– Det er nedturane ein hugsar etter ei lang karriere, seier Robben. Her misbrukar han kampens største målsjanse i VM finalen mot Spania for to år sidan. Spanjolane vann seinare 1-0.
Tenk deg at du speler på heimebane i meisterligafinalen, får ta straffespark og kan avgjøre verdas største klubbturnering framfor titusenvis av triumftørste Bayern München-fans.
Du har alt å revansjere: Eit tidlegare meisterligatap, tap i VM-finale, fiaskoperiode i ein av verdas største klubbar (Real Madrid), og to år i vissheit om at laget du speler for ikkje er det beste i tysk serie.
Du har matchballen, men bommar, og laget ditt taper til slutt når det gjeld som mest.
Robben: – Det er slike ting ein hugsar
Arjen Robben, som fekk denne sjansen for bare ein månad sidan, har sjølv forklart kor smerteleg noko slikt kan opplevast i fotball.
– Eg har enno eit par gode år igjen som fotballspelar, men det er slike augneblink ein hugsar når ein ser tilbake på ei lang karriere, seier Robben.
Trygla tyskarane etter tapet
No er den fotrappe nederlendaren sakte, men sikkert på veg mot ein ny mørk periode som fotballspelar. Denne gangen i EM i Polen og Ukraina.
Sjokktap for Danmark og nederlag mot eit suverent Tyskland onsdag. Det er fasiten for Nederland og Arjen Robben etter to kampar av gruppespelet i europameisterskapen.
Fotballnasjonen, som spelte VM-finale mot Spania så seint som for to år sidan, ligg på siste i gruppa si med 0 poeng.
No kryssar han fingrar og tær for at formlaget Tyskland, som ligg først i gruppa med seks poeng, skal vinne mot Danmark i siste seriekamp. Bare slik kan dei oransje ta seg vidare.
Robben har også minna tyskarane på at dei bør ta oppgåva mot Danmark seriøst.
– Dei sa til meg at dei skulle gå for å vinne, sa han til De Telegraaf etter kampen onsdag.
– Vi vil også gjøre vårt for å klare det, la han til.
VIDEO: Nederland går på ein smell mot Danmark i EM-opninga (saka held fram)
Danmark - Nederland, høgdepunkt.
Her er Robbens store nedtur-liste
Robben og lagkameratane må vinne med to mål mot Portugal for å ha nokon som helst moglegheit for å nå kvartfinale. Samstundes må Tyskland som kjend nedsable danskane.
Om dei ikkje klarar avansement blir Robbens liste over store fadesar endå lengre, og kan raskt komme til å sjå slik ut:
- Mai 2010: Robben speler meisterligafinale for Bayern München mot Inter og sin gamle trenar José Mourinho. Lynvingen må gå skuffa av banen etter å ha blitt slått 2–0 av italienarane.
- Juli 2010: Nederland speler finale i VM. Aleine med Spanias keeper Iker Casillas får Arjen Robben kampens kanskje største målsjanse, men sisteskansen reddar ei avslutning som burde gått i mål. Hadde Robben sett ballen i nettet ville det stått 1–0 til Nederland. Spania vann seinare finalen med nettopp 1–0.
- Mai 2012: Bayern München har igjen kjempa seg til finale i meisterligaen. På stillinga 1–1 i første ekstraomgang får tyskarane straffe, og Arjen Robben stig fram for å sende laget mot triumf. Slik går det ikkje. Robben bommar, og Chelsea vinn seinare kampen på straffekonkurrans. Meisterligatittelen glepp for nederlendaren nok ein gang.
- 2011 og 2012: Bayern München, som i fleire år før Robbens framkomst regjerte i tysk seriefotball, må sjå Borussia Dortmund stikke av med gullet i Bundesliga.
- Tenkt scenario – juni 2012: Nederland, som av mange blei tippa som ein av favorittane i EM ryk ut av meisterskapen i gruppespelet. Med ein anonym Arjen Robben på kanten har dei oransje underprestert og skuffa forventningsfulle fans.
Les meir under biletet ...
Her reddar Chelsea-keeper Petr Cech straffesparket til Arjen Robben i meisterligafinalen. Ei scoring kunne ha avgjort det heile til fordel for tyskarane. I staden blei det tap etter straffekonkurransar.
Foto: DYLAN MARTINEZ / ReutersVENNSKAP, MEN IKKJE TILLIT: Arjen Robben og José Mourinho spøker under meisterligasemifinalen mellom Bayern München og Real Madrid tidlegare i år. Mourinho selde Robben frå Chelsea i 2007, og skal ha forklart det med at Robben var for udisiplinert.
Foto: MLADEN ANTONOV / AfpSNURT: Landslagssjef Bert van Marwijk etter nok eit tap i EM onsdag.
Foto: YVES HERMAN / ReutersMourihno: – Manglar vinnarvilje
Det skal vere sagt at 28-åringen til tider har prestert som ein nøkkelspelar for kvar europeisk toppklubb han har vore i. På landslaget har han også assistert og levert scoringar.
Men likevel har han ei solid liste med nedturar i avgjørande augneblink. No er det ikkje sikkert at han og landslagskameratane kjem seg til dei viktige kampane i det heile.
Om ein skal tru gamletrenar José Mouhrino, som selde Robben frå Chelsea i 2007, skuldast dette at kantspelaren manglar «killer-instinktet» når det verkeleg gjeld.
– José har alltid sagt det: Arjen manglar disiplin og ein sterk vinnarvilje, sa Mourinhos talsmann, Eladio Parames, til Daily Mail tidlegare i år.
Forbanna trenar framfor gruppefinale
Sjølv om Nederland-trenar Bert van Marwijk var forbanna på store delar av laget i går, påpeikte han at hovudårsaka til at spelarane ikkje var meir farlege framover låg i kantspelet.
Der har Robben eit stort ansvar.
– Alt for mange spelarar hadde ein middelmåtig kamp, og vi var ingen trugsel på kantane, sa van Marwjik etter tapet.
På jakt etter utlikning på stillinga 2–1 til Tyskland, blei Robben byta ut då det stod igjen åtte minutt av ordinær tid.
Men truleg vil han vere sentral igjen når det står mellom avansement og pinleg avskjed i neste og kanskje siste oppgjør for Nederland i EM 2012.
– Situasjonen er framleis slik at vi har sjansen til å gå vidare, seier ein enno optimistisk van Marwijk ifølgje ekstrabladet.dk.
Dermed står Robben på mange måtar framfor ein ny finale når kvartfinaletørste Portugal er motstandar i Krakow om bare tre dagar.
Spørsmålet er om den vonde trenden vil snu om han lukkast der.