Hopp til innhold

Britisk stjerneskot yppar seg med «norsk metode»: – Dette er plan B!

Den britiske løparen George Mills (25) har fått gjennombrotet sitt med ei oppskrift som lyder velkjent.

Mills Jakob Ingebrigtsen

UTFORDRAR INGEBRIGTSEN: George Mills har tatt store steg det siste året. Her er dei to på pallen saman etter 5000-meteren i EM tidlegare i sommar. 

Foto: AP

Det er veldig likt den norske metoden. Trenaren har vrien sin, men grunnlaget i treninga er terskelbasert. Særleg gjennom vintermånadene, seier George Mills til NRK.

Han møter oss ved ein parkbenk like ved St. Moritzersee, eit steinkast frå anlegget som sommarmånadene husar dei beste løparane i verda.

Nå står det att berre to vekers arbeid før han skal i aksjon i Paris, som ein av tre britar både på 1500 meter og 5000 meter.

Les også Program for friidrett i 2024

Friidrett

Dagleg minnest han på konkurransen som ventar. Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås travar også rundt i den sveitsiske fjellheimen på jakt etter det same: olympisk suksess.

Det kan verke som du er den første briten som verkeleg utfordrar nordmennene med deira eigen metode?

Som ein trojansk hest? Ja, litt sånn, flirer Mills, og fortset:

Eg veit ikkje korleis alle dei andre trenar, men dei siste to verdsmeistrane har vore britiske, så dei gjer noko rett. Det systemet fungerte ikkje for meg, mens systemet som var mest basert på uthald gjorde det. Eg trur det er slik eg kan hevde meg på han største scena, seier Mills.

George Mills

ELSKAR LIVET PÅ LEIR: George Mills taklar livet på farten betre enn dei fleste.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Noregsvennen Mills

Dei to verdsmeistrane er Jake Wightman og Josh Kerr, som snappa VM-gulla framfor Jakob Ingebrigtsen i Eugene og Budapest.

Men i motsetning til dei to andre er Mills – til så lenge – for ein noregsvenn å rekne: Han trenar med Jacob Boutera, gjestar hyppig podkasten «Breaking Marathon Limits» og har til og med lært seg litt norsk.

– Terskel, seier Mills med britisk aksent.

– Kan du nokon andre norske ord?

– Nei.

Men det er kanskje det viktigaste han har lært i karrieren til nå.

Eg pleidde å vere heilt sluttkøyrd heile tida. Etter kvar økt låg eg langflat på banen. Det var kanskje ikkje bodskapen frå trenaren, men det var sånn eg tolka det, og det var sånn eg også ville trene, forklarer Mills.

George Mills

KONTROLLERT: Mills spring 10x1000 meter med god styring på intensiteten.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Det var berre å springe for livet kvar einaste auka og sjå kva som skjedde.

Det endra seg for to og eit halvt år sidan.

– Eg var veldig naiv

Nå trenar han med On Europa-gruppa. Dei blir leia av den tyske trenaren Thomas Dreissigacker. Mannen med det umoglege etternamnet blir stort sett berre kalla ved fornamn eller «coach».

Eg var heldig som fekk bli med Thomas da eg var 22, og han har lært meg ein måte å trene på som er veldig berekraftig for meg, som eg trur vil fungere for oss på lang sikt.

Les også Takker Ingebrigtsen etter eventyrlig suksess: – Reddet karrieren min

Athletics Diamond League Bauhausgalan

Systemet minner veldig mykje om den «norske modellen», og treninga som blir gjennomført av Ingebrigtsen og Nordås.

Eg hadde aldri målt laktat (mjølkesyreverdiar) før eg blei med Thomas, så eg var veldig naiv og ville ikkje ha gjort det rett uansett.

Grovt forenkla handlar det om å ha eit høgt treningsvolum. Dei rolege øktene går føre seg roleg. Når farten blir skrudd opp søkar ein å finne så høgt fart som kroppen toler utan at han produserer mjølkesyre, altså terskelfarten. Det blir sjeldan trena så hardt at ein klemmer bøtta etter øktene.

I Storbritannia er det ikkje så mykje terskelbasert arbeid, det er meir spesifikt. Så det tok litt tid å få til den forandringa, for å sjå fordelane av det. Men nå trur eg vi er på ein bra stad, der det høge volumet, terskelen og slike ting verkeleg blir spegla i resultata, seier Mills.

Norsk ros: – Ekstrem dedikasjon

Jacob Boutera møtte briten for første gong i USA. Han meiner det er éin ting som gjer 25-åringen unik.

Det som skil seg ut er heilt klart ekstrem dedikasjon. Eg har kjent han i to år, og det har vore ei veksande greie. Han har blitt meir og meir opptatt av å vere ekstremt profesjonell på alle område.

EM friidrett 2024 i Roma

NORSK KOMPIS: Jacob Boutera.

Foto: Heiko Junge / NTB

Boutera meiner det truleg berre er Ingebrigtsen og Nordås av konkurrentane som ligg på samanliknbar mengde kilometer i veka.

Mills svarar med eit smil når han blir spurd om kva han liker best med livsstilen:

Eg vaknar, trenar, søv, trenar, fysio, strekker meg og legg meg. Frukost, lunsj og middag mellom oppgåvene. Det er noko eg liker ved det kjedelege, ærlege arbeidet.

Og så legg Boutera til at det ikkje berre handlar om det fysiske:

Det er litt mentaliteten også. Når han presterer godt, så er det så vidt han gir seg sjølv ein klapp på skuldra. Det handlar om kor langt bak han var Jakob eller vinnaren.

England-helt som far

Som son av den tidlegare Leeds- og England-backen Danny Mills, har idretten vore ein del av livet sidan han var liten gut. Fotballen var berre ikkje noko for han. Da han innsåg talentet ikkje var til stades, blei det løping.

Eg var ikkje god nok. Dette er plan B! Nei, eg tullar, flirer Mills.

Fotball var min første kjærleik. Og så, antakeleg rundt då eg var 15 eller 16 år, skjønte eg at eg ikkje kunne spele på høgt nivå.

Nå ser det ut som han gjorde lurt i å skrote fotballambisjonane.

Danny Mills

KJENT FAR: Danny Mills (venstre) har ein innhaldsrik karriere bak seg som fotballspelar. Her frå ein kamp for Manchester City mot Portsmouth i 2005. Laurent Robert til høgre.

Foto: PAUL ELLIS / AP

Jaktar første siger

Han kom seg ikkje med til VM i Budapest sist sesong, men viste seg frå si beste side i konkurransane like etter VM:

  • 4.-plass på 1500 meter bak VM-gullvinnar Josh Kerr, Yared Nuguse og Abel Kipsang under Diamond League i Zürich.
  • 3.-plass på éi engelsk mil bak Jakob Ingebrigtsen og Nuguse i Diamond League-finalen i Eugene.

Nå har han definitivt slått gjennom med 2.-plass i Marrakech og EM-sølv på 5000 meter i Roma, og dessutan dobbel OL-deltaking i Paris.

Når det gjeld ambisjonane i OL vil han ikkje sette avgrensingar for seg sjølve. Draumen er den same som alle andre har – å dra heim med gull.

PS! Laurdag stiller Mills til start på éi engelsk mil under Diamond League-stemnet London, der han møter Nordås til duell. Sendinga ser du på NRK 1 frå klokka 15.00.

Siste nytt

  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters
  • England klar for VM etter storseier

    5-0 og booket plass i neste års VM som første europeiske lag.

    Oppgjøret i Riga ble aldri spennende. England hadde full kontroll og ledet 3-0 til pause.

    Anthony Gordon skrudde inn åpningsmålet etter en snau halvtime, mens Kane gjorde to kjappe i det 44. og 45. minutt.

    Det skjedde etter at England-kapteinen hadde sløst med sjansene. Kane scoret først på et distanseskudd, og fra straffemerket økte han til 3-0.

    Bayern München-spissen er med sine 76 mål på 110 kamper med klar margin tidenes mestscorende spiller for England.

    Etter hvilen kom 4-0 etter et selvmål av Maksims Tonisevs. Mot slutten kom også innbytteren Eberechi Eze på scoringslista.

    Thomas Tuchels lag har full pott (18 poeng) og målscoren 18-0 etter seks kamper.

    Det er 17. gang at Englands er klar for VM på herresiden. Nasjonen har ikke feilet med å ta seg til et verdensmesterskap siden «Three Lions» ble treer i en kvalifiseringspulje Norge vant foran 1994-sluttspillet.

    Neste års VM spilles i Canada, Mexico og USA.

    (NTB)

    Harry Kane,
    Foto: AP
  • Storhamar videre i mesterligaen – slo tysk topplag

    Storhamar måtte vinne i ordinær tid for å være sikret mer spill i Champions Hockey League. Under press ble Pinguins Bremerhaven slått 2-1.

    I kampen som var en ren finale om avansement til åttedelsfinalene, sto Axel Sandnes og Sander Dilling Hurrød fram med hver sin scoring.

    Storhamar ledet 2-0 i egen hall etter snaut en halvtime. Etter det spilte Petter Thorense menn på resultat og holdt akkurat unna.

    Med under seks minutter igjen skjøt Jan Urbas inn den tyske reduseringen.

    Storhamar vant tre av seks kamper i ligaspillet, og med ni poeng er klubben garantert å ende blant de 16 beste på tabellen.

    Forrige sesong tok Pinguins Bremerhaven seg til kvartfinale i mesterligaen. Laget er for tiden nummer tre i hjemlig serie i Tyskland.

    (NTB)

     Petter Thoresen og Storhamar
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal