopling til spel på kampen. Men vi gjer dette for å vere på den heilt sikre sida, seier Jerat. Han håpar å få svar i løpet av føremiddagen.

Laster Twitter-innhold

– Men eg veit at mange reagerer på at 17-åringen er frå Södertälje. Og det var ikkje noko lag frå Södertälje som spela.

17-åringen er til avhøyr, men politiet er sparsame med kommentarar.

– Han har ikkje sagt stort, seier Tommy Thorngren, talsmann for Jönköping-polisen, til Dagens Nyheter. Avisa har heller ikkje fått nokon kommentar frå 17-åringens advokat.

Det svenske fotballforbundet har heller ikkje avgjort om resultatet 1–1 skal stå.

Siste nytt

  • United-aksjene stiger etter rykter

    Rykter om at Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman vurderer å kjøpe Manchester United har sendt klubbens aksjekurs opp 5 prosent, ifølge Sky News. Glazer-familien, som har eid Manchester United siden 2005, har ikke kommentert saken.

  • England med sterk seier mot Spania

    England slo Spania 3-2 på bortebane mandag i nasjonsligaen. Dette er første gang Spania slipper inn tre mål i en tellende hjemmekamp.

    Raheem Sterling
    Foto: Carl Recine / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Nasjonsligaen: Norge - Bulgaria