24-åringen frå Lillehammer hadde femte beste tid i seedinga til kvinnenes skicross av totalt 28 utøvarar. Gjefsen var 0,88 sekund bak kanadiske Kelsey Serwa (24) som var raskast i den 1250 meter lange løypa.
Kom i eit tøft heat
Seedinga avgjorde oppsettet i åttandedelsfinalane.
– Eg hadde ei kjempegod kjensle etter kvalifiseringa, hadde trua og var roleg før start, sa Gjefsen til NRK.no.
Den norske jenta vart sett opp i eit tøft heat trass si gode seeding. Ho køyrde i det tredje åttandedelsheatet mot sveitsiske Katrin Müller, russiske Anastasiia Chirtcova og chilenske Stephanie Joffroy.
Etter ein jamn start i heatet, fall 24-åringen raskt ned til ein tredjeplass. Den klarte ho aldri å avansera og vart til slutt nummer tre i sitt heat, og rauk ut av konkurransen.
– Det vart ein kort dag dette. Eg hadde vanskar med å køyra forbi, og var nok litt for passiv, sa det norske medaljehåpet.
Skal læra av gutane
Jenta frå Lillehammer, som vann X Games i Aspen i 2012, tek likevel med seg erfaringa vidare og ser framover.
– Det er ei god erfaring. Både kvaliken og treninga har gått som planlagt her borte.
Gjefsen meiner ho har mest å gå på når ho vert liggjande bak i heata.
– Eg må trena meir på heatkøyring og det å liggja bak. Gutane er tøffare, så eg må sjå meir på dei, konkluderte Gjefsen til NRK.no.
24-åringen har ein fjerdeplass som sesongbeste – den kom i franske Val Thorens i midten av januar. Neste verdscup går i Arosa i Sveits.