Hopp til innhold

Vart forskrekka då ho såg rovdyret utanfor vindauget: – Aldri sprunge så fort før

Synet som møtte Grace Bullen utanfor vindauget sette ein støkk i den VM-klare brytaren. Men det gav ho òg eit ekstra gir på løpetur.

Grace Bullen

TETT PÅ VILLMARKEN: Bullen filma det som blei litt av ei oppleving på treningsleir i Romania.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

VM på heimebane nærmar seg med stormskritt og Bullen satsar alt. Dei siste vekene har ho vore i Georgia og trent med ein av verdas beste mannlege brytarar.

Men det er ikkje den einaste store opplevinga ho har hatt på reise den siste tida.

Før sesongen var ho på treningsleir i Romania for å få trent i høgda, og det var ein tur ho tenkte kom til å bli god og tøff, både fysisk og mentalt.

Sistnemnde fekk ho kjenne litt ekstra på – men ikkje berre på grunn av brytetreninga.

Høyrde bjeffing

Før Bullen reiste til Romania fekk ho nemleg beskjed av trener George Costin at det kunne vere brunbjørnar i området dei skulle til.

– Noko som eg ikkje trudde på, fortel Bullen.

Men like etter at ho kom inn frå ei trening utandørs, så fekk ho et syn ho seint kjem til å gløyme.

  • Sjå Bullen og resten av brytelandslaget i «Hodet i klemme» i NRK TV:

– Rett etter at vi var ute og hadde vår siste utetrening, så høyrer eg eigentleg berre ein hund som bjeffar innmari mykje. Mykje meir enn den har gjort dagen før, startar Bullen historia.

Bullen sat inne på rommet sitt da ho høyrde lyden, og gjekk rett bort til vindauget.

– Eg ser ut, og så ser eg berre ein bjørn som passerer hotellet som vi er i, fortel 24-åringen, som var veldig glad for at ho hadde komme seg inn før «beistet» dukka opp.

– Aldri sprunge så fort

Bullen tok opp mobilen og filma det ho såg nede på plassen utanfor hotellet. Ein svær brunbjørn tusla forbi, med ein hund springande hakk i hæl.

– Det gjer noko med deg når du ser utanfor vindauget og du er 50 meter frå den bjørnen. Heldigvis så er det fem etasjar opp, fortel Bullen.

Og så kom ho på at ho skulle ut og springe dagen etter. Ein skremmande tanke etter nettopp å ha sett det store dyret passere utanfor.

Men likevel, vel vitande om at det var bjørn luskande rundt i nærområdet, reiste Bullen ut på springetur dagen etter. Sjølv om ho var litt i tvil både før og undervegs.

– Eg var heldigvis ikkje åleine akkurat den dagen, så eg kunne dytte nokon framfor meg for å komme meg trygt heim eigentleg, seier ho og ler.

– Det er skummelt. Eg trur eg aldri har sprunge så fort før.

  • Årets VM i bryting arrangerast på Jordal i Oslo og startar 2. oktober. Frå 6. oktober kan du sjå meisterskapet på NRK1 og NRK2 – eller i NRK TV.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal