Landslaget er stappfulle med sjølvtillit etter 3-0 mot Tsjekkia. Om tre veker ventar Island i den tredje siste EM-kvalifiseringskampen.
Ein siger mot øylandet på Ullevaal 2. september er eit viktig grunnlag for håp om sluttspelplass.
Men sjølv om Norges menn stod fram som eit EM-lag på Ullevaal i går, åtvarar landslagssjef Egil Drillo Olsen mot neste motstandar i kvalifiseringa.
– Vi skal passe oss for å ta av. Eg veit at Island har tapt mykje mot Ungarn, men det blir ingen walkover. Vi skal førebu oss på same måte og veit at Island vil yte motstand til tusen, seier Olsen.
Nesbø: – Må ha poeng mot Danmark
Etter bataljen mot Island følgjer oppgjeret mot Danmark i Parken.
Der er landslaget heilt avhengig av minst eitt poeng for å få EM-plass, trur Knut Nesbø, programleiar i NRK Sporten.
– Eit godt resultat mot Danmark er heilt avgjerande. Med uavgjort klarar vi «play-off»-plass, sett at vi slår både Island og Kypros, seier Nesbø.
Med uavgjort mot Danmark og siger mot Island og siste motstandar Kypros har Norge 17 poeng.
– Det er nok for å komme til EM, sa Drillo i fjor.
Og det er akkurat det landslaget treng for å leve i håpet.
Må unngå tap for alt det er verd
Portugal, Danmark og Norge ligg alle med 10 poeng og har tre kampar igjen å spele.
Portugal må nok reknast som favoritt i gruppa.
Danmark kan med siger mot Norge og Kypros samt tap mot Portugal hamne på 16 poeng.
Vinn Norge mot Kypros og Island, men tapar mot Danmark er også «Drillos» på samme poengsum.
I det scenarioet tek Danmark 2. plassen i gruppa, framfor Norge på innbyrdes oppgjer.
Difor blir Norges hovudoppgåve å unngå tap mot danskane for alt det er verd.
Semb: – Glad angrepsproblemet er løyst
Det ligg difor an til ein spennande innspurt mot Europameisterskapen i Polen og Ungarn neste år.
Fotballsjef i NFF, Nils Johan Semb, meiner landslaget i alle fall har kapasiteten til å bite godt ifrå seg sjølv om det skulle oppstå skader.
– Vi har eit ungt lag og er på veg til å ha god dobbeldekning i alle ledd, seier Semb.
Han er imponert over den defensive tryggleiken Norge viser.
– Tidlegare har det kladda litt i angrepsspelet. I fjor laga vi mange sjansar og scora mange mål, men framfor Tsjekkia-kampen har det vore ganske tungt sjansemessig. Det er eg glad for å sjå at vi har løyst, seier Semb.
Men trass i store prestasjonar mot Tsjekkia blir det ein annan kvardag når landslaget tek til med EM-kvalifisering.
– Då blir resultatet viktigare enn prestasjonen. Men kan vi ta med oss dette til kvalifiseringa er det ingenting som ville vore betre, seier Morten Gamst Pedersen.
Irriterande ekkelt møte med Island
Arne Scheie meiner forventningane no er større til det norske landslaget. Trua på Norge er styrka, fortel fotballkommentatoren.
– Absolutt. Etter kampen onsdag viser vi at vi kan variere meir i spelet. Held dette fram trur eg Norge kan vinne i København, seier Scheie.
Men først står Island for tur. Knut Nesbø er einig med landslagssjefen i at også den kampen blir vanskeleg.
– Landslaget har ikkje blitt veldig mykje betre til å spele fotball den siste tida. Island er meir fysiske enn Tsjekkia, og difor trur eg kampen blir irriterande ekkel, seier Nesbø.